ANNONSE

08-11-2013

Aksepterer Høgre norsk skattesnyteri frå uland?

Skattesnyteri

Tax Justice Network Norge arrangerte 30. oktober eit seminar med tittelen “Skjulte eiere”. Der kom det fram at nordmenn snyt på skatten for noko slikt som 130 milliardar kr kvart år. Dette har å gjere med lovgiving som ikkje “heng med i svingane” og hemmeleghald ikkje minst av “kreativ” skatteplanlegging via skatteparadis. Skattesnyteri i ein slik storleik er sjølvsagt ein dramatisk trussel mot den norske velferdsstaten. Likevel er det i ulanda at denne praksisen får dei mest drepande konsekvensane. Det er rekna ut at rundt 1260 milliardar dollar forsvinn frå utviklingsland gjennom ulovleg kapitalflukt kvart år. Ti gongar den samla globale uhjelpa... Og det er dei fleirnasjonale konserna, også norske, som er ekspertane på dette, og som er skurkane i dette uhyggelege spelet.

Like før Sigbjørn Johnsen gjekk av som finansminister, la han fram eit lovforslag det var knytta forventingar til, og som omhandlar land-for-land-rapportering. Dette går ut på at konserna skal rapportere kor mykje dei betaler i skattar og avgifter til dei ulike landa dei har aktivitet i, slik at både korrupsjon og skatteunnaluring via skatteparadis kan reduserast. Fleire organisasjonar, som Redd Barna, Tax Justice Network Norge, Publish What You Pay Norge, Attac og Norsk Øko-Forum, er skuffa over det aktuelle lovframlegget som no er diskutert i finanskomitéen i Stortinget, fordi det ikkje er strengt nok. Det vil gi selskapa for lett spel med å skjule ting frå rapportering.

Oppsiktsvekkande synspunkt.

Ein av Høgre sine representantar i finanskomitéen, Siri A. Meling, presenterer ei oppsiktsvekkande haldning i dette spørsmålet: I staden for å vere uroa over dette skattesnyteriet, så fryktar ho meir at strenge reglar kan skade norsk bedrifter. “Lova må vegast opp mot omsynet til at norske bedrifter må kunne vere lønsame. For mange særnorske krav vil vere negativt for selskapa“, seier ho.

Eg har leita på nettet for å sjå om dette kan vere sannt, om ho er feilsitert eller om ho har korrigert denne uttalen, men uten resultat... Det ser altså ut til at Høgre går inn for at norske selskap skal kunne snyte på skatten, dersom det må til for at dei skal vere lønsame...

Dessverre er ikkje Meling og Høgre dei einaste til å forsvare “norske interesser” sjølv der dette skulle innebere ein praksis som er uetisk og sterkt klanderverdig. Mellom anna har det norske oljefondet prøvd å få klarsignal for å sjå bort frå etiske reglar dersom fondet er minoritetsinvestor i ei “tvilsom forretning”. Oljefondet blir elles oppmuntra til å satse meir på prosjekt i uland fordi det der er større fortjeneste å hente enn i andre regionar.. Er det fordi dei der er mindre i stand til å verje seg mot skattesnyteri og anna plyndring?

I skrivande stund, 8. november 2013, markerer Transparency International sitt 20 års jubileum. Det er heilt tydeleg at både denne organisasjonen og “slektningar” som Tax Justice Network og Publish What You Pay har ein viktig jobb å gjere også i åra som kjem...


Internasjonalen Arne Strand Radikale Røster Redaksjonens utvalgte innlegg Perspektiv Publisert på Dagsavisens debattsider samme dag. Blåmandag Grønn hverdag Publisert i Dagsavisens papirutgave samme dag. Ille til mote Anders Heger Diskuter nå Hege Ulstein Espen S. H. Rusdal Ivar A. Iversen Utvalgte innlegg Reidar Sollie Halvor Finess Tretvoll Henvisning 1 Henvisning 2 Cancun Til Dagsavisen.no Refleks Selvbilder Global Voldtekt Dagens leder

Se også

Blir du med i debatten ?

Vi ønsker at Nye Meninger skal være en plattform for opplyst og engasjert debatt. Vær saklig og unngå personangrep. Overtramp vil føre til sletting og kan føre til utestenging. Les mer om retningslinjene våre her!