Songaren som i 2001 dukka opp på MaiJazz og gjorde eit uutsletteleg inntrykk på denne medarbeidar, viser med albumet «Grounding» endå ein gong ei sterk evne til musikalsk nyskaping. Då debutalbumet «Heavenly Attack» som kom i 2004 (etter ein EP med same namn), var karakteristikken min «himmelsk». Same år medverka ho i prosjektet «One + 1» i regi av den nyleg avdøde pianisten Eivind One Pedersen, og verda stod framfor ein uvanleg songar som med røter i jazz, gospel, Kurt Weill, Tom Waitz og nokre til, var si eiga musikalske kraft. Etter to sterke album til kjem ho i ny musikalsk framtoning, med Ivar Grydeland på gitar, Jo Berger Myhre på bass, og Pål Hausken både som trommeslagar og produsent, og reindyrkar frå første spor eit musikalsk uttrykk der ho som forfattar av både tekst og musikk også vert tydelegare. Slik formidlar ho betre også tekstar ho seier det alltid er ei verkeleg soge bak. Produsenten er meir rytmisk enn harmonisk orientert, og gitarspelet til ein Ivar Grydeland eg er van med å høyre i grenselaus frijazz, som også er med på Hanne Hukkelbergs siste jubelalbum, pregar i høg resultatet og underbyggjer det utsøkte låtmaterialet saman med resten av bandet. Og ein song som «Relay» er ei glitrande perle midt oppi det heile.

Tytingvåg er utdanna musikkpedagog, ho har gjort store rolleprestasjonar på teaterscena (noko som også pregar måten ho framfører musikken på), og ho bestemte seg med albumet «Red» i 2009 for å satse alt, utan å ha vore heildagsmusikar før. Seksten år gamal høyrde ho Ella Fitzgerald på plate syngje «How High The Moon» og hadde aldri høyrt noko liknande. Løpet var lagt, og ho kan trygt avslutte «Grounding» saman med berre Grydeland på banjo, med «Future Song».

Randi Tytingvåg har sleppkonsert på Nasjonal Jazzscene i Oslo 8. mars.

 

All ears!

Paal Nilssen-Love, Lasse Marhaug og Maja S. K. Ratkje på eitt brett, det er fortroppen bak festivalen All Ears. Den som alltid opnar festivalsesongen i januar med fri improvisasjon av alle slag, og som i år må ha sett publikumsrekord med eit svært vellukka arrangement. På albumet «Slime Zone» høyrer vi dei tre musketerane under namnet Slugfield frå ein konsert på Mono under Oslo Jazzfestival i 2010, og i elektronikkens tidsalder er det ikkje godt å vite kven som sender ut kva lyd, bortsett frå Nilssen-Loves ustanselege trommer og Maja Ratkjes ustyrlege vokale utbrot. Marhaug er verdsmeister med den elektroniske verktykassa, og saman er dei dynamitt (?) på ein konsert som høyrt på plate sjølvsagt ikkje er som å vere der. Musikk i denne sona må i alle fall eg oppleve live og fysisk, men for all del, for lydarar der ute er femti minutts liveopptak frå dette atombandet inga dårleg erstatning.

 

Ting omkring

Cleen Feed er stadig på offensiven med jazz utanfor allfarvegen og «Things About» er det femte albumet til bassisten Carlos Bica og hans band Azul, ein trio der Frank Möbus er gitarist og Jim Black trommeslagar. Det er det femte albumet etter at prosjektet starta i 1996, lansert som «indie jazz laga av energien til den urolege pulsen av rock, med songar med opphav i pop og den lyriske melankolien i portugisisk folkemusikk», står det. Det er ein lang omveg å gå om musikken der gitaren til Möbus innimellom lyder som ein forsterka Bill Frisell. Jim Black har spelt med Tim Berne, Dave Douglas o.a., det er femten år sidan dette bandet debuterte, og melankolien dyrkar dei framleis på songane som flyt roleg av garde, med ein lyd i bassen som vil falle i god jord. Portugisaren og bassisten Bica har mange jarn i elden på mange slags scener, også teater, og Azul ville ha gjort lukke også på våre scener, slik dei står fram på denne plata.

Randi Tytingvåg
Grounding
Ozella (Musikklosen)

Slugfield
«Slime Zone»
PNL (www.paaalnilssen-love.com)

Carlos Bica’s Azul
«Things About»
Cleen Feed (Musikklosen)

 

Eivin One Pedersen

Eivin One Pedersen er død, berre 55 år gamal, og Stavanger og Norge har mista ein særeigen og stor jazzmusikar. Mange vil hugse pianisten og trekkspelaren frå bandet Extended Noise som gav ut albuma «Keep Nose in Front», «Jamaha» og sist «Slow but Sudden - Langsam, aber Plötzlich». Erik Balke spelte saksofon, Audun Kleive trommer og Carl Morten Iversen bass. Pedersen var ein sentral og toneangjevande musikar i den frie jazzens hovudstad Stavanger, som med både plateselskapet og bandet Circulasione Totale har vore ein fristad i eit stadig levande miljø. Han spelte med Frode Gjerstad, John Stevens og Paul Nilssen-Love, debuterte sjølv med «Sole Mio» i 1981 og var med på fleire album. Mellom dei Randi Tytingvågs debutplate «Heavenly Attack» i 2004, det same året ho medverka på prosjektet «One + 1» på MaiJazz. I fjor heldt Eivin ein minnerik konsert i Stavanger i rikskonsertserien Round Midnight. Eivin One Pedersen var ein musikar og komponist av rang, og ein god ven.

 

Pohjola II

Fornamn er Verneri, etternamn Pohjola, og den finske trompetisten gir ut sitt andre album «Ancient History» (ACT/Musikklosen), etter ACT-debuten «Aurora» med band og strykarar. Årets band med Aki Rissanen på piano, Joonas Rippa på trommer og Antti Lötjönen har han sjølv skrive musikken til, på eit lågmælt album verd å lytte til.