Debatt

Abelia, TTIP og TISA

Me ser no ein sterkt aukande debatt, både i Noreg, EU og USA, om dei moglege konsekvensane av TTIP- og TISA-avtalane.

Dette er et debattinnlegg som gir uttrykk for skribentens holdninger og meninger. Du kan sende inn debattinnlegg til debatt@dagsavisen.no.

Forhandlingane går føre seg i løynd med minimal innsikt både for folkevalde og borgarar flest. Trass i dette synest Håkon Haugli og Tore Frellumstad å vite at Noreg nærast er avhengig av avtalane.

Det er fremja ei rekkje påstandar om TISA og TTIP-avtalane som i lita grad er dokumenterte. For ei tid sidan uttala regjeringa sin tidlegare statssekretær i Utanriksdepartementet, Morten Høglund, at TISA ville fjerne stengsler som norske bedrifter har møtt i utlandet. Eg har spurt regjeringa sine representantar gong etter gong: Kan de gje eitt døme på ei norsk bedrift som er stengd ute frå ein marknad, og som no vil få tilgjenge til den same marknaden gjennom TISA? Eg har aldri fått svar. Men no spør eg Haugli og Frellumstad om det same: Etter som TISA kan skape fleire arbeidsplassar, kan de vise eitt einaste døme på at ei av dykkar 1.750 medlemsbedrifter vil få tilgjenge til ein marknad bedrifta til no har vore stengd ute frå? Kva for marknad og kva for ei bedrift?

Retorikken Haugli og Frellumstad vel å nytte er pussig. Etter å ha refsa min kritikk av TTIP-avtala skriv dei at «det er økende oppslutning om politikere med enkle budskap om å lukke grensene, stenge noen ute og beskytte eget næringsliv». Å stemple mostridande syn som «enkelt» får stå for deira rekning. Å ivareta nasjonalt næringsliv vert ikkje oppfatta som så dumt av andre. I samband med framlegginga av statsbudsjettet i fjor skreiv Sunnmørsposten at Tore og Gunvor Ulstein, frå skipsbyggjarkonsernet med same namn, bad om at fartøy som norske styresmakter skulle kjøpe inn vart bygd ved norske verft. «Kvifor skal Norge vere flinkast i klassa på fri konkurranse», var det spurt. Tore Ulstein er NHO-president. Meiner Haugli og Frellumstad at dette er eit anna døme på ein «enkel» bodskap om å verne eige næringsliv?

Til no har ikkje nokon dokumentert eit problem for Noreg som TISA vil løyse. Senterpartiets alternativ er vårt medlemsskap i WTO, der kvart land kan verne sine interesser og leggje ned veto dersom deira interesser blir overkøyrde. Dette har til no også vore offisiell norsk handelspolitikk. Dersom Noreg skal gå bort frå denne lina, må det vere tungtvegande årsaker for dette. Slike er so langt ikkje dokumentert. Det som derimot kan bli konsekvensen, er at avtalane kan innføre klare avgrensingar for norske folkevalde sine moglegheiter til å styre landet. Senterpartiet vil korkje godta ei TTIP- eller TISA-avtale som svekkjer det norske folkestyret.

Mer fra: Debatt