Senterpartiet vil ha eit moderne og effektivt transportsystem i heile landet.
Dei siste dagars medieoppslag i Dagsavisen angriper Senterpartiet, og har skapa eit inntrykk av at me prioriterar ned togsatsing på Austlandet, til fordel for veg i resten av landet. Inntrykket forsterkast ytterlegare av Elisabeth Rygh frå Forbrukarrådet sitt krasse utspel om Sps manglande satsing på tog. Det er feil. Det er like feil som om me skulle flytte pengar frå dei store vegprosjekta som ventar til jernbane. Vil verkeleg dei andre partia det?
Min bodskap var: «Eg er villeg til å satse store summar på InterCity (moderne togsamband mellom Oslo, Skien, Halden og Lillehammer), men ikkje på bekostning av veg». Den utsegna står eg inne for. Senterpartiet er sjølvsagt oppteken av at folk kjem seg effektivt til og frå arbeid i Osloområdet. Difor har me, med Sp i Samferdsledepartementet, sett i gong jernbaneprosjekt for 18 mrd på kort tid. Ei prioritering av vedlikehald som har auka punktlegheita til over 90 prosent. Denne satsinga vil Senterpartiet og regjeringa halda fram med. Samstundes skal me også byggje landet utanfor det sentrale Austlandsområdet, både for næringslivet og folk flest. Her er det i mange tilfelle vegen som er den viktige, og einaste transportåra. Og som tidlegare samferdselsminister veit eg at det også er behov for betring av vegnettet på Austlandet. Difor vert det feil å starte debatten med setje tog opp mot veg, slik det vert prøvd gjort no. Senterpartiet vil ha eit moderne og effektivt transportsystem i heile landet. Det er ei av våre viktigaste saker. Me har difor bidrege til tidenes satsing på samferdsle. Løyvingane til veg har auka med 48 prosent og jernbane med 80 prosent sidan me overtok i 2005. I motsetnad til tidlegare regjeringar held me våre lovnader og følgjer opp Nasjonal transportplan.
Eg er stolt over planen eg som samferdsleminister la fram for Stortinget i 2009, med den mest ambisiøse satsinga både på veg og bane i nyare tid! Vårt klare mål i ny Nasjonal Transportplan er å styrke denne satsinga ytterlegare gjennom auka rammer, kortare planlegging og meir effektiv utbygging. Det er også skapt eit inntrykk av at Senterpartiet bryt Klimaforliket. Det er også feil! Regjeringa har forplikta seg til å utforma ein framdriftsplan for InterCity. Den skal sjølvsagt følgjast opp. Senterpartiet vil prioritere ei ambisiøs satsing på både veg og bane, der transportbehova rundt dei store byområda må løysast kollektivt. Vegen står for 88 % av person- og 51 % av godstransportarbeidet, og vil uansett vere den viktigaste i store deler av landet vårt. Me skal forsetje satsinga på eit effektivt og moderne transportnett gjennom auka rammer, kortare planleggjingstid og meir effektiv utbygging. Å tidfeste enkeltprosjekt framfor andre på dette tidspunkt i prosessen er ei uheldig arbeidsform. No skal me vurdere alle innspel frå kommunar, fylkeskommunar og ulike organisasjonar, og sjå alle transportformer i samanheng. Eit transportsystem for dei neste ti åra fortener ein brei debatt fundert på fakta og ein politikk som ser behova i heile landet. Dei endelege prioriteringane kjem i ny Nasjonal transportplan våren 2013.
Publisert på Dagsavisens debattsider samme dag.