Annonse
Annonse
Annons
Annonse
Annonse
Arne Strand
Innlegg: 3
Kommentarer:

Eit steg fram og to tilbake

- 1808 visninger Innlegg

President Obama trår ein forsiktig balansegang mellom dei som argumenterar for ei mindre tilbaketrekking for å oppretthalde eit militært press, og dei som ser på kostnadane.

La det vere klart med ein gong: den annonserte reduksjonen på 30 000 soldatar over det neste året føre oss berre tilbake til dei 70.000 som stod i Afghanistan før ”the surge” vart annonsert. Det har lenge lege i korta at det ville verte ein reduksjon, og argumentet frå amerikansk og NATO sitt hald har vore at desse ekstra troppane har påført Taliban og andre motstandsgrupper store tap, og hindra dei i å få eit betre fotfeste i sørlege og austlege deler av landet. Då Osama bin Laden vart drepen i Pakistan vart også eit viktig mål i ”krigen mot terror” oppnådd, og budsjettkrisa i USA medførte eit meir kritisk blikk på dei økonomiske kostnadane av ein krig som snart har vart i 10 år. At det er vanskeleg å verifisera at det verkeleg har vore ei positiv endring er ei anna sak. Fleire sivile vert drepne år for år, Taliban og andre grupper markerar seg stadig sterkare i nordlege deler av Afghanistan og ser ut til å ha tatt nær full kontroll over Nuristan, eit viktig område på grensa mot Pakistan.

Omfanget av uttrekkinga er likevel eit signal både til NATO og afghanarane om at det vil verte ei gradvis uttrekking av resterande soldatar innan utgangen av 2014, noko alle partar må rette seg etter. At USA samstundes har signalisert at dei kan ønskje permanente basar i landet vil nok ikkje endre det faktum at det vert langt færre amerikanske soldatar der, og at andre NATO-land i større grad kan drive med trening og mentorering av afghanske soldatar fram til dei trekkje seg heilt ut. Det er på afghansk side at der er størst uvisse.

Både i forhold til om det kan byggjast opp ein fungerande (og politisk styrt) hær som kan ta over dette ansvar innan tidsfristen, og om det er nokon som har vilje til å finansisere den etter 2014. Afghanarane har ikkje råd til kostnaden av ein hær på den størrelsen det no er snakk om. Det var tydeleg då viseutanriksminister Jawed Ludin argumentere på NRK for kor billig ein afghansk soldat er samanlinka med ein internasjonal. Om dei kan utføre same militære oppdraget gav han seg klokleg ikkje inn på, det er det mange som stiller spørsmål ved. Men frykta på afghansk side for at pengestraumane avtek i takt med tilbaketrekkinga er reell, og noko som har framskunda det som framstår som ei rein plyndring av statsressursar.

Kabul Bank-skandalen er illustrerande. Her er det snakk om at oppimot 900 millionar US dollar er borte, og dei som i stor grad gjorde seg nytte av midlar til betaling av statstilsette var brørne til presidenten og visepresidenten som hadde fått lån til å kjøpe seg aksjar i banken, og dermed styreverv. Den manglande politiske evna og viljen til å rydde opp har medført at IMF vurderar restriksjonar som kan strupe pengeflyten til den afghanske regjeringa. Det vil nok ikkje såre dei som alt har tatt ut sitt utbytte og investert stort i m.a. Dubai, men det kan råke alle dei som har trong for utdanning og helsetenester.

Dette er også illustrerande for det forverra forholdet mellom det internasjonale samfunnet og President Karzai. Det går både på at det er lite som vert uttretta av afghanske styremakter når det kjem til å skape utvikling og forbetring av rettsvesenet, for å nemne noko av det mange ser som viktigast. Det går på at Karzai vert stadig meir kritisk til utanlandsk nærvære. Han har fleire gonger bedt dei om å vurdera uttrekning pga store sivile tap. Slutten på regjeringsperioden hans samanfell også med den militære uttrekkinga i 2014, og det er alt diskusjon om Karzai vil akseptere at den grunnlovsfesta avgrensinga til to periodar som president. Eller om han vil prøve å få endringar i grunnlova, eller kalle saman eit storråd (loya jirga) som kan gje han utvida fullmakter. Uansett, det er få andre som framstår som akseptable kandidatar no. Dei med militær og politisk makt har Karzai i stor grad klart å kooptere inn i sin krets gjennom å gje dei posisjonar og verv som sikrar dei innflytelse og inntening. Dei som forfektar ei meir demokratisk tankegang slit med å samle seg om eit felles mål som er noko anna enn å verte kvitt Karzai.

Det som kan utgjere ei løysing er forhandlingar med Taliban, noko President Obama også opna for i sin tale, men på enkelte vilkår. Ein avtale kan medføre at det ikkje er trong for å byggje opp ein så stor og slagkraftig hær, at sikkerheita kan forbetrast i store delar av landet og at det i større grad kan drivast med utviklingsprosjekt som kjem befolkinga til gode. Taliban sin førre maktperiode skape sjølvsagt uro om menneskerettar generelt og kvinner sine rettar spesielt vert ofra, og kva det vil bety for jenter si utdanning og kvinner sin tilgang til helsetenester. Nyare utsagn frå Taliban indikerar at dei kan ha endra haldningar her, men mange afghanske kvinner vil nok ha sin tvil. Men dei største motstandarane til ein avtale er kanskje innan dagens regjerings og maktapparat, dei som har mest på tape økonomisk på ei fredsløysing.

Men alt dette peikar mot ein veldig usikker periode for Afghanistan fram mot 2014, her er fleire dynamikkar satt i spel som kan gje veldig mange forskjellige og uforutsigbare utfall. Utviklinga i Pakistan vil også ha innverknad på kva form for fred – eller konflikt – det vert, og auka regionale ambisjonar frå Russland, Kina, India og Tyrkia tilføre nye spenningar i den regionale interessekonflikten.

Noreg er i takt med president Obama sine planar for uttrekking, forsvaret har alt lagt om til trening og oppfølging av afghanske styrkar i Faryab-provinsen. Det me treng å ha tenkt litt grundigare over er kva engasjement me bør ha etter 2014. Det er ikkje tvil om det vil vere store humanitære og utviklingsbehov i mange år framover – og trong for oppbygging av ein stat som kan levere på dette. Men korleis skal ein då gå fram om denne staten ikkje syner evne og vilje til å forvalte midlane på vegne av innbyggjarane, men berre si eiga lomme.

Men kanskje den diskusjonen det hastar mest med er korleis me skal forhalde oss til ein eventuell fredsløysing med Taliban. Det er nemleg slett ikkje sikkert at ein nasjonal fredsavtale vert akseptert av alle partane eller at den skape fred i alle deler av landet. Tvertom, det kan skape meir ufred mellom grupper som kivar om makta. Og skjer det før 2014, kva bør då NATO og Noreg sin rolle vera?

Publisert i Dagsavisens papirutgave samme dag.

Kjell Davidsen
Innlegg: 75
Kommentarer: 931

Kommentar #1

Det blir ikke snakk om hva slags rolle den ene eller den andre bør ha den dagen Taliban terroristene og de religiøse gale fanatikerne står med sine fingre på atombombe raketmissilene i Pakistan. Da er det antagelig for sent å angre. I denne sammenheng blir det latterlig å snakke om økonomi OSV.

Del dette innlegget: