Helle Brunvoll
«Your Song»
Prophone (Naxos Norway)
Fly
«Year of The Snake»
ECM (Musikk- operatørene)
Steinar Raknes
«Stillhouse»
Reckless Records (Musikk- operatørene)
I kinesisk tidsrekning er vi i drakens år, og ikkje i slangens, som kjem i februar neste år. Bak komposisjonane på det nye albumet står både Turner, bassisten Larry Grenadier og trommeslagaren Jeff Ballard, men heilt sidan mitt første møte med Mark Turner har det herska musikalsk ro over han. Sist heitte albumet «Sky & Country», og nokre landsens tonar pregar også det nye albumet, med fem utgåver av små stykke kalla «The Western Lands». Om omgrepet kammerjazz har ei meining, gjeld det i høg grad dette bandet i det klassiske formatet saksofon, bass og trommer. Som alltid får i det alle fall meg til å tenkje på dei legendariske konsertane til Sonny Rollins’ trio på femtitalets Village Vanguard. Ofte flyt saksofonen roleg over eit meir intenst bass og trommespel, men temperaturen stig monaleg på tittelsporet, signert Turner. Trioen starta i Jeff Ballards namn, med namnet Fly platedebuterte dei på merket Savoy, før første ECM-album i 2009. Mark Turner er også med på Billy Harts ferske ECM-album «All Our Reasons», og på dei lange merittlistene til både Grenadier og Ballard står Brad Mehldau og Joshua Redman. Turner høyrde eg første gong i band med gitaristen Kurt Rosenwinkel, som var med på Turner platedebut «Jam Jam».
Elles er det ikkje referansar til slangens år, men sidan dei alle kjem vestfrå i USA, vonar dei at musikken viser kjenslene dei har om den kanten av verda. Og dei let samspelet i trioen tale sitt eige språk, også i drakens år, til dei siste trommene på «The Western Lands V».
Herre med bass
Somme av oss har høyrt han før syngje til sitt eige basskomp, og no blir det endeleg plata av det. Vi snakkar om Steinar Raknes som med «Stillhouse» endeleg fekk oppfylt draumen om plate, innspelt eller «heimebrend» hos han sjølv, miksa og ferdiggjort i Nashville med countrymannen Mickey Raphael som glad munnspelar på nokre av spora, og med Ray Kennedy som produsent. Det er ein garantert publikumsfavoritt med ei blanding av Rowland Salley («Killing The Blues»), Bob Dylan, Gillian Welch, Bruce Springsteen, Prince, Joni Mitchell, Jeff Walker med fleire, og fire slåttar signert Raknes sjølv. Med bassen spelt nesten som stågitar og ei groovy stemme som av og til liknar Springsteen, med vokalt selskap på kvart sitt spor frå Solveig Slettahjell, Unni Wilhelmsen og Kaja Bremnes, tromme-Vinaccia på eitt, trøorgel på eit anna, er det faktisk ein sann svir å høyre på. Med Mingus som idol er Raknes frå før kjend for kraftfullt basspel med groove, i Urban Connection, The Core og andre band. Dig it!
Steinar Raknes med gjester har releasekonsert på The Crossroad Club i Oslo 22. mai.
Solid Brunvoll
«Your Song» er eit nytt sterkt album frå Helle Brunvoll, vokalisten som i 2009 CD-debuterte saman med Halvard Kausland på «In Our House», der gitarist Kausland også debuterte som komponist, arrangør og tekstforfattar. Samarbeidet dei imellom held fram på Brunvolls album «Your Song», der utgjevaren med «The Apple Tree» også debuterer som komponist. Saman med Kausland syter bassist Hans Backenroth og trommeslagar Roger Johansen for propert tonefølgje, på eit album det Brunvoll atter viser sitt format som ein av våre finaste jazzsongarar. Superlativa sat laust også her i avisa etter den første plata, og etter ein mogen debut har Helle Brunvoll ein tryggleik i alt ho gjer, i ein «klassisk» jazzsongtradisjon der ho er like naturleg og klår i framføringa uansett tempo eller tonehøgd. Låtmaterialet er framifrå, Kauslands elegante gitarspel står som vanleg i stil, så også resten av eit band med dugande solistar. Med «Your Song» går vi mot endå lysare tider.
Monkey jazzbar
På bar kan alt hende, og gjer det sant og visst på Monkeybars album «Dear You» (Parallell/Musikklosen), der aktørane er Steinar Nickelsen som keyboardmann og vokalist og Erik Nylander på trommer og trommemaskin. Dei er begge medstiftarar av den skandinaviske utgjevar Parallell, og her let dei alle hemningar fare i noko dei meiner kan kallast skeiv pop. Monkeybar er etter ein bar i Shanghai som ligg inne i ein bar med hemmeleg inngang, får vi opplyst, men musikken er sivilisert og velstelt frå første spor. «Dear You» skreiv Nickelsen då ha skulle flytte og alt lengta attende (?). «The Boat» med tekst er meir mystisk enn maritim, den sakrale «Lascia Ch’io Pianga» er inspirert av Lars von Triers «Anticrist», lydbildet er stadig vekslande over og under vatn med den armaturen musikarane rår over, og «The Trees» er til siste dans på lokalet før eit uhyre sterkt ekstranummer.
Maaloufs Beirut
Den fransk-libanesiske trompetisten Ibrahim Maalouf har nyleg vore i landet og spelte på Cosmopolite i Oslo og MaiJazz i Stavanger. Det sterke nye albumet «Diagnostic» (Mister Productions/Naxos Norway) er sist i ein trilogi som starta med «Diasporas» 2007 og «Diachronist» 2009. Ein av songane er den vakre og mektige «Beirut», som Maalouf skreiv under krigen i 1993, og som han tok opp att etter krigen i 2006.










