Northern Arc
«Northern Arc»
Curling Legs (Musikkoperatørene)
Annjo K. Greenall
«Eg vandrar langs kaiane»
Øra Fonogram (Musikkoperatørene)
Kjetil Husebø
«Contradictions»
Optical Subtance Prod (Musikkoperatørene)
Med på reisa er jentene i Eplemøya Songlag, og Anja Skybakmoen syng opningssongen «Gammel Mann» som ho har skrive tekst og musikk til. Dei tre møyane Sybakmoen, Liv Ulvik og Wenche Losnegård spelar både som solistar og i lag ei sentral rolle i Northern Arc, eit prosjekt som vart til på Norges Musikkhøgskole der albumet er spelt inn. Morten Halle (saksofon) har skrive mykje av musikken, Bjørn Kjellemyr (bass), Børge Petersen Øverleir (gitar), Jakop Hauan (trommer) er resten av Arc-ensemblet, Finn Sletten og Jørn Øien assisterer på CD med trommer og piano, og med «Repetitiuos Song» (Morten Halle) er det full fres og full hals, før «Lullaby» 1 og 2 med tekst av den britiske sekstitalslyrikaren Adrian Henri, i vakker fleirstemmig song. Musikarar med lang fartstid i møte med yngre vokalistar, norsk tradisjonsmusikk er med og tekstmaterialet har mange kjelder. Liv Ulvik syng folketonen «Olav og elvekvinnene» i eige arrangementet, og vi er meir enn halvvegs på ruta som i vikingtida strekte seg til Bagdad og Konstantinopel, og kan ha hatt samband med Silkevegen til Kina.
Uansett set det stadig ny farge på musikken, også når oud-spelaren Rabih Abou-Khalil er representert som komponist på orientalske «Tsarka». Heile vegen er songsvalene eit berande element, og det er opp til lydaren å fundere over tittelen på det nydelege sluttnummeret, med den unike lagoppstillinga «4-4-3». Stor takk for turen «Northern Arc».
Holiday på nynorsk!
Har du ikkje høyrt om språkprofessor og jazzvokalist Annjo K. Greenall, så er tida inne no. Plata «Eg vandrar langs kaiane» er ein tributt til Billie Holiday der ho syng tekstene ho sjølv har gjendikta til klingande nynorsk. «Don’t Explain» blir «Ikkje sei eit ord», framført med ei stemme som skapt til føremålet, å framføre sterkt og klårt nokre av dei tekstane og songane som gjorde Billie Holiday udøyeleg. Dinest avlivar ho atter ein gong dei mytane Monica Zetterlund i samarbeid med strålande svenske omsetjarar avliva, om at songane ikkje kan syngjast på anna enn engelsk. For meg er det ei ekstra oppleving korleis Greenall kler dei i ei nynorsk språkdrakt som er både vakker, og i høgste grad songbar. Greenall som også er omsetjar har tekstane trykt både på engelsk og nynorsk i CD-heftet, til det ho spøkjer med kan bli god kritikarmat. Tittelsporet «I Cover The Waterfront» kling ikkje låkare som «Eg vandrar langs kaiane», «Them There Eyes» blir til «Dei augo der» og tekstene flyt naturleg. På plata er det i samsong med bassist Bjørn Alterhaug, Kåre Kolve (saksofon), Ernst Viggo Sandbakk (trommer) og Vigleik Storaas (piano). Mykje er sagt om låke jazztekstar, men saksofonisten Dexter Gordon sa at for han var det eit vilkår å kunne teksten om han skulle yte songen rettferd. Billie Holiday song ikkje kva som helst, men det ho song, fekk ho til å skine. Annjo K. Greenall gjer det på sin måte, og «Good morning heartache» byrjar slik: «God morgon, hjarte/ god morgon, hjartesår/ og eg som trudde/ at vi sa farvel i går». Vakkert er det.
Solo piano
Tape to Zero er ein ny konsertserie med fokus på musikk innan nyare jazz, elektronika og ambient musikk. Nyleg var Nasjonal Jazzscene arenaen, med pianist Kjetil Husebø i fleire kombinasjonar, og plateaktuell med «Contradictions». Dei siste åra har han arbeidd med prosjektet Optical Substance, som i 2010 resulterte i dent kritikarroste albumet «Adaption». «Contradictions» er hans første soloalbum i eige namn, og reine pianoimprovisasjonar pregar albumet mest. Då plasserer han seg også blant ein veksande skare solopianistar, før han på tittelsporet «Contradictions» tek flygelet med seg inn i sitt elektroniske univers, og dermed oppfyller det tittelen lovar. Husebø er også idehistorikaren som har vore innom ymse musikalske leirar, før han med Optical Substance debuterte med «Luna» i 2005. Det kan neppe overraske at han seier seg inspirert av folk som Bugge Wesseltoft, Jon Balke, Marcin Wasilewski, noko han heilt sikkert ikkje har teke skade av. Med det står han også tryggare på eigne bein med albumet «Contradictions».
Levande storband
Det var ein gong storband var ein del av samfunnets kulturscene, men slik er det ikkje lenger. Berre få eksisterer, og grunnen er ikkje kunstnarisk, men økonomisk, står det i omslagsteksten til Jazz Bigband Graz’ album «Urban Folktales» (ACT/Musikklosen). Utgitt på eit selskap som held storbandjazzen i hevd, til glede også for norske storbandleiarar som Helge Sunde og Denada. I Graz i Afrika lever det i beste velgåande, leia av saksofonisten Heinrich Von Kalnein. Mottoet er at skal du vinne eit nytt publikum må du gå nye vegar i musikken, og på «Urban Folktales» er det aust som møter vest i eit musikalsk konglomerat, der den amerikanske songaren Theo Bleckmann medverkar, likeins gitaristen Nguyên Lê, trompetisten Verneri Pohjola som vi har møtt på ACT før, og fleire. Feite storbandarrangement møter mange slags uttrykk over land og låtgrenser, og «Urban Folktales» er eit vitalt storbandtreff.
Fint besøk
Artistry Jazz Group (Volenza) er eit svensk band som hyllar store namn i jazzen, denne gongen med den tredje plata som heiter «Tribute!». Jan Lundgren (piano), Jacob Fischer (gitar), Hans Backenroth (trommer) er med i bandet saman med vokalisten Vivian Buczek, låtmaterialet er frå den store jazzsongboka, og 9. mai har bandet sin første konsert i Norge på Cosmopolite i Oslo.











