Debatt

Afrikas røyst

Han sprang med djevelen i hælane og song med guddommeleg røyst. Songstjerna Bonga byrja som idrettsstjerne for kolonimakta Portugal i 60-åra og hemmeleg kurer for den angolanske frigjeringsrørsla. Snart vart han Afrikas talerøyr for språkleg og kulturell frigjering. No syng han i Oslo 4. november.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Det byrja etter kvart å brenne under føtene til angolanaren José Barceló de Carvalho. Det portugisiske hemmelege politiet, frykta for torturmetodane, var på sporet av han, og berre éin utveg stod att. Portugals makt som koloniherre var på hell i 1960-åra. I Afrika tok fleire til våpen for å kjempe for sjølvstende i dei portugisiske koloniane. Andre dreiv hemmeleg undergrunnsverksemd i Lisboa.

José vaks opp i ein musikalsk familie i Angola, men det var dei raske føtene som gjorde at han vart send til Portugal i 1965. Han tok portugisisk rekord på 400 meter og sprang for landslaget. Samstundes var han hemmeleg kurer med kodenamn Bonga for den angolanske frigjeringsrørsla. Statusen som friidrettstjerne gav han fritt leide i inn- og utland. I 1972 vart det stopp. Politiet var i hælane på han, og han rømte til Nederland. I eksil vart løparskoa bytta ut med mikrofon, og kodenamn vart artistnamn. Han henta fram tradisjonen frå familien i Angola, og det legendariske albumet Angola 72 vart spelt inn. Bonga kom til å tonsetje fridomsdraumen som eit heilt kontinent bar på, og hundrevis av plater vart smugla til Lisboa og Luanda – og til andre koloniar.

Samstundes var Salazar-diktaturet i Portugal i ferd med å trekkje sitt siste sukk, og i 1975 vart Angola sjølvstendig etter ein lang og blodig krig. Same lagnad fekk Mosambik og andre portugisiske koloniar. Bonga deltok nok i fridomsfeiringa med same glød som andre, men var uroa. For politisk sjølvstende er ikkje det same som kulturelt sjølvstende. Ein nyvunnen nasjon tufta på språket og kulturen til kolonimakta ville berre vere ein halvvunnen siger.

I Angola 72, er det i språket at mykje av sprengkrafta ligg. Det var uhøyrt at ei plate som var sungen på språket kimbundu skulle slå igjennom på to kontinent og få klassikarstatus. At mange ikkje forstod kimbundu, men likevel song med til refrenget til mona ki ngi xiça (‘det første bodskapet’), tydde på at bodskapet var grenseoverskridande.

I Noreg veit vi godt at språk har vore kontroversielt like lenge som vi har vore eit land. I Afrika stiller det seg ikkje så annleis. I Sør-Afrika sprang Soweto-opprøret i 1976 ut frå svarte skuleelevar som protesterte mot at undervisingsspråket var afrikaans i mange fag. Fleire hundre vart truleg drepne av opprørspolitiet. Spørsmålet om språk vart eit spørsmål om liv og død for unge sørafrikanarar som kjempa mot apartheidregimet.

Om lag samstundes endra Jamas Ngugi, Kenyas store forfattar og framleis aktuell nobelprisfavoritt, namn til Ngugi wa Thiong’o. Han bytta òg ut engelsk med gikuyu og swahili i dei påfølgjande bøkene han gav ut. Dette speglar ei kulturell strøyming i Afrika som Ngugi wa Thiong’o sjølv kalla for kampen for avkolonialiseringa av tankane. Ved å nytte språket til kolonimaktene ville det imperialistiske tankegodset framleis rå grunnen i Afrika. Ekte frigjering var det same som språkleg frigjering. Våpenet til Bonga var tonane, og eit nytt album har kome nesten kvart år fram til langt ut i 2000-åra. Det kan hende at Bonga fekk eit meir pragmatisk språksyn etter kvart. På fleire album syng han òg på portugisisk. Slik sett nærma han seg Fela Kuti, afrobeat-stjerna og menneskerettsaktivisten frå Nigeria, som heldt seg til pidginengelsk for å nå flest mogleg.

Det må seiast at sjølv om kimbundu fekk ein viss status i grunnlova i Angola – saman med fleire andre språk –, er det portugisisk som er det offisielle språket i landet, og som utan tvil dominerer i samfunnslivet. Alle dei opphavlege språka er framleis underordna det gamle kolonispråket. Det var dette Bonga åtvara mot, og det er framleis like aktuelt i dei fleste andre afrikanske land.

Samstundes er ikkje biletet fullt så enkelt. For svært mange i Angola er portugisisk morsmålet og det einaste språket dei kan, særleg i urbane strok. Portugisisk er dessutan eit fellesspråk for angolanarar som har kimbundu, umbundu, kikongo eller eit av dei andre lokale språka som morsmål. Kolonispråket opnar også dører til andre portugisiskspråklege land, ikkje minst Brasil. Kanskje kan det forklare den pragmatiske haldninga Bonga etter kvart utvikla som artist.

Mer fra: Debatt