Joe McPhee, Ingebrigt Håker Flaten

«Brooklyn DNA»

Cleen Feed (Musikklosen)

 

Steve Kuhn, Steve Swallow, Joey Baron

«Wisteria»

ECM (Musikk­operatørene)

 

Tom Harrell

«Number Five»

HighNote 
(Musikklosen)

 

Det er ein låt av Art Farmer, ein jazzens elegantier på trompet som hadde både Steve Kuhn og Steve Swallow med i bandet på piano og bass på sekstitalet. Yngstemann Joey Baron er ein av dei mest meritterte trommeslagarane over there, og når dei dreg i gang Kuhns låt «Chalet» fornemmar du straks den lette tonen på dette albumet. Eldstemann Kuhn (74) har skrive dei fleste av låtane, nokre av dei er henta frå hans klassiske orkesteralbum «Promises Kept» i 2004. Swallow (70) har komponert to, ektefelle Carla Bley står bak «Permanent Wave», og Art Farmers «Wisteria» er den vakraste balladen på dette albumet. Der Steve Kuhn er like doggfrisk i spelet som då denne medarbeidar opplevde han i bandet til Monica Zetterlund på sekstitalet. Og etter at Steve Swallow på syttitalet la bort den akustiske bassen, har han gjort det elektriske basspelet til eit varemerke, også som unik solist. Til og frå spelte Kuhn og Swallow på kvarandre sine album, Joey Baron på Kuhns ECM-album, seinaste det eminente «Mostly Coltrane» (2008). Der hyllar Kuhn den gamle meister som han ein kort periode spelte med i kvartetten hans, men som han aldri var i studio med.

Boksen «Life Backward Glances» frå ECM-tida er Kuhn siste utgjeving, før han som krumtapp på «Wisteria» har samla denne trioen av gamle vener, til musikalsk samvere på eit album å godgjere seg med, til den nye, flyktige smaken av sommar.

 

Tom Harrells femte

Med ein forrykande versjon av Dizzie Gillespie «Blue’n Boogie» i duo med trommeslagaren Jonathan Blake, slår Tom Harrell an tonen på albumet «Number Five», det femte på rad med den same besetninga han først spelte inn «Light On» med i 2007, som han toppa med «The Time Of The Sun» i fjor. Det var med det same bandet han i 2011 gjorde ein av dei beste konsertane på Oslo Jazzfestival, ein triumf for ein musikar som i ein alder av 65 framleis held koken, trass eit psykisk handicap som han gjennom eit langt musikarliv har spelt i trass mot, men som krev ein enorm konsentrasjon og energi, som det nye albumet lyser av. Med tre unntak har han skrive all musikk sjølv, nokre av dei i nye arrangement der han brukar kvintetten i ulike konstellasjonar, som kvartett, trio, duo eller åleine, der mannen i sentrum heile tida er han sjølv, også som ein av dei store lyrikarane på trompet. Mens tittelsporet og «Melody In B-Flat» er dei mest hardtsvingande låtane. Og før vi gløymer det, så er medmusikantane hans i dette strålande bandet stadig Wayne Escoffery på tenorsaksofon, Danny Grissett på piano og fender rhodes, og Ugonna Okegwo på bass attåt trommisen Blake. Og som to prikkar over det heile spelar Harrell åleine to praktfulle utgåver av «Star Eyes» og Tadd Damerons «A Blue Time».

Vital som alltid er det som om han spelar livet sitt på dette albumet. Eit liv der han stod på scena med mange av dei store før han frå åttitalet har spelt inn eit drygt tjuetals eigne album, med eit trompetspel som gjer at han målar seg med dei store der ute.

 

«Where is Brooklyn?»

Det var tittelen på Don Cherrys album i 1966, og etter omslaget utgangspunkt for det gnistrande nye albumet «Brooklyn DNA» signert Ingebrigt Håker Flaten og Joe McPhee, to som ofte har stått saman på scena, og som begge no er busett USA. Plata er eim homage til Brooklyn, innspelt i bydelen der jazzen også har ei historie, og som Sonny Rollins heidra med det klassiske albumet «The Bridge», etter å ha blåse nytt i seg sjølv på Brooklyn Bridge før han gjorde comeback etter ein periode i eksil, på byrjinga av sekstitalet. «Crossing The Bridge» er opninga på albumet der låtane er oppkalla etter hendingar, stader, jazzklubbar og anna i bydelen der «214 Martense» var adressa til Dewey Redman ein periode, på Putnam Central spelte alle stjernene inkludert Charlie Parker, «Enoraght Maect Haght» er nederlandsk for at saman er vi sterke, eit gamalt motto for bydelen. Så der er «Brooklyn DNA», frå bydelen her og no, med Flaten på bass, McPhee på både saksofonar og lommetrompet, hornet til Don Cherry! Brooklyn-jazz av beste merke.

 

Jazz mot diktatur

Det vart skapt musikalsk og politisk historie, då bandet til sopransaksofonisten Steve Lacy 29. februar 1972 gjekk på scena i Lisboa og heldt jazzkonsert to år før revolusjonen og diktaturets fall i 1974. Konserten kom på vinyl, her er CD-versjonen av «Estillacos» (Cleen Feed/Musikklosen), det første jazzalbumet ever i Portugal. Vi høyrer konserten bli opna under enorm jubel av initiativtakaren José Duarte, produsent var kritikar og tidlegare trommeslagaren Manuel Jorge Veloso, konserten er i fire bolkar, og det er ein veldig intensitet heile vegen. For diktaturet var jazz dekadent svart musikk uansett, Duarte fortel på omslaget om konserten som førti år etter vart feira i den portugisiske jazzradioen i år. Han ville ha med folk som Memphis Slim eller Art Ensemble of Chicago, men det vart Steve Lacy, som held ein gnistrande konsert med Steve Pots, saksofon, Irene Aebi, cello, Kent Carter, bass, og Noel McGhie på trommer. Eit stykke europeisk jazzhistorie.

 

Chambers storband

Vi avsluttar med storbandjazz av beste amerikanske merke, med Joe Chambers ikkje berre som den gamle trommenestor og idol som fyller sytti denne månaden, men som leiar, delvis komponist og heilt arrangør for sitt «Moving Pictures Orchestra» (Savant/Musikklosen). Det er eitt av hans sjeldne, men sterke album i eige namn, innspelt live i New York, og det er feitt heile vegen.