«Cementen»
Stone Floor Records (Musikk- operatørene)
Trio i mange landskap
Louis Sclavis Atlas Trio
«Sources»
ECM (Musikk-operatørene)
Kira
«Memories Of Days Gone By»
Stunt (Musikklosen)
Alt inkludert
Den franske klarinettisten Louis Sclavis, fødd i Lyon for snart seksti år sidan, har i førti av åra vore eit uromoment på den europeiske jazzscena, og som det står, han leitar etter ulike vinklar der han kan skape improvisasjon og musikalsk interaksjon. Med ni utgjevingar på ECM og like mange på Label Bleu, kjem han med sin nye sin nye Atlas Trio med eit album «Sources» og eit band som vil glede lydarskaren og appellere til eit stort og mangfaldig publikum. I trioen er Benjamin Moussay pianist og utøvar på både fender rhodes og anna tangentutstyr, Gilles Conorado er på elektrisk gitar, og om det er «fransk» eller «europeisk» i leten, er det fullt av fleirfarga overraskingar. Komponisten seier at han har skrive musikk til eit format han kallar «uutforska», noko som har ført han inn i landskap han ikkje har reist i, utan ei klar oppfatning av retninga.
«Avantgarde» er det ikkje, men musikalsk overdådig, med titlar som «La Disparition», «A Road To Karanga», «Along The Niger» for ikkje å snakke om «Outside The Maps» og sluttnummeret «Sous Influences», som er fransk for «utan påverknader», er det den mangfaldige bruken av kvart instruments eigenskapar i samverknad som fascinerer. Og han fortel at musikarane såg ut som spørjeteikn då han presenterte musikken, før dei sette i gang.
Louis Sclavis er ein nestor i den franske jazzen etter samarbeid med Henri Texier, Aldo Romano, det afrikanske Brotherhood of Breath og mykje anna før han gjekk sine eigne vegar. Tangentmannen på reisa har studert fysikk før han gav seg musikken i vald, gitaristen har vore med Sclavis før, og om Sclavis sjølv vert det sag at han har til gode å gjenta seg sjølv. Bon apetit!
Louis Sclavis har konsert 20. juli under Molde Jazzfestival.
Billie til heider
Ei sjeldan sterk og personleg tolking av Billie Holiday-songar er dette, gjort av Kira Skov på albumet «Memories Of Days Gone By». Med ei inderleg, nesten bivrande stemme syng ho den eine klassikaren etter den andre, «I’ll Be Seeing You», «Good Morning Heartache», i alt 12 songar med «Don’t Explain» til slutt, alt til nydeleg akkompagnement av ein kvintett danske jazzmusikarar med tenorsaksofonisten Jakob Dinesen som leiar og arrangør. Og den no 35 år gamle vokalisten fortel om korleis ho berre tretten år gammal kom over ei velbrukt vinylplate med Lady Day. Kira Skov har i mange år arbeidd som rockemusikar i både England og USA, har turnert og gitt ut plater med band som Kira And The Kindred Spirits og Ghost Riders. Ho er kjend for eit tøft uttrykk på rockescena, mens ho på dette albumet har ein sårbar undertone heile vegen som er dess meir gripande. Mange har late seg inspirere av Lady Day, Kira Skov prøver aldri å likne idolet, men gir songane Billie Holiday gjorde udøyelege si eiga, sterk personlege tolking. Ein vakker tributt.
Frå Æ til Å!
Når den norske trioen SAKA gir ut nytt album, er det ikkje å fri til publikum å opne med eit halvtimelangt spor «Æ». Det kondisjonssterke bandet gav heller ikkje ved dørene då det la lanseringskonserten til «off Balloon»-klubben Odd Fellow under Kongsberg Jazzfestival i veka som var. Det er frijazz så reindyrka det går an, når saksofonist Kristoffer Berre Alberts, bassist Jon Rune Strøm og trommeslagar Dag Knedal Andersen gir jernet på albumet «Cementen», live frå ein konsert i november, og oppfølgjaren til debutalbumet «Posh?!» frå i haust. Typisk for generasjonen er at alle allereie er å høyre i ei rad andre band, men no gjeld det «Cementen», som etter maratonopninga leikar seg på ein meir stillferdig måte i det korte sporet «Ø» før det byggjer seg opp att på «Å». Lettare å hugse kan låttitlar ikkje bli, og bandnamnet SAKA har også ei forklaring. Til å bryne hjernen på mens du gir deg musikken i vald, frå Æ til Å.
Den kanadiske jazzpianisten Oliver Jones studerte med Oscar Peterson, vart oppdaga seint, men har spelt inn ei rad plater sidan. «Live In Baden Switzerland» (Justin Time/Musikklosen) frå ein konsert i 1990 kjem først no på plate, med Petersons mangeårige trommeslagar Ed Thigpen pluss bassist Reggie Johnson. Og spora etter Peterson er lette å høyre også i pianospelet.
Bandet heiter All Included og «Reincarnation Of A Bird» er det første albumet på det uavhengige nye norske selskapet Stone Floor Records (Musikkoperatørene) som også gir ut SAKA, med fri jazz og annan improvisert musikk som varemerke. Føremålet verkar godt ivareteke på albumet med den nesten minguske tittelen, med musikk som minner om den progressive amerikanske jazzen på sekstitalet, og med den profilerte svenske saksofonisten Martin Küchen i spissen for eit band med pianist Thomas Johansson og trombonist Mats Ålekint.
Bassist er Rune Strøm og trommeslagar Tollef Østvang, dei to som like godt har starta det nye plateselskapet, og dermed også er utgjevarar. Musikalsk verkar det ikkje å ha gått ut over det sterke opningssalbumet innspelt på steingolvet i Oslo, og så lenge det i motsetning til i norsk fotball blir spelt med opne kort, kan vi alle nyte musikken med godt samvit.











