Eivind Opsvik
«Overseas IV»
Loyal Label (Musikklosen)

Jazztrio utan tvil

Blomvik/
Williamsen/Moen
«Jazz! ’Øh»
Bam Records 
(Indie 
Distribusjon)

Andrea Kvintett
«Andrea Kvintett»
Norcd 
(Musikk­operatørene)

Men er det jazz? «Jazz! ’Øh» svarar trioen Blomvik/
Williamsen/Moen på eit glitrande, gjenoppdaga album.

Primus motor då eg opplevde trioen på den første ungjazzfestivalen i Ålesund rett før tusenårsskiftet var Bernt Moen, og det gnistrande albumet dei tre som band CD-debuterer med, vart spelt inn i år 2000 av NRK Sørlandet, men vart lagt på is då trioen oppløyste seg sjølv. No har dei funne saman, og betre relansering finst knapt. Med Roger Williamsen frå Sykkylven på bass og Klaus Robert Blomvik frå Fiskarstranda på trommer er det eit «klassisk» trioalbum. Lydleg kjem utbrotet «Jazz! ’Øh» frå ein av musikarane på andre spor, og tittelen seier seg sjølv, etter at trioen først har slått an tonen på den jazz-groovy «Voyage», som kunne vore spelt av ein McCoy Tyner med til dømes Reggie Workman på bass. Referansar kan vere musikkritikkens tvangstrøye for å prøve å gje lesaren ein ide om kva det handlar om, men det er eit musikalsk mangfald gjennom heile albumet som du kan nyte i lange drag, spent på kva som kjem rundt neste sving. Og «Song» feidar ut for å gje plass til «T», der taktskifta er snøgge og trioen tek nær fyr.

BWM trio vart starta i 1997/98 i Kristiansand, og om mange undra seg over kvar det vart av pianisten, har han vore fast medlem i bandet Shining og har også medverka på andre jazzutgjevingar. Så dukka han i fjor opp med eit knippe digitale utgjevingar, inkludert to forrykande piano soloalbum der det meste var eigne improvisasjonar, og albumet «Closure» med ein annan trio. Bak «Jazz! ’Øh» står tre no meritterte karar som definitivt ikkje må late det bli med dette albumet, som blir så nydeleg avslutta med stykket «Piu Piux». I staden må det bli starten på noko godt, som det heiter i ein song av Steve Allen (gjett kven) udøyeleggjort av tallause inkludert Ella Fitzgerald. Med dette albumet har BWM Trio verkeleg sett ein standard til å byggje vidare på.

Blomvik/Williamsen/Moe Trio held konsert i Cafeteatret i Oslo 30. april.

 

Andrea Kvintetten

Det er nesten historisk sus over eit bandnamn som Andrea Kvintett, som har gjort stor lukke, og som nokre av oss opplevde på strålande konsert på Nasjonal Jazzscene i februar. Det er nok eit tilskot til den veksande floraen av unge band på høgt nivå. Nyleg skreiv vi om den spennande trioen Chili Vanilla, og med kvintetten sin gjer Andrea Rydin Berge som bandleiar, komponist, vokalist og dessutan utøvar på den for vokalistar stadig meir populære autoharpa, ein sterk entré. For to tiår sidan skreiv eg om «den sjølvsikre jazzgenerasjonen» på nittitalet, og det lyser ikkje mindre tru på seg sjølv av dette albumet, med framifrå låtmateriale og ei besetning med tre saksofonistar (Svein Magnus Furu, Harald Lassen, Kim Erik Pedersen) og bass (Christian Meaas Svendsen) som skapt til formålet. Ein song med tittelen «Oslo» er særleg aktuell nett no, og bandet hadde sleppkonsert i går, før dei neste månad skal leggje Tyskland for sine føter.

 

Det kalde hav

Med albumet «Overseas IV» kjem det fjerde albumet i det eg ein gong bruke tittelen «Oversjøisk jazz» på, signert den utvandra bassisten Eivind Opsvik som med denne utgjevinga gjer nok eit «elektrisk dykk i det kalde havet» som det urovekkjande står i vedlagde introduksjon. «Det kalde hav» er den einaste norske tittelen på nok eit sterkt album frå den New York-baserte Opsvik og hans faste medspelarar. Tematisk er det eit historisk dykk attende i tid, med det Opsvik sjølv kallar «eksperimentell cinematisk musikk». Eit vedlagt historisk sjøfartsmotiv er med, eitt av stykka har den førrevolusjonære tittelen «1786», og om det lyder som ein klisjé, er «Overseas» like fullt eit mektig album med både elektrisk og historisk sus over, det sterkaste så langt i Opsviks «oversjøiske» prosjekt. Som pågåande bassist er han kraftfullt til stades, med Kenny Wollesen på trommer, Jacob Sacks no også på cembalo, pluss orgel og piano, Tom Malaby på saksofon og Brendan Seabrook som ny i det oversjøiske bandet på gitar og mandolin. God reise!