Annonse
Annonse
Annons
Annonse
Annonse
Anne Viken
Innlegg: 26
Kommentarer:

Genetisk bondelotteri

- 802 visninger Innlegg

Når eg arvar gard, skal den bli feriehus. Takk til elendige bondelønningar, odelslov og dumpingpris på landbrukseigedomar.

Genetisk bondelotteri.

Eit vanleg argument du får høyre, er at om du ikkje vil ha garden, må du selge slik at ein ivrig ung entusiast kan få realisere sin bondedraum på din odelsgard. Stadig kan ein lese i avisa om unge, ivrige som ikkje får tak i gardar. Det er ingen gardar til salgs og dei må leite i årevis før dei endeleg får kjøpt eit odelsbruk. Det er eit forferdeleg problem at bondeætta byfolk sit og ruger på gardar ute på landet. Lys i alle hus, er eit slagord. Selg garden din til ein som vil drive den er moralen. Den er i grunn ganske latterleg når ein ser på omstendighetene rundt.

Eg kunne ha hjelpt ein av desse, ein gong i framtida. Kanskje selge dei min odelsgard. Men nei. Det har eg ikkje tenkt å gjere. For i Norge er det prisregulering på landbrukseigedomar. Dette betyr at du må selge til fastsett dumpingpris.

Og kvifor er det dumpingprisregulering? Fordi du tjenar så lite pengar på å drive gard at om du måtte betale mykje for å kjøpe den, kunne du aldri ha gjort det. Garden skal altså selgast til nokon som ønsker seg eit dyrt hobbyprosjekt. Sirkelen er slutta. Den er patetisk.

Likevel er vi rasande på alle desse fæle folka som sit og ruger på gardar dei ikkje driv, men eg forstår dei godt, desse rugarane. Eg har tenkt å bli ein slik sjølv. Korleis ellers skal eg kunne skaffe meg ein slik stor hage med slik utsikt, eit så stort hus på landet som ligg så fredeleg til? Det er ikkje mogeleg å selge garden og kjøpe seg noko tilsvarande grunna prisreguleringa. Og nei, eg har ingen medfølelse med dei som ikkje får kjøpe seg gard, like lite som dei har medfølelse med at eg ikkje har råd til hytte på Sørlandet.

Eg lurer på kva folk hadde sagt om dei ikkje fekk lov å selge kåkane sine i Bergen for meir enn ein million. Kåkar dei har brukt to millionar på å pusse opp og som har vore i familien sidan 1600-talet.

Sel eg garden, har eg på grunn av prisreguleringa verken råd til kåk i Oslo eller hytte på Sørlandet likevel. Eg driv ikkje sosial bistand til folk som vil ha gard. Eg vil ha feriehus som alle andre. Slik tenker mange, og eg forstår dei godt.

Når den norske stat har vore dum nok til å dele ut ein gard til meg i den augneblinken eg vart unnfanga, får dei leve med konsekvensane. Etterpå snakkar dei om «avfolkningsproblematikk på bygda» og at «folk vil ikkje selge gardane sine» medan ein forsvarer prisregulering og odelsrett. Reknestykket går ikkje opp. Så kjem naboane viftande med peikefingeren og moralen sin og snakkar om plikta du har til å produsere mat i ei verd som svelt. Men så lenge eg ikkje får betalt for jobben eg gjer som bonde, har eg inga plikt å produsere mat, sjølv om verda svelt aldri så mykje. Då vil eg heller drikke vin og nyte sola på min nedlagde odelsgard. Eg vil også køyre BMW.

Landet gror igjen. Det er forferdeleg, roper Lars Peder Brekk. Vi vil ha billeg mat, brøler forbrukarane. Ute på min odelsgard høyrer eg ikkje denne støyen. Her har vi hagefest.

Løysinga er enkelt. Den ligg oppe i dagen på opa mark: Opphev odelslova, slepp prisane fri. Å endre odelslova krev vedtak i Stortinget, å sleppe prisane fri krev sunn fornuft.

Så lenge du ikkje tjener ei krone på å vere bonde, blir eg ikkje bonde. Så lenge ein ikkje får selge garden til det den er verdt, sel eg ikkje. Så lenge ingen betaler meg for å rydde skogen, skal den få vekse i fred. Konklusjonen er rasjonell, i tråd med norske lover og reglar. Å kjøpe gard til dumpingpris er ingen menneskerett. Å selge den til slik ein pris, er inga plikt. Eit tåpeleg reglement har gjort dette til ein rasjonell beslutning for mange odelsungar.

Eg oppfordrar alle odelsbønder til å følge mitt eksempel. Legg ned, drikk vin og hald hagefest midt i bushen. Gå på hjortejakt om det passar seg, fisk i elva. Lat låven gjerne ramle ned. Du har intet ansvar for turistanes utsikt vert ødelagd. Ingen kan klage på det. Du har inga plikt å selge, du har inga plikt å drive eller halde kulturlandskapet ope. Du har hatt genetisk flaks og denne flaksen pliktar du å nytte til din fordel. Så lenge gardar er så lågt takserte at ein ikkje kan kjøpe seg verken hus eller leilighet for slagssummen, har det inga hensikt å selge det som genetikken har tildelt deg.

Eg har trekt eit flakslodd i eit grunnlovsfesta genetisk lotteri. Takk, norske stat, for denne fine feriestad. Den norske stat kan på si side takke dei elendige bondeinntektene for at gardar vert lagt ned. Etterpå kan dei takke odelslova og prisreguleringa for at desse nedlagde gardane ikkje vert lagt ut for salg.

Høyr Dagsnytt 18-debatten mellom underteikna, Lundteigen og ein Frp-kis

Magnar Husby
Innlegg: 27
Kommentarer: 889

Å stikke fingeren i jorda!

Kommentar #1
Anne Viken – gå til den siterte teksten.

Så lenge du ikkje tjener ei krone på å vere bonde, blir eg ikkje bonde. Så lenge ein ikkje får selge garden til det den er verdt, sel eg ikkje. Så lenge ingen betaler meg for å rydde skogen, skal den få vekse i fred. Konklusjonen er rasjonell, i tråd med norske lover og reglar. Å kjøpe gard til dumpingpris er ingen menneskerett. Å selge den til slik ein pris, er inga plikt. Eit tåpeleg reglement har gjort dette til ein rasjonell beslutning for mange odelsungar.

Det har Anne Viken gjort her, delvis. For ho skildrar ein realitet. Men det finst andre realitetar og. For trur ho eigentleg fullt og fast på at det blir betre om gardane kan seljast til den prisen dei er verdt på den frie marknaden? Eg trur ikkje det. For viss dei skulle bli kjøpt opp av folk som vil drive landbruksproduksjon, måtte dei bli enorme industribruk. Det er ikkje muleg å konkurrere med meir jordbruksvennlege strøk utan. For bygdene betyr det avfolking og attgroing, for berre den beste landbruksjorda i landet vårt kunne inngå i ein slik konkurranse. Og det ville kanskje berre vere eit tidsspørmål før desse industrijordbrukarane også måtte gje opp. Nei, viss odelslova og prisreguleringa på gardsbruk blir fjerna, kjem størstedelen av naturen i Noreg til å bli kjøpt opp av millardærane i verda - til rekreasjon, til næringsverksemd som ikkje har noko med jordbruk å gjere, til industrielle jordbruksforetak som skal forsyne millionbyar eller golfstatar (det finst slike "bønder" som har tileigna seg store område av den etiopiske matjorda til prokusjon av tomatar for hotelldrifta i gulf-statane), eller berre som pengeplassering i håp om å selje dyrt og stykkevis når matvarekrisa slår til. Landbruksmeldinga fortel meg at ekspertane held på å bli redde. Redde for at matvareforsyninga i verda skal skrante. At nordmenn kjem til å bli meir avhengig av norskprodusert mat fordi han ellers ikkje finst. Altså: Spørsmålet om norsk jordbruk er ikkje lenger berre eit spørsmål om pris, men om vi i det heile teke skal ha mat i framtida. Da kan heller ikkje prisen på norske gardar reduserast til eit spørsmål om pris på den såkalla "frie marknaden". Det norske folket må gjere eit val: Skal vi ha eit norsk jordbruk eller ikkje? Vel folket å ha eit norsk jordbruk, må dei også seie: Vi er viljuge til å betale det som må til! Og det hastar. Det er alt lenge sidan eg observerte at jordbruket i Nord-Noreg vart lagt ned. I det siste har eg lagt merke til at dalar og bygder også i Sør-Noreg gror att. Og når matkravet vert sterkare - kven skal da dyrke denne jorda på nytt? Det kjem til å ta tid før det kan skje. Så lang tid at vi svelt ihel eller har prøvd å flykte i mellomtida.

Erik Pedersen
Innlegg:
Kommentarer: 184

Det fins nok endel...

Kommentar #2

...moderne ungdommer som ikke ser for seg en framtid bak plogen, og det er nok ikke bare inntektsmulighetene som er avgjørende. I vårt samfunn er det også mange andre bransjer som trekker interessen vekk fra bondeyrket.

Hvis Anne Viken gjør som hun sier så blir sannsynligvis jorda hennes tilleggsjord for naboen og på den måten gir hun da i hvert fall landbruksnæringen et produktivitetsløft...

Del dette innlegget: