Theodor Christian Frølihc Bergh er det fulle namnet på saksofonisten som alle kjenner som Totti Bergh. Før han døydde 76 år gamal gjorde han sitt eige utval til det strålande dobbeltalbumet ”Totti’s Choice”, frå platene han gav ut sjølv eller i samarbeid med andre.
Under Oslo Jazzfestival var Nasjonal Jazzscene fullsett til vakker minnekonsert, der eit band med fire saksofonistar og komp saman med ektefellen Laila Dalseth framførde musikk spesielt arrangert for dette bandet. Eit høgdepunkt var eit firstemmig saksofonarrangement av Totti Berghs eige soloparti på ”Bobs vuggesang”, ei voggevise av den legendariske gitaristen Robert Normann, med på ei av platene. Petter Wettre, Knut Riisnæs, Dave Edge og Frode Nymo utgjorde saksofonrekkja, med arrangør og musikalsk leiar Per Husby på piano og Berghs medspelarar Kåre Garnes og Tom Olstad på bass og trommer.
Totti Bergh var eit musikalsk petimeter, ein perfeksjonist som også var open og nyfiken på alt. Anekdotane sat laust denne kvelden då musikarane i ulike konstellasjonar heidra han på sine måte, mellom dei den unge saksofonisten Frode Nymo som Bergh hadde stor respekt for. Og med ein vakker versjon av ”Nature Boy” som Laila Dalseth gjorde til sin eigen, heidra ho sin medmusikant og livslange ektefelle med ein song tolka av mange, mellom dei Nat King Cole.
Tottis utvalde
Som musikar i ein amerikansk tradisjon i over seksti år, med førebilete som Lester Young og Dexter Gordon, oppdaga den unge Totti Bergh også den nye i jazzen, då han i 1958 i eit oppglødd brev frå USA fortalde om dei nye spennande musikarane Ornette Coleman og Don Cherry som han hadde høyrt på jazzklubb i New York. ”Totti’s Choice” (Gemini/Musikklosen) er 150 minutt fordelt på to cd’ar med Berghs utval før han døydde frå ti plater han gav ut på Gemini, med musikk denne medarbeidar har hatt den glede å skrive om, og med utanlandske medspelarar som saksofonistane Al Cohn, Harry Allen og Plas Johnson, bassist Major Holley, gitarist Louis Stewart og andre. Totti Bergh er ein av dei store balldetolkarane i jazz, truleg ein av dei mest kunnskapsrike om all slags musikk også, stadig open for nye impulsar. Og minnet om han lever vidare gjennom musikken, no på hans eige minnealbum.











