Hege Ulstein er på nytt ute for å skremme folk med innlegget ”Null Hull” på nyemeninger.no. Ho vil at Noreg skal slutte med å leite etter olje og gass, og viser til påstandar frå miljøaktivist Bill McKibben. Ulstein skriv om energi og klima, men har ein miljøaktivist greie på det?
Den første påstanden er at temperaturen ikkje må stige med meir enn to grader etter 1850. Det har politikarane ved FN’s klimapanel bestemt, politikarar som TRUR dei kan forandre på naturlovene. Men temperaturen går stadig nedover, så det kjem dessverre ikkje til å skje, endå det beste for jorda hadde vore om temperaturen hadde gått opp 4-5 grader.
Dei to neste påstandane handlar om verdiar for utslepp av fossil CO2, som er mindre enn 4% av alle utslepp av CO2? Påstand nr. 2 er at me må ikkje sleppe ut meir enn 565 gigatonn CO2 før 2050 for å unngå høgare temperatur. Den tredje påstanden er at alle kjende reservar av fossil energi kan frigjera 2795 gigatonn CO2 når dei blir brende. Ingen av påstandane er dokumenterte.
Påstand nr. 2 held ikkje mål. Eg har før påvist her på nyemeninger.no at det er ein bløff at utslepp av CO2 til atmosfæren kan føre til målbart høgare temperatur. Sjølv om CO2-mengda i lufta likevel skulle tidoble seg, kan temperaturen maksimalt stige nokre promille av ein grad.
Den tredje påstanden kan godt vera rett. Men det ”skremmande” talet 2795 gigatonn CO2 er heller ikkje så skremmande. Det er nesten nøyaktig så mykje CO2 som det er i atmosfæren frå før, slik at eit momentant utslepp kom til å doble CO2-mengda til 780 ppm ein kort periode. Det er likevel lite i forhold til ei sjudobling på 2700 ppm, som er middeltalet dei siste 600 mill. år med verdiar opp til 7000 ppm.
Det viktigaste å få med seg er at naturen sjølv regulerer CO2-mengda i lufta med hjelp av CO2-balansen mellom luft og vatn som er som 1: 50, ein del CO2 i luft i forhold til 50 delar CO2 i vatn. CO2-balansen er avhengig av temperaturen. Kaldt hav løyser opp overflødig CO2 i lufta. Det skjer om vinteren og i polare strøk. Varmt hav må gje frå seg CO2 til lufta. Det skjer om sommaren og i tropiske strøk, ein sirkulasjon på til saman 500 gigatonn CO2 per år fram og attende. Fossile utslepp av CO2 på om lag 30 gigatonn per år blir med i denne sirkulasjonen, på same måte som utsleppa av CO2 frå jordskorpa og vulkanar på kanskje 60 gigatonn har vorte regulerte ned i havet i mill. av år.
Dei massive utsleppa av CO2 frå det indre av jorda har alltid ført til overflødig CO2 i atmosfæren, men har vorte løyst opp i havet. I havet blir overflødig CO2 avleira som karbonat i sedimentære bergartar på havbotnen, m.a. kalkstein, krit og marmor i samsvar med Guldberg-Waage-lova, ei grunnlov i fysikalsk kjemi, den einaste naturlova som har fått namn etter norske vitskapsmenn. Det er meir enn merkeleg at Noreg overser ei så sentral naturlov så lenge, for deponering av CO2 under havbotnen er fullstendig bortkasta arbeid og pengar.
Ulstein vil at Noreg straks skal slutte med å leite etter gass og olje. Ho bør lesa innlegget ”Vindmøller – til liten nytte” av Odd Handegård, som vart lagt inn på nyemeninger denne veka, 7. aug., men vart fjerna av moderator Stian Bromark etter kort tid. Eg nemner den massive og meiningslause satsinga på dei ustabile vindmøllene som er prosjekterte, med ein produksjon som kostar over to kr per kWt i forhold til mindre enn 10 øre per kWt for jordvarme. Denne overskotkrafta skal deretter sendast til utlandet for mindre enn 20 øre per kWt, og det kallar dei raudgrøne for lønnsam investering! Kan det vera nødvendig å spela så naiv og kunnskapslaus for å skrive innlegg i Dagsavisen?