Sheppards frigjerande trio
Andy Sheppard er ein personleg favoritt som med Trio Libero har laga eit verkeleg strålande album.
Den britiske saksofonisten har eg vore på talefot med sidan den første konserten han hadde på ein tidleg Vossa Jazz, og eg gjorde eit intervju. Medmusikantane er eg ikkje viss på, men han var også ein glimrande storbandleiar. Med ein litt rå tone i hornet sitt har han dukka opp i ei rad internasjonale konstellasjonar, og eit samarbeid både i stort og lite format har vore med ein unik serie ECM-utgjevingar med Carla Bley, med Steve Swallow attåt på «Songs with Legs» med leggene til dei tre på omslaget. Sheppard gjorde sjølv sitt første ECM-album «Movements In Colour» i 2008 med også norske deltakarar, og etter denne lange innleiinga er det med store forventningar ein opnar sinnet for Sheppards spennande prosjekt, no i trio med bassist Michel Benita og trommeslagar Sebastian Rochford i platedebut med «this free-spirited group» som det står.
Det er jazz improvisert og utvikla gjennom fire dagar i studio, med musikk som trassar klisjear om kva «fri» jazz også kan vere, i eit melodisk grenselaust samspel som ein alt etter nokre tonar på «Libertino» får sitringar av. Dei vert ikkje mindre etter ein nydeleg «I’m Always Chasing Rainbows» som alle vil kjenne att. Om det angar Charles Lloyd av tone og dåm i spelet til Sheppard, kva så? Det er også ein tributt til meisteren Lloyd. Merittlistene til Benita og Rochford rommar band frå heile verdsmusikken, men viktigast her er korleis alle tre utviklar eit ensemblespel, evna til å lytte til kvarandre, perler av soli, vakre songar sprunge ut frå eit studio dei stengde seg inne i.
Det er som om våren alt er her når ein høyrer resultatet på eit uvanleg vakkert album som tonar ut med «When We Live On The Stars». Could we have it better?
Uventa II
«Sounds Of The Unexpected» (SOTO) heitte både plata og bandet dei CD-debuterte med for to år sidan etter å ha vore band i to år før, og det første ordet eg har notert ned under «Villspor» er klezmer, som bandet sjølv oppgjev som ei av mange kjelder til musikken sin. Kim Koffield (trompet), Tim Lowerson (altsaksofon), Bård Bjørke (gitar), Ture Ringereide (bass) og Geir Haugarvoll (trommer) er besetninga i bandet som stadig skifter musikalsk beite med sine sjølvskrivne låtar. «Great Expectations» slår an tonen med ein vaudevilleaktig snøgglåt som kunne vere intro til eit spelstykke, godt tima til månadens Charles Dickens-jubileum skulle ein tru? Og det går naturleg og lett vidare gjennom «La même Chose» til «Ein styggeleg hund», men er han frå Baskerville, eg meiner no som ein Sherlock Holmes lagt til vår tid går på flatskjerm? Spennande låtar med glimrande musikarar er ein sikker vinnar, attpåtil spelt inn i ei hytte utanfor hovudstaden. Noko liknande gjorde bandet Parallax nyleg, og då snakkar vi nesten om ein trend. «Bridget r» aspirerer til tittelen albumets vakraste, men enno er vi berre halvvegs, og kva med tittelen «Idiotsavant»?
Det er stadig like spennande kva som ventar rundt neste sving, og betre skussmål kan vel eit album knapt få. Med «Villspor» har bandet med kortnamnet SOT gitt beskjed om at det har kome for å bli. I dag held bandet konsert i Deichmanske bibliotek i Oslo.
Fin duo
I fjor spelte gitaristen Frank Kvinge inn ei plate med 15 spor og på to timar var det strålande soloalbumet «Arctic Skyway» ferdig frå Rainbow Studio. «Wild Birds» er resultat av eit spennande konsertsamarbeid mellom Kvinge og Synnøve Rognlien. Ho er ein songar og tekstformidlar som med bakgrunn i folkemusikkstudium har samarbeidd med musikarar over eit stort spekter. På «Wild Bird» syng ho ei blanding av folketonar og eigne songar attåt Sheryl Crows «Riverside» og Peter Gabriels «Washing Of Water», alt i strålande samklang med ein både elektrisk og akustisk Kvinge. Det meste er konsertopptak, tre er nye studioopptak, og «Wild Birds» er eit verkeleg vakkert duosamarbeid.
Andy Sheppard, Michel Benita,
Sebastian Rochford
«Trio Libero»
ECM
(Musikkoperatørene)
Sounds Of The Unexpected
«Villspor»
Batang Records
(cdbaby.com)
Kvinge & Rognlien
«Wild Birds»
Losen Records (Musikklosen)











