Kultur

Adios, Mellom-Amerika?

Dersom vi berre fokuserer på dei fattigaste landa, lukkar vi auga for 70 prosent av dei fattigaste i verda.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Utanriksministeren varslar bistand til færre land. Eg fryktar at det blir sluten for viktige prosjekt for menneskerettar, likestilling og demokrati i Mellom-Amerika. Kva som kjenneteiknar dei fattigaste av oss, har endra seg dei siste tiåra. På midten av 1990-talet budde over 90 prosent av dei fattigaste menneska i verda i dei fattigaste landa. No er det heilt annleis. I dag bur over 70 prosent av dei fattigaste i mellominntektsland. Det må vi ta omsyn til når vi utformar utviklingspolitikken vår.

SV og regjeringa deler ein ambisjon om å bekjempe fattigdom. I spørsmålet om korleis vi gjer dette best mogleg, skil vi likevel lag. Då det var utanrikspolitisk debatt i Stortinget for nokre veker sidan, sa utanriksministeren: Det at folk i fattige land skal få det bedre og komme ut av fattigdommen, slik at det ikke lenger er et u-land, men blir et mellominntektsland, er formålet med utviklingshjelpen.

Denne ambisjonen er veldig snever. Dersom vi berre fokuserer på dei fattigaste landa, lukkar vi auga for 70 prosent av dei fattigaste i verda. Og at eit fattig land blir eit mellominntektsland, betyr ikkje at fattigdommen i landet forsvinn.

Då Heikki Holmås var utviklingsminister, tok han dette på alvor. I stortingsmeldinga «Dele for å skape» la han fram det som kan bli eit paradigmeskift i norsk utviklingspolitikk, der rettferdig fordeling blei eit viktigare mål enn nokon gong tidlegare.

Brendes ambisjon for arbeidet mot fattigdom vil gjere det enklare å redusere talet på land vi gir pengar til, som Brende har sagt at regjeringa vil gjere. Samtidig lover dei ikkje å halde på prinsippet SV har kjempa for, at éin prosent av det Noreg tener skal gå til bistand. Det tyder på at dei vil ha ein mindre pott å dele ut frå, og at potten vil bli delt på færre land enn før.

Eg fryktar at denne politikken vil gå ut over vårt viktige arbeid i Latin-Amerika. Dette er den regionen i verda med størst skilnad mellom fattig og rik. Sjølv om det er mange mellominntekts­land i regionen, er det mange som lever i djup fattigdom. I sine alternative budsjett for 2013, før dei kom i regjering, valte Høgre å kutte budsjettposten som er øyremerka til viktig utviklingssamarbeid i Latin-Amerika, mens Frp ønska å halvere budsjettposten. Dette er ein budsjettpost som særleg er viktig for arbeidet for menneskerettar og større sosial rettferd i regionen. La meg raskt forklare kvifor.

Mellom-Amerika, som har mange små land og ikkje får særleg merksemd i Noreg, kan vere særleg utsett for kutt. Ser ein nærmare på norsk bistand i denne regionen, erkjenner ein at små pengesummar kan ha store positive politiske verknader.

Det norske engasjementet i Latin-Amerika starta opp i Mellom-Amerika, der open konflikt og borgarkrigar forsterka seg frå sluten av 70-tallet og heilt fram til fredsslutninga i Guatemala i 1996. Kirkens Nødhjelps lange samarbeid med lokale partnarar etter det kraftige jordskjelvet i Guatemala i 1976, la grunnlag for det norske fredsengasjementet i Guatemala og det aukande bilaterale engasjementet etter fredsavtalen. Sjølv om Guatemala ikkje lenger står på lista over verdens fattigaste land, er det enorme økonomiske skilnader internt. Utryggleiken i landet er svært urovekkande.

I Guatemala har norske bistandspengar vore med på å gi fleire sjansen til å røyste ved val. Slik kan ein bidra til større sosial rettferd gjennom at folk får ta i bruk sine nyvunne politiske rettar. Ved å gi om lag tre millionar norske kroner, betalte Noreg femtedelen av eit prosjekt som førte til at 900.000 personar fekk halde ein røystesedel i handa for fyrste gong. Norsk bistand fungerte.

Mellom-Amerika ligg midt i ruta for transporten av narkotika mellom Sør-Amerika og USA. I mange av storbyane er våpen eit vanleg syn i gatebiletet. Den organiserte kriminaliteten aukar. Dette er eit farleg tidspunkt å kneppe igjen lommeboka på, dersom ein ynskjer å bidra til tryggleik og stabilitet.

At Noreg er til stades og gir bistand til eit land, gjer at mange nordmenn får spesifikk kunnskap om landet. Denne kunnskapen, om kultur, folk og politiske forhold, er ein vesentleg fordel for resten av den norske utanrikspolitikken. Samarbeid byggjer tillit. Om Noreg reduserer kontakten med ein heil region, vil det openbart bli ein tyngre jobb å byggje opp relasjonar på ny, neste gong regjeringa meiner det skulle vere i tråd med norske interesser å ha denne relasjonen.

I arbeidet med regjeringas utviklingspolitikk er det ein fare for at ein rotar seg bort i dei tekniske måla om talet på land, og gløymer dei viktigaste måla. I Guatemala er underernæringa av born under fem år blant dei verste i verda. Då er det uhyre snevert å definere føremålet med utviklingspolitikken å skape mellominntektsland, slik Brende ivrar etter.

Ei rettferdig verd er ei verd som er rettferdig for alle, ikkje berre for eit gjennomsnitt av eit lands innbyggjarar. Våre bistandspengar kan ikkje avskaffe all underernæring i verda, men vi kan og bør bruke bistandspengar smart for å stø folks eigen kamp for rettferdig fordeling. Det burde handle om korleis fleire kan røyste, korleis kvinner kan leve trygge for vald og korleis fleire foreldre kan ha råd til å gi barna sine nok mat - uansett kva land dei bur i. Bistanden vi gir til Mellom-Amerika hjelper oss med å nå desse måla i dag.

Mer fra: Kultur