Alf Holmelid
Viser innlegg | Se kommentarer (1)Nyleg blei det arrangert ein internasjonal solenergikonferanse i Kristiansand. Den reflekterte at solenergiindustrien er inne i ein turbulent fase. Men marknaden er i vekst, og norsk industri bør ha ein plass i vidareutviklinga av denne bransjen.
Dei siste åra har vi opplevd sterk vekst i verdsmarknaden for solpanel. I 2010 auka den med 120%, og sjølv i kriseåret 2011 var auken på 40%. Men industrien har samtidig møtt dramatiske reduksjonar i marknadsprisen for sine produkt. I 2011 blei den halvert.
Marknaden for solenergi er langt på veg skapt av nasjonale støtteordningar, først og fremst i Europa med Tyskland i front. Finanskrisa har ført til reduserte støttenivå i mange land. Men samtidig er prisutviklinga slik at solenergi kan klare seg med mindre støtte, og vi nærmar oss ein situasjon der den er kommersielt konkurransedyktig i enkelte område.
Den turbulente situasjonen i solenergiindustrien skuldast ikkje minst sterk konkurranse frå Kina som no har halvparten av verdsmarknaden for solpanel. Det ser ut til at Kina satsar meir aggressivt på dette område enn i andre industrisektorar. Men no kjem det meldingar som viser at også Kina slit med overproduksjon og prispress, og at dei må seie opp folk.
Solenergibransjen er avhengig av både klimapolitikk og industripolitikk. Nasjonal klimapolitikk først og fremst i Europa har skapt ein marknad som har gitt grobotn for industriutvikling. Kina si satsing på dette området er både industripolitikk og klimapolitikk, og det er kanskje noko vi bør lære av. Industripolitikk og klimapolitikk kan ofte vere to sider av same sak.
Sjølv om konkurransen frå Kina er tøff, så bør det vere rom for norske industri som finn sin plass i verdikjeda. På seminaret i Kristiansand var det bedrifter som produserer solsellesilisium, som bygger solkraftverk og som resirkulerer avfall. Ein veksande internasjonal solenergiindustri vil gi rom for nye teknologiar og nye produkt.
Noreg har relevant industriell kompetanse, og vi har satsa på forsking og utvikling innan solenergi. Dette er fortrinn som vi må ta vare på slik at vi kan ta ein posisjon i ei næring som utan tvil er ei vekstnæring, sjølv om situasjonen i dag er krevjande. Næringa, forskingsmiljøa og det offentlege bør ha ein dialog om kva som skal til for å møte dei utfordringane vi står overfor og ta nye posisjonar.
Alf
At vi har verdas mest miljøvennlege industri her i landet, er ikkje eit argument mot framtidsretta miljøtiltak. Det er eit argument for, i motsetning til kva Statoil synest å tru.
Det er ein offensiv miljøpolitikk som gjer at vi i dag har ein moderne prosessindustri her i landet. Derfor er det underleg at Statoil primært går til angrep på miljøavgiftene når selskapet har fått problem med lønsemda ved raffineriet på Mongstad. Ekstra underleg er det at dei kjem med dette utspelet i innspurten av stortingsmeldinga om norsk klimapolitikk.
Norsk prosessindustri står overfor store utfordringar. Den internasjonale konkurransen har hardna til etter finanskrisa. I tillegg opplever vi eit stort kostnadspress på grunn av eit høgt oljeutvinningstempo og store investeringar i olje- og gassutvinning. Dette stiller krav til omstilling, teknologisk utvikling og kostnadskontroll. Det kan vere grunn til å diskutere korleis staten kan bidra. Men å gå laus på moderate miljøavgifter og ein vellukka miljøpolitikk, er å rive bort grunnlaget for ei moderne industriutvikling. Diverre fell dette inn i eit mønster. Media har i det siste avslørt at Statoil har motarbeidd miljøtiltak i fleire land dei opererer i.
Økonomane som styrer norsk industri, burde kanskje ta ein titt på den nære industrihistoria. Då eg begynte å arbeide i prosessindustrien på slutten av syttitalet, var det sterkt fokus på å få ned utslepp frå prosessindustrien. Mange hevda at miljøkrava ville knekke bedriftene, og det var eit sterkt politisk press for å fjerne eller redusert krava. Men krava kom, styresmaktene la til rette med ulike ordningar, og industrien tok etter kvart utfordringa på ein offensiv måte.
Det blei utvikla reinseteknologi for verdsmarknaden, og avfallsprodukt blei oppgradert til kvalitetsprodukt med god pris. Men ikkje nok med det. Det teknologiske løftet førte til redusert energiforbruk, større effektivitet og betre produktkvalitet. Resultatet blei eit teknologisk løft som plasserte norsk industri på verdstoppen. Vi hadde knapt hatt ein prosessindustri i Noreg i dag utan dette teknologiske løftet.
No står vi overfor nye store utfordringar for industrien. Den internasjonale konkurransen hardnar til, og det blir vanskeleg å konkurrere på volumproduksjon. Det er behov for omstillingar for å redusere kostnader og komme over på meir teknologisk krevjande produksjon. Samtidig er det behov for å redusere vår tids utslepp, klimautsleppa. Dette kan oppfattast som ei dobbelt utfordring. Men med erfaring frå tidlegare periodar, kan vi også sjå på det som ei mogelegheit.
Omstilling for å møte klimautfordringane kan legge grunnlaget for ei teknologisk utvikling som vil styrke vår konkurranseposisjon, slik vi opplevde med tiltak mot utslepp for nokre tiår sidan. Kamp mot ein framtidsretta klimapolitikk slik Statoil legg opp til med sine utspel om raffineriet på Mongstad, er ikkje vegen å gå. Det er nettopp ein offensiv klimapolitikk i samarbeid mellom industrien og staten som kan legge grunnlaget for nødvendig omstilling og hindre industridød.
Alf Holmelid
næringspolitisk talsperson
Vårt eksportretta næringsliv står overfor krevjande utfordringar. I denne situasjonen er det underleg at Bernander vel å fokusere på privatisering av offentleg sektor. Det verkar som om han er meir opptatt av høgreideologi enn av næringsutvikling.
Finanskrisa har ramma viktige marknader for vår eksportindustri, konkurransen frå nye framveksande økonomiar hardnar til, og klimautfordringane står for døra. I andre bransjar er det stor aktivitet, og personalsjefane slit med å få nok kompetent arbeidskraft. Men NHO vel å sjå bort i frå desse dramatiske utfordringane og fokusere på privatisering av offentleg sektor på sin årskonferanse.
I år valde eg derfor å droppe NHO-konferansen og i staden dra på besøk til Alcoa sitt aluminiumsverk på Lista. Der blei eg presentert for eit spennande FOU-prosjekt som kan revolusjonere verdas aluminiumsproduksjon. Det er slike innovative satsingar vi må ha mange av dersom norsk industri og teknologisk kompetanse skal overleve. Prosjektet har fått støtte frå den nye miljøteknologiordninga i Innovasjon Noreg, og denne støtta har medverka til at konsernet la det spanande utviklingsprosjektet til eit norsk verk.
Vi diskuterte kva rammevilkår som må til for å drive slik langsiktig og kostnadskrevjande teknologiutvikling, og vi var innom det mangfaldet av fagkompetanse og forskingskompetanse som trengst for å lukkast. Den nye teknologien sin plass i ein framtidig energimarknad og industristruktur blei også drøfta. Og vi kom ikkje utanom den krevjande situasjonen som denne industrien står midt oppe i.
Dette er berre eit lite eksempel, men det er symptomatisk for dei utfordringane vi står overfor om vi vil ta vare på vår teknologisk leiande industri. Når NHO i denne situasjonen vel å fokusere på privatisering i offentleg sektor, så gir det eit underleg signal. Nedprioriterer Bernander innovasjon og eksportindustri til fordel for ein ideologisk fundert kamp om ein større del av aktiviteten i offentleg sektor?
Alf Holmelid
næringspolitisk talsperson i SV
Innlegget som utanriksminister Jonas Gahr Støre heldt på konferansen til Oljeindustriens landsforbund, OLF, i Stavanger nyleg, har skapt debatt. Det er ikkje utan grunn når ein ser det i ein større samanheng.
Den globale klimakrisa har komme i skuggen av den økonomiske krisa i Europa. Vi høyrer stadig sjeldnare at internasjonale leiarar snakkar om korleis vi skal unngå at temperaturen på kloden aukar med meir enn to grader. Det manglande engasjementet vil få dramatiske konsekvensar for våre etterkommarar, spesielt i fattige land. Den manglande politiske handlekrafta fører også til at den framtidsretta fornybarindustrien som skal redde klimaet, får problem og må seie opp folk, ikkje minst her i landet.
Det same skjer på nasjonalt plan. Vi høyrer stadig sjeldnare at nasjonale politikarar snakkar om klimaforliket og den avtalte reduksjonen i nasjonale utslepp av klimagassar. Tvert i mot kjem det mange forslag om enkelttiltak som vil føre til kraftig auke av dei nasjonale utsleppa, blant anna nye gasskraftverk utan CO2-rensing.
Vi høyrer stadig sjeldnare at nokon snakkar om energisparing i dei rike landa. I Noreg kan vi spare energi som svarar til titals Alta-kraftverk, men det er ingen sterke økonomiske krefter som står bak og pressar fram slike tiltak, og Olje- og energidepartementet har fokus på sine fossilprosjekt.
Innlegget til Støre fell inn i denne trenden med mindre fokus på å skape fornybarsamfunnet og større fokus på det opplagde faktum at fossil energi vil vere ein del av den globale energimiksen i fleire år framover. Han er også opptatt å ta ut vår del av verdiskapinga i fossil energi. Eit land som lenge har levd godt på verdiskaping i olje og gass, burde kanskje ha eit ekstra ansvar for å utvikle ein ny politikk og konkretisere planane for å satse på miljøvennleg energi slik det er nedfelt i regjeringserklæringa.
Utanriksministeren legg stor vekt på at gass er eit viktig supplement til vind- og solenergi som varierer med ver og vind. Dette er for så vidt riktig. Men han legg lite vekt på kva føresetnader som må vere på plass for at gass skal få denne effekten og ikkje berre redusere presset på energisparing og utvikling av fornybar teknologi. For ein stor gasseksportør med eit til tider sterkt klimaengasjement burde dette vere ei viktig problemstilling. Det er ikkje nok å avfeie problemet ved å kalle den eit paradoks.
Det kan ikkje vere slik at det er miljøvernministeren åleine som skal ta ansvar for regjeringa sin vedtekne klimapolitikk. For nokre dagar sidan gjorde Nordisk råd eit vedtak der dei oppfordra andre ministrar enn fagministrane for klima og miljø til å ta eit større ansvar for klimapolitikken. Det er ei oppfordring også den norske regjeringa bør ta på alvor.
Alf Holmelid
næringspolitisk talsperson i SV
Ny informasjon om planane til Alcoa gir grunn til å etterlyse ein meir velfundert industridebatt.
I diverse innlegg i media har Ketil Solvik-Olsen og andre frå Fremskrittspartiet brukt påståtte planar om nye aluminiumsverk i Nord-Noreg som skremselspropaganda mot norsk klimapolitikk. Dei har hevda at Alcoa stod klar med pengesekken og spaden for å starte eit aluminiumsverk med gasskraft utan reinsing, og at det berre er klimapolitikken til regjeringa som hindrar snarleg industrireising.
I dag kan Dabladet avsløre at FrP har kokt suppe på ein spikar og brukt Alcoa i sitt politiske spel for å svekke tilliten til norsk klimapolitikk. I følgje dette oppslaget har Alcoa rekna på kostnadene ved aluminiumsproduksjon i ulike land, deriblant Noreg. Men det er slett ikkje sikkert at kostnadene for straum basert på gass vil gjere det aktuelt å bygge aluminiumsverk i Noreg, seier direktøren i Alcoa, Roy Hammer, til Dagbladet. Han får støtte i sine kostnadsvurderingar av energianalytikar Ole Løfsnes i Econ Pöyry.
No er det ikkje alltid ein kan stole 100% på oppslag i media. Derfor har eg i dag kontakta leiinga i Alcoa i Noreg og fått stadfesta det som Dagbladet skriv.
Noreg har ein miljøvennleg industritradisjon som vi bør bygge vidare på. Vi har ein høgteknologisk metallindustri basert på fornybar energi. Energisektoren har også lange tradisjonar i Noreg, og Statkraft satsar på å bli leiande i Europa på miljøvennleg energi. Vi har også ein maritim sektor og ein offshoresektor som gradvis satsar meir på miljøteknologi. IKT-sektoren er i sterk vekst, og Noreg som fiskematnasjon vil skape nye spennande arbeidsplassar.
Vi har utvikla ein høgteknologisk og miljøvennleg kraftforedlande industri basert på fornybar energi, vi har ein energisektor som utviklar kompetanse på miljøvennleg energi, og vi har vekst i industrisektorar med meir moderat energibehov. Dette er ein sunn miks som er relativ robust mot endra rammevilkår.
Om vi satsar riktig på kompetanse og miljøvennleg energi, så vil norsk industri kunne få ei lys framtid utan ny produksjon med forureinande kraft. Det verkar som Solvik-Olsen er meir ute etter å angripe klimapolitikken, enn av å utvikle norsk framtidsretta industri. Synd at så mange har kasta seg på denne retorikken. La oss vone at vi kan få eit meir velfundert industridebatt i tida framover.
Alf
Den nye stortingsmeldinga om statleg eigarskap legg grunnlaget for eit meir aktivt og framtidsretta eigarskap med vekt på miljø, samfunnsansvar og innovasjon.
Skal vi tru riksrevisjonen, så ligg ikkje stortingsmeldinga om statleg eigarskap på nattbordet til styremedlemmane i selskap der staten er eigar. Det går tydeleg fram av lista over selskap som har neglisjert kravet om moderasjon i leiarlønningar. Mange aktørar ønskjer at staten skal vere meir tilbakelent enn andre eigarar, og det ser ut som slike oppfatningar også er å finne blant mange styrerepresentantar. Men dette er eit syn som er stikk i strid med det ein samrøystes kontrollkomité i Stortinget har uttalt.
Med den nye stortingsmeldinga som blei lagt fram sist fredag, legg regjeringa opp til eit meir aktivt statleg eigarskap. Den førre eigarskapsmeldinga hadde også mange føringar for bedrifter der staten er eigar, men dei blei ikkje alltid tatt like alvorleg av styra. Den nye meldinga legg eit tydelegare ansvar på styrerepresentantane. Men det viktigaste er kanskje at selskapa no blir pålagt å rapportere på viktige indikatorar når det gjeld miljø og samfunnsansvar. Kombinert med næringsministeren sin uttalte vilje til å skifte ut styrerepresentantar som ikkje følgjer opp forventningane frå eigaren, kan dette gi oss det aktive eigarskapet som fagrørsla og SV har etterlyst.
Eit framtidsretta eigarskap må ha sterkt fokus på klima, miljø og samfunnsansvar. Den nye eigarskapsmeldinga krev at selskap der staten er eigar skal vere leiande i sin bransje på lågutslepp og på klimareduserande teknologi. Det vil bli krevjande for styrerepresentantane å følgje opp dette. Men ei slik offensiv satsing er heilt nødvendig dersom selskapa skal overleve og bidra til ei berekraftig samfunnsutvikling. Eit styre og eit leiarskap som ikkje er i stand til å ta denne utfordringa, gjer ikkje jobben sin.
Den nye stortingsmeldinga har eit sterkt fokus på det samfunnsansvaret internasjonale selskap står overfor. Det blir stilt store forventningar til selskap der staten er eigar når det gjeld arbeidstakarrettar og menneskerettar. Dei skal legge FNs Global Compact og ILOs kjernekonvensjonar til grunn for arbeidet. Det blir også forventa at selskapa skal vere førande når det gjeld openheit om pengestraumar og skatt, noko som er viktig for at utviklingsland skal få sin rettmessige del av naturressursar og verdiskaping.
Eit aktivt og framtidsretta eigarskap, kan ikkje berre fokusere på etablerte bransjar og etablerte bedrifter. Mangel på risikovillig kapital hemmar utviklinga av eit framtidsretta næringsliv i Noreg. SV kravde på sitt landsmøte eit heilskapleg verkemiddelapparat frå inkubator, via såkornkapital til venturekapital og langsiktig eigarskap. Den nye stortingsmeldinga om statleg eigarskap følgjer opp dette ved å satse på såkornkapital, styrking av investeringsselskapet Investinor og statleg direkte eigarskap.
Men denne meldinga har regjeringa lagt grunnlaget for eit meir aktivt og framtidsretta statleg eigarskap. Men det må følgjast opp gjennom aktiv styredialog og val av styrerepresentantar som er opptatt av å realisere intensjonane til eigaren.
Alf Holmelid
næringspolitisk talsmann i SV
Det er på tide at vi får ein ny næringspolitisk strategi som peikar utover oljealderen.
Den næringspolitiske debatten her i landet er smalspora og tradisjonell. Høgre og FrP klagar på skattane, NHO klagar på velferdsordningane og Arbeidarpartiet satsar på olja. Dette er velkjente tonar som seier lite om korleis Noreg skal sikre verdiskaping og sysselsetjing når oljeaktiviteten går ned og den internasjonale konkurransen hardnar til. Det er på tide at vi får ein ny næringspolitisk strategi som peikar utover oljealderen. Viktige element i ein slik strategi er kompetanse, innovasjon, eigarskap, miljø og velferd.
Kompetanse på alle nivå
Kompetanse og evne til sjølvstendig arbeid på alle nivå i organisasjonen er eit viktig trekk ved norsk arbeidsliv. Dette er eit
konkurransefortrinn som det er viktig å ta vare på. Kvaliteten på yrkesfagleg opplæring blir ofte tatt opp når eg er omkring på bedrifter. Meir praktisk retta undervisning, meir praksis tidleg i
studiet og betre lærlingordningar er sentrale tiltak for å styrke utdanninga av fagarbeidarar til næringslivet og til offentleg sektor. Mange av dei sterke teknologimiljøa vi har her i landet, er
karakterisert ved at dei har både fagarbeidarar og fagfolk med høgare utdanning.
Gode nettverk mellom universitet/høgskolar og arbeidslivet har mange positive effektar. Eit slikt samarbeid må bygge på gjensidig respekt og ikkje komme i konflikt akademisk fridom. Med det som utgangspunkt kan samarbeidet bidra til relevans i undervisning og forsking, samtidig som forskingsresultat blir tatt raskare i bruk. Det er ein fordel om slike nettverk omfattar både store og små bedrifter i tillegg til akademiske institusjonar. Det skaper eit miljø som fremmar kompetanseoverføringa til mindre bedrifter¨.
Utvida innovasjonsomgrep
Eit utvida innovasjonsomgrep er eit viktig element i ein framtidsretta næringsstrategi. Entreprenørskap er berre ein del av den
innovasjonen vi treng. Ein stor del av innovasjonen skjer i etablerte bedrifter. I motsetning til kva mange trur, så er innovasjonen størst i dei store bedriftene ifølgje Statistisk sentralbyrå.
Men vi må også fokusere på innovasjon i offentleg sektor. Vi har gode eksempel på at ein innovativ offentleg sektor i samarbeid med private bedrifter har skapt spennande produkt for verdsmarknaden. Eit eksempel på dette er trådlaus hjarteovervaking. Med den utviklinga vi no ser innafor helse og omsorg, er det eit stort potensiale for slik produktutvikling.
Eigarskap og risikokapital
Statleg eigarskap i viktige naturressursar er eit viktig element i den norske samfunnsmodellen. Gjennom statleg eigarskap i oljesektoren
har vi utvikle ein livskraftig leverandørindustri som er svært konkurransedyktig på den internasjonale marknaden. Men det statlege eigarskapet må også sjå framover. Statoil som er bygd opp på norsk
grunnrente, må ta ansvar for at kompetanse og ressursar blir brukt til å bygge varige arbeidsplassar i fornybar energi.
Det er også behov for risikokapital til gründerbedrifter. Fleire av dei kompetansetunge bransjane som det kan vere aktuelt å satse på her i landet, er svært kapitalkrevjande. Eksempel på det er energi, materialteknologi og bioteknologi. Derfor er det viktig at vi vidareutviklar og styrker dei statlege ordningane for tidlegkapital slik det er lagt opp til i regjeringserklæringa Soria Moria 2.
Miljø som samfunnsansvar og marknad
Miljø har etter kvart blitt ein viktig del av all næringsverksemd, og seriøse næringsaktørar legg vekt på miljømessig berekraft
som del av sitt samfunnsansvar. Eg jobba i prosessindustrien då det kom mange nye miljøkrav på åttitalet. Arbeidet med å innfri desse krava førde ofte til meir effektive prosessar og betre
produktkvalitet. Det har medført at vi i dag har ein høgteknologisk og konkurransedyktig industri her i landet.
Miljø er også ein veksande marknad. Det finst ulika vurderingar av kor stor denne marknaden vil bli, og kor raskt den vil utvikle seg. Men vi ser at stadig fleire bedrifter satsar. Eit aktuelt område er offshore vind med botnfaste og flytande vindmøller. Her er dei internasjonale aktørane i ferd med å posisjonere seg. Norsk industri har den rette kompetansen. Men det er så gode tider i oljenæringa at mange vel å satse der framfor å posisjonere seg i nye og meir langsiktige marknader. Derfor må det setjast inn tiltak for å nå målet i regjeringserklæringa om at grøne arbeidsplassar innafor energiproduksjon og miljøteknologi skal bli ei ny vekstnæring i Noreg.
Velferdsspringbrettet
NHO og høgrepartia har ein tendens til å sjå på velferdsstaten som ein klamp om foten på næringslivet. Det er å snu saka fullstendig på
hovudet. Nettopp den norske samfunnsmodellen med ein sterk velferdsstat har lagt grunnlaget for det omstillingsdyktige og innovative næringslivet vi har her i landet.
Tryggleik frigir tid og energi til å satse i næringsliv og arbeidsliv, og velferdstilbod legg grunnlaget for høg yrkesdeltaking. I sommar var eg på ein konferanse om gründerskap saman med årets kvinnelege gründer, Elisabet Norderup Michelson. Ho sa blant anna at barnehageplass var ein av dei viktigaste suksessfaktorane for hennar gründerskap.
Det er ikkje berre skattelovnadene som truar dagens velferdsmodell. Den sosiale dumpinga som har eksplodert i det siste, er ein ny trussel mot velferdssamfunnet og den norske modellen. Sosial dumping er også eit angrep på den breie kompetansen og dei ordna arbeidsforholda som har skapt dagens konkurranseevne.
Prioriterte område
Ein ny næringsstrategi bør bygge på desse fem grunnpilarane. På toppen av dei kan vi utvikle strategiar for spesifikke område og bransjar
der vi har spesielle føresetnader basert på naturgitte forhold eller etablert kompetanse. Med minn bakgrunn frå metall- og materialindustrien har eg erfart at det tar tid å utvikle ny kunnskap,
ny teknologi og nye marknader. Det er inga tid å miste.