Dette er ei oppsummering av eit innlegg eg heldt på eit seminar om framtida til Borregaard når Orkla skal selje bedrifta.
Eg har jobba i industrien, nærare bestemt Elkem, i ein liten mannsalder. Eg har også jobba ein periode ved Universitetet i Agder der eg samarbeidde med ulike industribedrifter. Det har gitt meg erfaring med industrielt eigarskap og industriell utvikling. Mitt utgangspunkt er at vi bør ha nasjonalt eigarskap i strategisk viktige bedrifter i bransjar som er viktige for norsk industriutvikling. Om nødvendig bør staten medverke ved å gå inn på eigarsida.
Det er ikkje slik at norsk eigarskap alltid er betre enn utanlandsk. Vi har mange eksempel på godt industrielt eigarskap av utanlandske eigarar, og vi har dårlege eksempel av norske eigarar. Ein del av smelteverka i Elken blei for mange år sidan kjøpt opp av det franske selskapet Eramet. Mange vil vel meine at dei har vist minst like godt industrielt eigarskap som Orkla som overtok resten av Elkem.
Men på eit område er det forskjell. Langsiktig forsking og utvikling som ligg utanfor dagens forretningsområde, og som ein skal leve av i framtida, blir gjerne lagt til heimlandet. Utanlandske eigarar kan satse her i landet, og dei kan drive forsking for å styrke konkurranseevna på det aktuelle forretningsområdet. Men den langsiktige forskinga blir oftast lagt der konsernet har sin heimebase.
Dersom vi får berre utanlandske eigarar i ein strategisk viktig bransje, kan det føre til mindre forsking på nyte område og redusert vår evne til å møte nye utfordingar. På litt lengre sikt kan det gå ut over vår industrielle kompetanse og vår innovasjonsevne.
Borregaard er ei innovativ bedrift i ein strategisk viktig bransje. På bakgrunn av det som er sagt ovanfor, er det ei bedrift der norske eigarar bør ha ein sentral posisjon. Sidan vi har mangel på industrielt privat eigarskap i Noreg, bør staten ta eit ansvar her, utan at eg her vil ta stilling til kva modell ein bør bruke.
Til sist vil eg peike på at prosessindustri er ein bransje der innovasjon er kapitalkrevjande. Produkt- og prosessutvikling på laboratoriet kan koste millionar. Men skal ein opp i full skala blir det raskt hundretals millionar, og då trengst det investeringskapital.
Alf Holmelid