Vårt eksportretta næringsliv står overfor krevjande utfordringar. I denne situasjonen er det underleg at Bernander vel å fokusere på privatisering av offentleg sektor. Det verkar som om han er meir opptatt av høgreideologi enn av næringsutvikling.
Finanskrisa har ramma viktige marknader for vår eksportindustri, konkurransen frå nye framveksande økonomiar hardnar til, og klimautfordringane står for døra. I andre bransjar er det stor aktivitet, og personalsjefane slit med å få nok kompetent arbeidskraft. Men NHO vel å sjå bort i frå desse dramatiske utfordringane og fokusere på privatisering av offentleg sektor på sin årskonferanse.
I år valde eg derfor å droppe NHO-konferansen og i staden dra på besøk til Alcoa sitt aluminiumsverk på Lista. Der blei eg presentert for eit spennande FOU-prosjekt som kan revolusjonere verdas aluminiumsproduksjon. Det er slike innovative satsingar vi må ha mange av dersom norsk industri og teknologisk kompetanse skal overleve. Prosjektet har fått støtte frå den nye miljøteknologiordninga i Innovasjon Noreg, og denne støtta har medverka til at konsernet la det spanande utviklingsprosjektet til eit norsk verk.
Vi diskuterte kva rammevilkår som må til for å drive slik langsiktig og kostnadskrevjande teknologiutvikling, og vi var innom det mangfaldet av fagkompetanse og forskingskompetanse som trengst for å lukkast. Den nye teknologien sin plass i ein framtidig energimarknad og industristruktur blei også drøfta. Og vi kom ikkje utanom den krevjande situasjonen som denne industrien står midt oppe i.
Dette er berre eit lite eksempel, men det er symptomatisk for dei utfordringane vi står overfor om vi vil ta vare på vår teknologisk leiande industri. Når NHO i denne situasjonen vel å fokusere på privatisering i offentleg sektor, så gir det eit underleg signal. Nedprioriterer Bernander innovasjon og eksportindustri til fordel for ein ideologisk fundert kamp om ein større del av aktiviteten i offentleg sektor?
Alf Holmelid
næringspolitisk talsperson i SV