Annonse
Annonse
Annons
Annonse
Annonse
Hanne Blåfjelldal
Innlegg: 30
Kommentarer: 1

Med lærelyst i augo

- 1171 visninger Innlegg

Måndag for ei veke sidan var eg så heldig å få vere med 22 spente skuledebutantar på deira fyrste skuledag.

I klasserommet var det også foreldre – fleire foreldre enn elevar. På fyrste skuledag stiller alle opp, alle er stolte, spente og gler seg til ti års skulegang.

For å halde på lærelysten hjå den enkelte elev, er det lite som er viktigare enn å aktivisere foreldre. Å hindre «foreldrefråfall» gjennom skulegangen er viktig for å førebyggje at elevane fell frå.

Vi har eit potensial i norsk skule til å involvere foreldre meir aktivt i ungane sin skulegang. Det handlar om meir enn godt samarbeid mellom heim og skule. Det handlar minst like mykje om godt samarbeid mellom foreldre.

Elevar som går i klasser der foreldre kjenner kvarandre godt vil prestere betre både fagleg og sosialt, er det forsking som viser. Det seier seg sjølv at viss foreldra kjenner kvarandre godt, vil dette også smitte over på elevane. Å jobbe aktivt med foreldrenettverk, er difor ei viktig oppgåve.

Elevar vil ikkje mobbe ungar til foreldre deira eigne foreldre kjenner godt. Difor vil godt samarbeid mellom foreldre kunne føre til eit betre klassemiljø og mindre mobbing. Mobbing er eit samfunnsproblem like mykje som eit skuleproblem. Her har foreldre ei viktig oppgåve på det haldningsskapande og førebyggande plan.

Skulane skal sjølvsagt ta ansvar for eit godt psykososialt miljø, men det er minst like viktig at foreldra ser sitt ansvar i høve til å skape eit godt klassemiljø. Vi som lærarar klarar ikkje lukkast fullt ut med dette viss vi ikkje har foreldre med på laget.

Vi som lærarar har eit ansvar for å formidle til foreldre at vi ser på dei som ein ressurs, og at vi ønskjer meir medverknad enn berre å lage kake til foreldremøta. Vi må ikkje sjå på foreldre som brysame og som noko som skapar meirarbeid. Dette kan vi gjere enkelt med å starte med forventingsavklaringar mellom heim og skule, god informasjon om foreldre sine rettar og pliktar, og skape forståing for kor viktig det er med foreldrenettverk.

Vi treng krevjande foreldre. Ved å bli stilt krav til, så blir vi i skulen betre. Det er ikkje meininga at foreldre skal vere faglege ekspertar, men at dei skal vise interesse for læringsarbeid og at dei pratar positivt om skulen. Slik kan vi lettare bevare lærelysten i augo til elevane gjennom heile skulegangen.

Blåmandag [...] Innlegget er også merket med:
Publisert i Dagsavisens papirutgave samme dag.

Del dette innlegget: