Annonse
Annonse
Annons
Annonse
Annonse
Bjørg Bergheim
Innlegg: 1
Kommentarer:

Ikkje rør barnetrygda

- 1060 visninger Innlegg

Dagens barnetrygd er ei universell og god ordning som fungerer godt.

Leiar av Senterpartiet sin programkomité, Trygve Magnus Slagsvold Vedum, gjekk i Dagsrevyen sist fredag ut og sa at Sp vil målrette barnetrygda mot dei minste barna. Dette er Senterkvinnene ikkje samde i.

Dagens barnetrygd er ei universell og god ordning som fungerer godt. Den går til å dekke dei daglege utgiftene, som mat, klede, utstyr, skulemateriell og liknande.

Det blir ikkje billegare for ein familie når barna blir eldre. Dei skal gjerne vere med på ulike aktivitetar som fotball, korps, alpint, speidar og så vidare - i tillegg til ordinær skulegang. Det kostar å vere ung i dag, og Senterkvinnene meiner det er viktig at vi har ordningar som gjer at den sosiale ulikskapen mellom barn og unge vert minst mogleg.

Når barna blir større, forstår dei mykje meir kva skeivfordelinga av økonomien i samfunnet betyr for dei personleg. Å vere tenåring i ei «fattig familie» er verkeleg vanskeleg. Det er veldig sårt for ein ungdom å merke at familien ikkje har råd til å vere med på dei same aktivitetane som andre. Slikt skapar skilje og fattigdomsfølelse. Ved å målrette barnetrygda mot dei minste barna og dermed ta den vekk frå tenåringane, er vi med på å forsterke dette.

Ved familieoppløysing, som vi veit skjer i mange familiar, blir det ikkje enklare å greie å betale alle aktivitetar. Då er barnetrygda god å ha for mange, også etter at barnet er ferdig med ungdomsskulen.

Som medlem i Senterpartiet sin programkomité vil eg kjempe mot den målrettinga av barnetrygda som Slagsvold Vedum føreslår.

Publisert på Dagsavisens debattsider samme dag.

Del dette innlegget: