Annonse
Annonse
Annons
Annonse
Annonse

Arne Hjeltnes

Dugnad for demokratiet

Publisert 8 august 2011

Tragedien i Oslo og på Utøya er vanskeleg å fatta. Ikkje berre er det vondt å tru at noko slikt skulle henda, men det er vondt å tenka på dei som opplevde det og dei som sit att.

Samstundes har katastrofen vist eit samhald og vern om våre frie verdiar, som gjer oss håp. Me er eigentleg ikkje så ulike me nordmenn. Når alt kjem til alt.

Mange av dei gode talane etter den 22. juli har peika framover. Til ære for ungdommane som mista livet ynskjer mange av oss å mobilisera dei unge til å engasjera seg og vera med. Unge med meiningar av alle slag.

Det beste vern mot slike grusame hendingar er større deltaking og meir demokrati. Den verste fienden vår er at me vert likegyldige. Eg er viss på at meir demokrati og større deltaking er svaret. Og eg har tru på at ungdommen vil.

Dei vil finna mange vegar inn i demokratiet, gjennom ulike parti og organisasjonar. Mange unge står på listene til kommunestyrevalet. Dei kan me støtta ved å stemma på dei, uansett kva parti du vel.

Meir demokrati er eit godt, men og eit krevjande svar på kva me skal gjera med det som ramma oss. Krevjande fordi demokratiet vårt er stramt styrd av tunge prosessar, direktiv og sentrale premiss. Demokrati er ikkje ein ressurs me berre kan auka. Det er noko me må dela mellom oss.

Ein ungdom som møter til teneste må få kjensla av å kunne påverka, å verta høyrd. Meir demokrati til ungdommen vil bety endringar. Får dei ikkje vera med å styra, vil dei snu i døra. Slik eg opplever engasjementet vil dei unge neppe nøya seg med ein plass på galleriet. Dei vil ha sin del av demokratiet.

Når me no inviterer til ei brei deltaking i demokratiet me alle elskar, så lyt me gje rom til dei som kjem inn. Dei fleste vil naturleg nok starta i sitt eige lokalsamfunn. Difor kan meir demokrati til dei unge i små og store kommunar, bety at nokon får mindre makt, får styra mindre, både lokalt og nasjonalt.

Det kan verta nokre tøffe rundar. Men med den varmen, toleranse og samhaldet me har sett etter at det utenkeleg råka oss, er eg sikker på at me kan samla oss om eit endå breiare demokrati.

Me treng ein skikkeleg norsk dugnad, ikkje ein fotballkamp, der berre nokre få spelar og resten sit og ser på.

Dei sanne heltane

Publisert 11 juli 2011

I haust skal du endeleg få stemma på dei ekte heltane i politikken.

Tru det eller ei, men det er ikkje ein stats-, utanriks- eller bistandsminister som reiser verda rundt og delar ut milliardar. Det er heller ikkje stortingsrepresentantar med god løn og privileger. Dei er toppen av isfjellet. Dei få som har klatra til topps. Heltane er kommunestyrerepresentantane. Dei som du knapt veit namnet på. Dei som brukar kveld etter kveld på å diskutera rundkøyringar eller flassing av maling på skulebygg, der du bur.

Dei får ikkje middag på slottet eller møta statsleiarar i Brussel. Dei får bagettar og budsjettproblem. På agendaen står ikkje dei store prinsipielle sakene, krig, fred eller regnskogar. Hjå dei handlar det om uoppnåelege krav, stadig større løns- og pensjonskostnader som skal vegast opp mot presset på kommunale tenester. Symjebasseng som er tomme eller sengeplassar på gangen. Idrottsanlegg og kulturhus som må utsetjast, fordi kommuneøkonomien er trong.

Der ein arbeidsminister kan hosta opp milliardar til å betre ytingane frå staten, er det lite å grava fram ute i dei grisgrendte stroka. Staten er rik. Milliardane sit nok lausare enn det som er bærekraftig for ungane våre, men me har ikkje skjøna alvoret enno. Kommunane er fattige og det er dei lokale heltane som må ta dei upopulære vala. Dei kan ikkje berre tilsetta ein masse nye folk eller bruka 17 millionar for å få konsulentar til å skriva rapportar for seg.

Så kvifor gidd dei stille på val for å få lite betalt og mykje kjeft? Kanskje finns det genuint gode folk der ute, som vil bruka av tida og kreftene sine på å laga gode lokalsamfunn, utan tanke på eiga vinning og karriere? Kanskje er dei trassige, kanskje spesielt ansvarlege av natur? Det kan i alle fall ikkje vera glamour og flotte konferansar i regi av FN eller andre gode formål på luksushotell med palmar i hagen. Det er eit mysterium. Uansett så burde me takka dei, gje dei blomar og ein klem, uansett kva parti dei kjem frå. Men får dei takk? Staten gjer i alle fall det den kan for å laga livet surt for desse eldsjelene. Store delar av overføringane dei får er bunde opp, dei har lite handlingsrom, men får altså kjeften når det ikkje er bra nok.

Fylkesmannens Innsigelsesavdeling og andre statelege organ brukar stor innsats på å ta frå dei styringa. Viss ein heil kommune er samd om å bygga noko eller regulera noko, så kan du vera sikker på at ein andletslaus byråkrat i ein stor by langt frå kommunen kjem med innsigelsar som nektar dei lokale å sjølve få ta avgjerdene om korleis dei skal ha det der dei bur. Viss ein kommune er god på å få i gang lokalt næringsliv, får dei likevel ikkje sin skjerv av den skatten bedriftene betalar. Før fekk dei nokre få prosent, no får dei ingenting. Mindre av skatteinntektene frå dei som bur i kommunen får dei og.
Planøkonomiens riddarar meiner at dei som bur og styrer lokalt er mindre eigna til å bruka pengane fornuftig enn dei statlege byråkratane. Eg er usikker på om folk i kommunestyra føler det samme. Dei fortener betre.

Kan me leva av nye skattar?

Publisert 6 juni 2011

Nordmenn har gjennom tidene vore gode på å finna nye næringsvegar.

Olje, offshore, solcelleteknologi, oppdrett, vasskraft og skipsfart. Sjølv om mange trur at me kjem til å sitta håplause med hendene i fanget, viss olja tar slutt, er eg langt meir optimistisk. Naturen har vore snill mot oss. Det dukkar stadig opp nye og spanande ressursar me kan nytta oss av. I nord er bioprospektering eit slikt område. Totalt ukjende ressursar i Barentshavet kan verta til avansert medisin.

Og når bøndene i Gloppen i Sogn & Fjordane går saman om å bygga seg eit kraftverk, er det nettopp urkrafta på bygdene dei representerer; Ynskje om å klara seg sjølve og skapa verdiar for seg og sine. Småkraftverk er kortreist og flott fornybar energi. Skal bygdene overleva treng me driftige folk som skapar. Men kva er takken frå storsamfunnet? 141 prosent skatt.

Det vesle kraftselskapet leverte straum tilsvarande 1.500–1.600 husstandar og gjekk med tre millionar i overskot. Skatterekninga frå staten var på fire og ein halv million. Dei driftige bøndene hadde vore fornuftige og sikra seg langvarige kontraktar på straumen sin, i staden for å selja den på spot. Staten meiner at dei må betala skatt på det dei kunne ha tent, viss dei hadde seld den på spot. Eit fantastisk kreativt prinsipp, som ein må ha jobba heile livet på kontor langt frå Byrkjelo for å finna på. I tillegg må dei sjølvsagt betala både eigedomsskatt og andre avgifter. Skatten vart med andre ord 165 prosent av resultatet.

På skulen lærde eg at den optimale skatten ligg ein stad mellom 0 og 100 prosent. Kanskje er dette nye takter i skattepolitikken; potensiell skatt? Ikkje skatt av det du har tent, men det du kunne ha tent, er eit artig og kreativt virkemiddel. Men er det noko me nordmenn kan leve av i framtida? Er det bærekraftig?

I Sør-Odal starta nokre spanande folk ei avansert teknologibedrift i eit gamalt sagbruk dei hadde kjøpt for 2,5 millionar. Diverre er det ein del ledige slike sagbruk i det næringsfattige innlandet. Kommunen svarde med å krevja eigedomsskatt basert på den kreative ideen at sagbruket brått var verdt 7 millionar. Er det rart det vert tomt på bygdene?

Kreative folk som set saker og ting i sving på bygdene, vert dynga ned med byråkrati og reglar – og stadig nye morosame skattar. Den norske modellen slår sprekkar, i alle fall ute på bygdene, men det oppdagar kanskje ikkje folket her i hovudstaden?  Det er ikkje lenger mogeleg å rettferdiggjera dette med at ein prøver å ta pengane frå nokre få Oslo-rikingar. Vanlege folk i distrikta, som prøver å skapa verdiar, er taparane. Folk som køyrer pickup heller enn yacht er dei som staten skvisar for å få kroner til meir reglar og byråkratar. Det er nemleg ikkje nok rikingar i Noreg. I Noreg er det flest vanlege folk. Alle kan ikkje arbeida i staten.

Nyleg kunne NRK melda at det no er 17.000 helsebyråkratar. Det er berre å ta av seg hatten og gratulera­­.

Dei nye «gutta på skauen»

Publisert 9 mai 2011

I går fekk tre tapre menn Krigskorset. Den høgaste utmerkinga ein norsk soldat kan få.

To av dei, Eirik Johan Kristoffersen og Jørg Lian, har kome vel heim frå store bragder i vår teneste, medan den tredje, Trond Andre Bolle, gav livet sitt for Noreg i Afghanistan.

Noreg har vore krig, eller i situasjonar som liknar på krig (som me likar å kalle det) i 10 år i Afghanistan. Det er dobbelt så lenge som andre verdskrigen. Innsatsen til våre tapre kvinner og menn i åra mellom 1940 og 1945 har hatt mykje å seia for nasjonen vår.

I dag veks alle born opp i eit trygt og velståande land, langt frå fare, krig og konflikt. Det er rett og slett vanskeleg for oss å skjøna kva det vil innebera å vera i strid, å vera i situasjonar der ein kan mista livet. Våre soldatar i Afghanistan opplever dette, langt der borte frå trygge Noreg. Dei er ikkje der fordi dei har dratt dit for å oppleva spaning. Dei er der fordi nasjonen Noreg og våre politikarar har vedteke at dei skal dra.
Me har sendt dei i krigen.

Markeringa av veteranane på frigjeringsdagen i går er viktig. Det er dei som fører vidare arven frå heltane som kjempa mot okkupasjonsmakta for sytti år sidan. Dei er dei nye «gutta på skauen». I samband med utdelinga har Eirik Kristoffersen og Jørg Lian sagt at dei har vore inspirert av det Gunnar «Kjakan» Sønsteby og heltane den gong stod for og gjorde. Jørg Lian sa til og med i eit intervju at han hadde hatt praktisk nytta i operasjonar av det han har lært av Kjakan.

Det er flott at Noreg endeleg har fått på plass ei skikkeleg ordning med heider for dei aller tapraste me sender ut. Og at veteranane vert sett av samfunnet.

I internasjonale operasjonar er nordmenn i verdsklasse. Me sender ut soldatar med svært høg kompetanse og gode haldningar. Trond A. Bolle har etter at han gjekk bort vorte heidra internasjonalt som ein av dei fremste spesialsoldatar i verda. Me har all grunn til å vera stolte av dei som kjempar i Afghanistan og Libya. Det er viktig at me stiller oss bak dei som dreg ut og kjempar for våre verdiar.

For dei unge i dag er det viktig at dei får nokre heltar frå si tid, akkurat som våre foreldre fann sine ideal i mai 1945. Då må me fortelja om kva dei gjer i teneste for Noreg og visa dei fram. Slik me no har gjort med Eirik Kristoffersen, Jørg Lian og Trond Bolle. Våre nye heltar.

Ny fargefjernsynsdebatt?

Publisert 4 april 2011

Då fargefjernsynet kom, var det heftig debatt i Stortinget.

Mange var imot. Saksordførar Einar Førde summerte motstandarane sin argumentasjon slik: «Me veit at synda er komen til jorda, men me vil ikkje ha ho i fargar». Fargefjernsyn vart innført, rett nok som prøveordning i mange år, men ingen vil vel attende til svart/kvitt-sendingane?

Slik var det og då Willoch gjekk til val på eit ope Noreg der NRK-monopolet skulle avskaffast og butikkane skulle få ha ope etter klokka fem. Då Gro Harlem Brundtland tok over etter Willoch var det ingen som ville attende til dei gamle ordningane.

I våre dagar har me ein ny slik «fargefjernsynsdebatt», nemleg diskusjonen om at det skal vera høve til å gje arbeidstakarane større råderett over korleis dei vil jobba. Arbeidsmiljøloven og dei rigide godkjenningsreglane som gir fagforeiningane vetorett er gamaldags. Kvardagen er ikkje berre den klassiske industriarbeidaren. Nokre arbeidsplassar må få ordna dette fleksibelt viss dei skal få tak i kvalifisert arbeidskraft, som til dømes helsesektoren i Måsøy kommune i Finnmark. Der har dei fått orden på vaktene med turnus. Dei sparar pengar, treng færre vikarar og har for fyrste gong på lenge fått kvalifiserte søkarar til jobbane.

Det er lett å sitta i Oslo eller i dei store organisasjonane å vera prinsipiell. Nokre vil heller jobba intensivt over ein periode og så ha fri med familien. Kanskje til og med reisa opp til Finnmark, jobba to veker og så reisa heim att til ein heilt annan kant av landet. Oljearbeidarane gjer dette. Men sjukepleiarar får ikkje. Det er svært vanskeleg for folk å skjøna. Men det er klart at den som forvaltar reglar og sit med vetoknappen, misser mykje makt, viss arbeidsfolket ordnar slike ting sjølv.

Arbeidsmiljøloven har nokre viktige prinsipp. Eitt av dei er at arbeidet skal tilpassast arbeidstakaren sin livssituasjon. Det kan sjølvsagt bety å passa på at nokre ikkje jobbar for mykje. Men snur du på det, så betyr det og at det skal opna for at nokre i periodar gjerne vil jobba litt meir, fordi dei er i ein livssituasjon der det passar. Det hadde vore fint om verda var så enkel at eitt regelsett passa for alle oss, men når det ikkje gjer det, så vert motstanden mot fleksibilitet som å vera mot fargefjernsyn eller internett.

Kanskje er det smartare å vera med å skapa nye reglar som passar for vår tid, enn å tvinga dei gamle på folk som ikkje vil ha dei. Eg tviler på at ein kan stoppa utviklinga av eit fleksibelt, moderne arbeidsliv med vetorett særleg lenge. Det vert som bedehuspredikanten som vart konfrontert med at Jesus hadde skapt vin av vatn. Han svarde: «Me veit det, men me likar det ikkje».

Publikum vann VM

Publisert 7 mars 2011

Folket lagde sin eigen fest.

Ski-VM i Oslo vart ein enorm suksess. Eg trur eg kan seia det sjølv om eg har vore med å jobba der saman med over to tusen frivillige. Sportsleg vart det ein stor suksess. Noreg vart beste nasjon. Over femti nasjonar deltok og tolv av dei tok medalje. Den største vinnaren er utan tvil publikum. Nokre var skeptiske til folkefest. Tidene for slikt var forbi, vart det hevda. Resultatet vart den største folkefesten me har sett her til lands på veldig lenge. Nordmenn er slett ikkje mette på slikt.

I Holmenkollen har stemninga vore fantastisk med hordar av folk langs løypene og i det nye flotte anlegget. Kollen-publikumet levde opp til ryktet som verdas beste. Utøvarar frå alle land har følt seg lyfta fram av jubelbruset, sjølv dei dagane ein knapt kunne sjå kven som kom. Ikkje ein gong dei svenske langrennsløparane klarde å verta sinte, då Northug tøffa seg på stafetten. Kanskje er det nettopp ein slik fyr me treng, for å gjera sporten vår meir kjend, sa Daniel Rickardson.
Og i motsetnad til andre store idrottsarrangement ute i verda, har me sett ungar overalt. Nordmenn tek med seg ungane sine; på ryggen, i vogn og i sekken. Det har vore køar og T-banekollaps, folk har stått som sild i tønne, tålmodet har vore prøva, men det norske skipublikumet har vist seg fram som eit forbilde.

Oslo kommune inviterte heile Noreg til folkefest om kvelden. Medaljeseremoniane på Universitetsplassen har samla mange hundre tusen. Oslo sentrum har kokt av blide, venlege og feststemte folk frå heile landet. Politiet har skrytt av kor flott folk har oppført seg. Kommunen fortener verkeleg honnør for å ha tatt på seg den tunge økonomiske oppgåva med å gje Noreg eit så utruleg flott nasjonalanlegg. Det har kosta, men som ordførar Fabian Stang sa under opningsseremonien; me har bygd dette anlegget for barna. Det skal skrivast ned over veldig mange år. Og eg trur det skal gje oss mange flotte stunder, som dei me har hatt under VM.

Bildene som skiverda har fått sjå frå Oslo desse ti dagane, er bilder av blide folk, jubelrus og venleg folkefest med ein skiinteressert kongefamilie midt blant publikum. Sjølve arrangementet vart ein økonomisk suksess. Takka være eit stort og positivt publikum frå heile landet, er grunnlaget lagt for mange skifestar.

Nye Holmenkollen er for alvor opna. Og det er faktisk typisk norsk å vera blid, positiv, glad og entusiastisk. Det har vore kritikarar. Billettsalget gjekk dårleg, maten var vond, tåka burde vært unngått og sponsorinntektene for låge. Ingen ting er 100 prosent perfekt, men på eit område tok kritikarane verkeleg feil: Publikum. Folket ville ha denne festen – og kom og lagde den.

Facebook i offentleg sektor?

Publisert 7 februar 2011

Halvparten av alle nordmenn er på Facebook. Ikkje alt som skjer der inne er særleg fornuftig.

Den sosiale kontakten der folk sit kvar for seg framfor sin eigen skjerm og sender meldingar om at dei lagar vaflar eller et middag, er vel neppe like verdifull som at dei møtes og et vaflar i staden? I land som har store og verkelege problem er Facebook viktig. Der kan slike nettstader vera sterke demokratiske kanalar mot eit kontrollerande regime. Det har me sett i Burma, Iran og ikkje minst i Egypt.

Dei store folkerørslene på Facebook i Noreg handlar om andre ting. Det er spel, små hjarta, bilete frå gamle festar og stort engasjement for produkt som er tekne frå marknaden fordi ingen ville kjøpa dei. WWF har til dømes 8.000 vener, FN har 52.000, men «Vi som vil ha tilbake BUGG-tyggisen» har 54.000 vener. Det kjem sikkert til å vera mange som vil bruka mykje tid på tull og tøys på Facebook, men den unike dialogen ein kan oppnå med svært mange vil verta verdifull for både bedrifter og det offentlege.

Under askekrisa i luftfarten håndterte flyselskapet Norwegian den svært uoversiktlege situasjonen etterkvart berre på Facebook. Selskapet la ut informasjon og passasjerane kommuniserte seg i mellom om å spleisa på leigebilar eller hjelpa kvarandre på anna vis. Under den store markeringa Oslo Facebook Event 2011 vann NetCom prisen for beste Facebook-side. Selskapet håndterer sin kundeservice der og skapar ein nær og god kontakt med brukarane sine. Og midt mellom dei store; Lille Vinkel Sko, som er ein nettbutikk som har vunne fram takka være Facebook. Men enno saknar eg den som har mest å henta på å koma i god dialog med brukarane sine, det offentlege.

Auka digitalisering av det offentlege informasjonsbehovet vil vera utruleg viktig. Eg snakkar ikkje om å legga ut sensitive data, men rein og skjær kundekontakt, svar på spørsmål, dialog. Nyleg skulle eg klaga til Bærum kommune på at søppelet ikkje var henta. Det vart ein utruleg lang og kronglete prosess. Då eg til slutt hadde funne skjema BK 116 langt inne på heimesidene til kommunen, vart eg beden om å logga inn med MinId og fylla ut enorme mengder informasjon i fleire lag. Berre for å senda ei enkel melding om at søppelet var gløymt.

Den digitale dialogen kjem til å gjera store framsteg. Eg ventar litt på at kommunale og statlege organ oppdagar dette. Medan eg ventar kan eg vera med i gruppa for dei som vil gjera noko med lokket på makrell-i-tomat boksane.

Jens og Jens Christian

Publisert 10 januar 2011

Tema som omsorg, AFP og sjukehus skapar debatt. Men kor vert det av engasjementet for eigenkapital og avkastning?

«Verden går videre, hvis vi vil» sa statsministeren i sin nyårstale. Jens Stoltenberg hadde mange gode poeng i sin tale. Han tok fram «den fremste generasjonen». Dei som bygde grunnlaget for det moderne Noreg, fyrst gjennom motstandskamp og seinare i det sivile samfunnet.

Tidleg på 50-talet visste dei sjølvsagt ikkje at me skulle finna olja og enda opp i den gunstige økonomiske situasjonen me er i no. Det måtte altså anna verdiskaping til. Sentralt i utforminga av styringa i den økonomiske politikken stod Jens Chr. Hauge, og han var skeptisk til å innføre «et sentralistisk byråkrati i vårt økonomiske liv som skal stikke fingre i alt, regulere alt, avgjøre alt, godkjenne alt og som skal brukes til å forberede overføringen av alle bedrifter til staten i tidens fylde» (iflg. Olav Njølstad sin utmerka Hauge-biografi).

Eg synes det kan vera på sin plass å minna om dette, fordi den enorme oljerikdomen vår kan lura oss til å tru at det ikkje er så viktig kva små og store verksemder skapar rundt om landet vårt. Det virkar som om alt handlar om velferdsgodene og det enorme behovet me har for innsats i helsesektoren. Det er der det skjer. Der er framtida. Der er dei nye jobbane. Berre på det minste sentralsjukehuset vårt er det til dømes 14 direktørar. Me har fått ein ny ideologi, som slukar budsjetta og merksemda; pensjonismen. Alle bølgene er der; eldrebølgen, trygdebølgen, migrasjonsbølgen. Omsorg, reform, AFP, sjukehus, pasientgaranti, bevilling er ord som skapar engasjement, debatt og set dagsorden.
Kor vert det av engasjementet for eigenkapital, avskriving, overskot, avkastning eller soliditet, (viss det er nokon som framleis veit kva det tyder)? Verda går vidare, viss me vil, og viss me klarar å skapa verdiar som gjer arbeid og grunnlag for å ta vare på dei som ikkje kan arbeida.

Eg veit at helsesektoren er viktig, men det kan synast som om det snart er den einaste sektoren som betyr noko. Tenk om me hadde brukt like mykje tid på verdiskaping som me bruker på å uroa oss for alle dei eldre som skal koma? Eit steg i riktig retning er å fjerna revisjonsplikta for dei små verksemdene. Både Sigbjørn Johnsen, Trond Giske og Senterpartiet skal ha ros for at dei klart å stå imot dei sterke kreftene som meiner at ein ikkje kan kontrollera private verdiskaparar nok. Det er framleis eit enormt byråkrati for folk som driv verdiskaping her i landet. Eg trur ikkje norske verdiskaparar i bygd og fjord vert kriminelle, viss me ikkje kontrollerer dei i minste detalj.

Det kan vera nyttig å sjå litt attende, å sjå kvar den velstanden me har kjem ifrå. Den er ikkje vedtatt av Stortinget. Den er skapt av innsats i heile landet. Verda går vidare, viss me vil, sa statsministeren. Mange vil, viss dei får sleppa litt betre til.

Har me nordmenn nokon sjanse?

Publisert 15 november 2010

Det store spørsmålet i vårt velståande vesle land er: kva skal me leva av etter oljen?

Nyleg la SSB fram tal som viste at det er ingen grenser for kor mange av oss det er bruk for i offentleg sektor. Det var hevda at det er bra for oss at det vert færre industriarbeidarar, slik at me får ledige hender til all omsorga me skal utføra framover. Men er det noko å leva av i framtida? Eit nytt industrieventyr eller ei næring som kan bygga landet? Det kan sjølvsagt henda at me kunne skaffa oss nokre inntekter på å få utlendingar hit på kur, spa eller helseopphald, men som nasjon lyt ein kanskje satsa på noko som skaffar oss ferske nye pengar.

Debatten har diverre altfor ofte ei slagside mot apati. Eldrebylgja kjem. Me får ikkje nok til alle som vil ha pensjon. Det vil vera for få sjukeheimsplassar og tilsette som skal arbeida der. Ein kan få inntrykk av at frå no, her på toppen av oljeberget, vil det berre gå nedover. Framtidsutsiktene er triste. Eg synes me bør vera urolege om dette inntrykket får festa seg hjå dei unge, som skal bygga det neste Noreg. Det er ikkje vits å prøva, etter oljen er det berre myrkt og trist. Det ville ikkje undra meg om ungdommen byrjar å lura på om det budde folk her i landet før me fann oljen.

I dag kan eg difor avsløra at det gjorde det. Det fantes nordmenn og arbeidsplassar før eventyret i Nordsjøen. Det er heilt sant. Det er til og med sant at nordmenn har skapt store verdiar og industrieventyr før. Fisk burde det ikkje vere naudsynt å nemna. I dag er Noreg ein av verdas største mateksportørar. Heilt sidan midt på 1800-talet har fisk vore ei industriell eksportnæring. Det er ei næring som ikkje treng noko månelanding for å driva vidare. Der er framleis store framtidsutsikter. Skipsfarten er ei anna næring. Me trur kanskje det helst er store tankskip eigde av utflytta nordmenn, men tusenvis av nordmenn arbeider i den maritime sektor framleis. Spanande utfordringar står i kø for norsk kompetanse og teknologiutvikling på havet. Vasskraft og fornybar energi har me vore ekspertar på lenge. Industrieventyret Hydro på Rjukan lever framleis med sine beste år framfor seg. Statkraft er eit selskap i verdsklasse som til dømes bygger vasskraft saman med dei aller største og krevjande aktørane i India. Denne satsinga kan fort verta ei like viktig verdikjelde som oljefondet. I alle fall om politikarane ikkje tømer kassa kvart år og gjer dei i stand til å bygga vidare på norsk kompetanse i ei framtidsnæring.

Men det er ikkje berre i dei store næringane det ligg framtid for våre unge. I våre dagar kan verksemder ligga kvar som helst og små teknologieventyr dukkar stadig opp. Det er dette me bør bruka tida vår på. Skapa godt grunnlag for stor og liten verdiskaping. Og slutta å masa hol i hovudet på dei unge om kor fælt det vert utan oljen. Dei kan koma til å tru på det.

Bra, Helga!

Publisert 20 september 2010

Noreg er eit lite land med mykje struktur.

Helga Pedersen har turt å ta opp kommunestrukturen. Det er eit vepsebol i den raudgrøne leiren. Men slik det diverre alltid er med ting som plagar oss; dei vert ikkje borte om me feiar dei under teppet.

Ho er absolutt inne på noko. Noreg er eit lite land, sjølv om me visstnok er på veg mot 5 millionar folk. Likevel held med oss med mykje struktur; 430 kommunar og 19 fylkeskommunar. Det er om lag det dobbelte av det svenskane og danskane har. Eg treng ikkje vera verken Snåsamann eller ha kontakt med høgare krefter for å spå at dette ikkje kjem til å halda fram for alltid. I våre dagar er ikkje avstandane eller dei gamle geografiske skiljelinene like openbare som dei var for hundre år sidan. Verda har ein tendens til å endra seg.

For oss som ynskjer å styrka distrikta, er det viktig å skapa sterke regionar, som både kan vera attraktive for folk å bu i og ikkje minst som kan nå fram og få gjennomslag i nasjonen. Eigentleg trur eg dei fleste vil vera samde i at me godt kan modernisera kommunestrukturen vår, men nokre ser helst at den moderniserast i andre kommunar enn der dei sjølve sit eller der partiet deira har ordførar. Oftast er det største stridsspørsmålet kvar kommunehuset skal ligga eller kva kommunen skal heita. Prinsipielt kan ein vera samde, men så stoggar det opp i slike prestisjesaker.

Helst ynskjer alle at kommunar sjølve skal frivillig slå seg saman. Det kan ein og sjølvsagt styra med ulike politiske og økonomiske verkemiddel. Men kva viss dei ikkje vil? Skal dei tvingast? Eg trur det vil vera lurt å gje det litt horisont, slik at eigne verv og posisjonar ikkje spelar så stor rolle. Me treng ein langsiktig plan.
Me skal ikkje ta frå dagens ordførar klubba, men gi klubba til ho som kjem etter han. Og dela ut ein endå større klubbe med betre føresetnader for å skapa gode lokalsamfunn.

Lokaldemokratiet og styringsretten lokalt skal styrkast. Det bør vera større makt i det kommunale sjølvstyre enn med dagens sentralstyring og flytting av makt til direktorat og organ som ikkje er politisk styrde. Større og meir slagkraftige kommunar kan betre forvalta sine saker og vil vera ein meir verdig motstandar mot nettopp slike udemokratiske institusjonar.

I dag er dei fleste av oss sjeldan innom tinghuset. Kvar det ligg er ikkje så viktig lenger. Viktigare er det kvar skulen ligg, eldresenteret og sjukehusa. Ny teknologi vil dessutan gjera vår kontakt mykje meir effektiv over nettet, slik Skattevesenet har revolusjonert utfyllinga og innleveringa av sjølvmeldinga.

Det er gode taktar av Helga Pedersen å setta ein framtidsretta debatt om strukturen på velferdsstaten på dagsorden. Det er ein viktig debatt. Me får håpa at ein slik strukturrunde og tar oppi seg meir lokaldemokrati og mindre byråkrati. Det treng kommunane for å vera gode leverandørar til me som bur der.
Lukke til!