Det er rett at me veit at "mennesket også forårsaket endringer i klima lenge før industrialiseringen satte inn ved 1750." Det skjedde ved Middelhavet for 2000 år sidan, der skogen vart fjerna og jordbruk førde til erosjon av jorda med vind og vatn. Det har truleg påverka lokalklimaet der. Fjerning av skog og jorddyrking i Mellom-Europa har fylt opp elveløpa med jord, noko som fører til hyppigare flaumar i dei stor elvane, men utan sikre teikn på at det har endra klimaet. Det er også tvilsamt om ein flaum i Pakistan eller tørke i Etiopia påverkar klimaet på resten av jordkula, det er vel heller omvendt.
Når klimarealistar hevdar at det ikkje er påvist menneskeskapt global oppvarming, så er det fordi det er bevist at det er fysisk umuleg at UTSLEPP av CO2 kan føre til målbart høgare temperatur (i parentes det beste som kunne skje med jorda vår). Me treng ikkje nøye oss med å TRU på det, for det VEIT me. Les gjerne mine små epistlar her på nyemeninger.no og på wwwklimarealistene.com så får du mange eksempel på det. Det gjeld klimaet som me ikkje kan gjera noko for å endre på. Men det som Robin Haug skriv så mykje om, gjeld i høgste grad for miljøet. Og der håpar eg at me kan vera samde? Kvifor blir ikkje kvikksølvet i ubåten utanfor Fedje fjerna snarast? Er det berre sommel?
Når det gjeld miljøet, er det heilt nødvendig å hjelpe naturen med å fjerne og destruere gifter og alt som skader. Her hjelper det heller ikkje berre å TRU, men det trengst sikker kunnskap. Like duglaus som klimareligionen er, like lite hjelper det med ein ev. miljøreligion.
Per Engene. biolog, miljøaktivist og stiftar av organisasjonen Klimarealistene