Ingebrigt Håker Flaten New York Quartet
«Now Is»
Cleen Feed (Musikklosen)

Arve Henriksen
«Solidifacation»
Rune 
Grammofon

Sinne Eeg
«The Beauty Of Sadness»
Sinne Music (VME)

 

Boksen med sju LP-plater omfattar musikken til Henriksens tre tidlegare CD-utgjevingar på Rune Grammofon, pluss det nye albumet «Chron», som berre kjem i denne boksen. All musikk kan du også høyre på to DVD-plater. Men for innehavarar av den klassiske platespelaren er det ekstra stas, frå stryningen som med sitt enorme musikalske repertoar å spele på, er ein av rikets leiande musikarar uansett sjanger. Sjølv om han med ECM-utgjevinga «Cartography» i 2008 berre står med fem heile album i eige namn. Pluss det fantastiske «Ellivan», med musikk til diktopplesing av ein lokal bonde og lyrikar frå heimbygda, Elling Vanberg. For Henriksen er alt han gjer resultat av ei musikalsk oppdagingsferd, også når han kronar det med «Chron», snikra saman frå alskens opptak gjort heime og ute, på hotell, flyplassar, fly (!), jarnbanestasjonar og backstage i Norge, Sverige, Tyskland og Italia. Alt elta og miksa saman med Helge Sten i studio, med den høge trompettonen sitrande over landskapet, om det ikkje er den fabelaktige stemma hans som blandar seg med lyden av anna frå ei rikhaldig verktykasse.

Det var slik det i 2002 byrja med «Sakuteiki», også det eit soloprosjekt å avreagere med frå ein musikar som i bandet Supersilent var med på å skape ein institusjon i den frie norske jazzen. Skamrosen her i avisa var ikkje mindre for oppfølgjaren «Chiaroscuro», gjort i samarbeid med Audun Kleive og Jan Bang, før han med «Strjon», etter mellomaldernamnet for Stryn, komponerte nytt materiale frå sitt rikhaldige lydbibliotek, med bistand frå Supersilentkameratane Helge Sten og Ståle Storløkken. Til dette blir «Chron» den naturlege oppfølgjar, med Henriksen syngjande og blåsande gjennom lydlandskapet. Eit landskap han byrja å måle i Veslefrekk, og som han gjennom alle stilartar målar på enno.

 

Vakkert frå Eeg

«The Beauty of Sadness», kven andre kan syngje slike songar enn Sinne Eeg, den danske vokalisten som første gong bergtok denne lyttaren med «Waiting for Dawn». Så kom den forrykande «Remembering You» med opningsnummeret «Talking To Myself» (også gjort på dansk), og ein ny vokalist av format var eit faktum, og det vart konsert i Norge etter «Don’t Be So Blue». Som Cæcilie Norby har Eeg ei stor og vakker stemme, som skapt også for smektande songar. Difor er alt som det skal vere når ho tonar inn med sin eigen tittelsong på sin eigen produksjon, med Peter Erskine bak trommene i band med strykarar i Butch Lacys arrangement.

– Eg likar både den nordiske og den amerikanske tonen, sa ho til Dagsavisen då ho heldt sin første konsert Oslo i 2010. Lennon McCartneys «Strawberry Fields Forever» er med attåt Legrands «The Windmills Of Your Mind», og ho leverer ein mjuk pakke til å bli i julestemning av.

 

Flatens New York

Ein ny pakke kjem frå platelskapet Cleen Feed, og i den stallen er også Ingebrigt Håker Flaten New York Quartet! Med albumet «Now Is», med The Thing-kompis Joe McPhee på trompet, Joe Morris gitar og Nate Wooley på trommer. Og «den absolutte stadfestinga av den sterke internasjonale status den bassisten Ingebrigt Håker Flaten har fått», som det står. Det er ein piano og trommelaus akustisk kvartett i samspel musikarar ikkje kallar avantgarde, for det var noko dei gjorde i femtiåra. Uansett bryr musikarane seg truleg katten om kva namn det får. Det trur og også liner notes-skrivar Clifford Allen, og vi lyttar i staden til fire musikarar konverserande med kvarandre med dei horna dei har, på låtar som «Port, Time, Pent(!), Knicks, Giants, As If, Rangers og Post». Eit åtte rettars måltid frå Oppdals store son og New York-kvartetten hans.

 

Afrika-brass

«Africa/Brass» var i 1961 det åttande albumet til John Coltrane. Med «Sketches Of Africa» (Brazz Records/Musikkoperatørene) spelar Brazz Brothers på ein annan klassikar, Miles Davis’ «Sketches Of Spain». I over tjue år har brassgutane arbeidd med afrikansk musikk i samspel med musikarar i fire afrikanske land, og har skapt seg ei innsikt som er unik. Ferskaste resultat av dette er eit forrykande album frå ein konsert med Odense Symfoniorkester, der afrika-klassikarar står i kø saman med bandets eigne komposisjonar. Abdullah Ibrahims «African Marketplace» opnar det heile, og det er berre å nyte i fulle drag kva brassbandet med trening i å få symfonikarar til å svinge, får til. Ein av dei finaste songane i Ibrahim-katalogen er stadig «The Wedding» (frå albumet «African Marketplace»), og med Ibrahims «Homecoming Song» er dusinet på plata fullt.

Parker-soul

Snart sytti år gamal er Maceo Parker, vokalist, saksofonist og James Browns sidemann under legendarisk Moldekonsert på åttitalet, framleis i støtet. «Soul Classics» (Moosicus/Musikklosen) er med feitt tysk WDR Big Band i Köln, det opnar med Browns «Papa’s Got A Brand New Bag», Chris McBride syter for stålbasskomp, og med Stevie Wonder, Aretha Franklin m.fl. på repertoaret er det strake vegen heim.