Enten tyder orda at du får du vite alt om jazz, eller så er hovudbodskapen at jazz er den eigentlege meininga med livet.
KONGSBERG (Dagsavisen): Uansett er John Kelman sjefredaktør for All About Jazz i USA, som med nettsida si følgjer med på det som skjer på området. Han sjølv følgjer norsk jazz nøye, og var på Kongsberg ansvarleg for ein konsertserie der kjende norske jazzmusikarar spelte i konstellasjonar valt ut frå ein «outsiders» perspektiv. Resultatet var nokre av dei beste konsertane på festivalen, som då trompetvokalisten Per Jørgensen møtte trøorganisten Sigbjørn Apeland, Terje Isungset, Morten Qvenild og gitaristen Morten Skage på ein av dei beste. I serien inngjekk også Mats Eilertsens Skydive Quintet, som trollbatt publikum med ein av dei finaste festivalkonsertane i det heile.
Med eit tett program er festivaldagar reine stafettløp mellom scenene. Ein konsert med The Thing sist veke går det gjetord om, men varemerket til festivalen er å jakte på det nye og ukjende. Geografisk har festivalen flytta sentrum over elva til Kirketorget med Tubaloonscena, men musikalsk held den store utescena eit ujamt nivå. Uansett er festivalen på Kongsberg den første eg drog eins ærend til, for ein konsert med Bill Evans Trio i 1970.
På tampen av årets siste festivaldag var det det seks mann store svenske bandet Je Suis! («eg er»), leia av den ordhage trompetisten Niklas Bärno, som med sin kraftfull musikk tok publikum på Enerigimølla med storm. Ein sikker publikumsfavoritt er alltid poesioasen, der duoen Live/Lien bak albumet «Låvesalg» var bankers. Avantgardens skanse i Avanthagen er ei merkevare for festivalen. Når Lizz Wright så skulle toppe festival med den tradisjonelle midnattskonserten i kyrkja, var det i par med Stevie Wonder-kloninga Raul Midon. Men det berande elementet var utan tvil Wright og den unike stemma hennar.
Att står å melde at Ola Kvernberg fortent fekk den store jazzprisen, og at den 48. festivalen nådde målet i publikumsoppslutning. Eit jubileum nærmar seg for den lengstlevande jazzfestivalen etter Molde. Det er ei utfordring han ikkje kan ta lett på.
Publisert i Dagsavisens papirutgave samme dag.