Melody Gardot
«The Absence»
Decca (Universal)
Dave Stapleton
«Flight»
Edition Records (Grappa)
Avishai Cohen with Nitai Hershkovits
«Duende»
Blue Note (EMI)
Det var gjennom musikken ho kjempa seg attende til livet etter ei alvorleg ulukke, og etter det siste store albumet «My One and Only Thrill» med Vince Mendoza som arrangør og ei nesten landeplage av ein hitlåt, la ho ut på ei musikalsk reise, som via Europa og Amerika sør og Afrika nord har resultert i eit stort album med eigne nye komposisjonar, i selskap med store musikarar. Her er musikk farga av den portugisiske fadotradisjonen, musikk inspirert av reiser til Buenos Aires og i Brasil, og av ein tur til Marrakech i Marokko. Alt har ho skrive sjølv, men attende i USA møter ho også produsent, medkomponist og gitarist Heitor Pereira. Her er han også medspelar, medsongar og orkesterarrangør i stor stil gjennom songar eg vil kalle storslegne. Fulle av liv og utstråling, også råare enn før på ein låt som til dømes «Goodbye», og meir inderleg og sterk enn det som prega den litt innovervende Gardot i byrjinga.
Før ho var verdskjend nok til å bli kjend med det norske kongehuset, var Dagsavisen den einaste avisa som møtte henne til eit fritalande intervju i høve Moldekonserten ho hadde i 2009. Opp frå sjukesenga hadde ho først spelt inn EP-en «Some Lesson» som førde henne vidare til CD-en «Worrysome» i 2007. Og ho sa at når ho høyrde Shirley Horn, var stemma hennar som eit anna piano, «og eg låg på kne framfor henne». Det er det levde livet som speglar seg att på dette albumet, der opninga «Mira» og fyrverkeriet «Yemanja» med mektig kor vart fødde i Brasil. Og verda ventar på henne.
Melody Gardot skal på norgesturné 26.-30. november, til Oslo, Bergen, Stavanger og Kristiansand.
Stapletons flukt
Pianisten og komponisten Dave Stapleton er ein britisk jazzmusikar å rekne med, no også med ny norsk distributør for platemerket han er medstiftar av, og der vår eigen Marius Neset held hus. Dei er begge med på Stapletons åttande album som leiar, «Flight», som spelar på den gamle «third stream»-tradisjonen som i USA såg dagens lys alt på femtitalet, med å blande jazz og klassisk. Det «klassiske» elementet syter Brodowski String Quartet for. I bandet elles er Dave Kane bassist, og den for oss ikkje ukjende Olavi Louhivouri (frå Mats Eilertsens kvintett) på trommer, på eit album som med sine 74 minutt er i lengste CD-laget, men som det likevel er ei lise å høyre på. Meir enn eit «jazz med strykarar»-album slik vi ofte føresteller oss det, set det oss i godt lune med opningssporet «Before» berre med strykarane, det gir oss ei rik oppleving av musikk frå mange slags kjelder, skiftande i uttrykket på ein måte som gjer «Flight» til lydaroppleving som vi godt toler å leve med i full lengde. Med sitt både lyriske og høgenergiske saksofonspel er Marius Neset med rett horn på rett plass. Stapleton har på ti år og nesten like mange plater tydeleg etablert seg på den britiske jazzscena, og albumet «Flight» med det sterke sluttsporet «North Wind» er eit varsku til alle jazzarrangørar.
Cohens tone
«Duende» heiter det nye albumet til den israelsk bassisten Avishai Cohen, som med Jaco Pastorius som idol i ung alder søkte lukka i jazzmetropolen New York. Etter strøjobbar med fleire betydelege namn steig han i gradene, først som bassisten til Danilo Perez, så til Chick Coreas band Origin med plate som resultat. Han vende attende til Israel og spelte inn «Aurora» og «Seven Seas» på Blue Note. No kjem han med det fine «Duende» i duo med pianisten Nitai Hershkovits. «Duende» er kjent som eit spansk kunstuttrykk, for Cohen og pianisten handlar det om å oppleve kicket, når dei utanom Cohens låtar også gir oss Monks «Criss Cross» og Coltranes «Central Park West», ein av finaste balladane i jazzheimen. Og endå er det fire spor att på eit rett og slett triveleg album.
Cello som lever
Hank Roberts er ein snart seksti år gamal mann som frå åttitalet av har gjort ein original karriere med ein cello, der han i ulike konstellasjonar av både avantgarde og tradisjonell type også har spelt med gitarist Bill Frisell. Dei møtest att på albumet «Everything Is Alive» (Winter & Winter/Musikklosen) med trommeslageren Kenny Wollesen og bassist Jerome Harris. Det er Hank Roberts’ sjuande album i eige namn, etter eit liv som vagabond i mange slags musikalske landskap. Ein samtidig medspelar var også saksofonisten Tim Berne, og med Frisells karakteristiske gitar er det lett å forstå kvifor akkurat han og Roberts har funne saman, her på eit fascinerande album som lyder meir landsens enn urbant, om det er til å forstå. Det er hans femte album på merket Winter & Winter, med eit både rått og lyrisk cellospel i selskap med Frisell, og eit framifrå «komp» frå Wollesen og Harris. Ein spennande blomst i platehagen.
Ein Willis går solo
Den amerikanske pianisten Larry Willis har 71 år gamal funne tida inne til å gå solo med albumet «This Time The Dream’s On Me», og han gjer det med stil. Lista over medspelarar er lang sidan han kom inn på jazzscena på sekstitalet, inkludert eit tjuetals plater i eige namn, og med eit knippe låtar frå den store songboka leverer han eit fint soloalbum.











