Espen Eriksen Trio

«What Took You So long»

Rune Grammofon (Musikkoperatørene)

 

Extended Corner

«Extended Corner»

Dada Records (Musikklosen)

 

Chili Vanilla

«Chili Vanilla»

Dayladore (Musikkoperatørene)

 

Meisteren bak er trompetisten, komponisten og jazzpedagogen frå den frie jazzens hovudstad Stavanger som drog vestover for å lære meir både i USA og England, og som etter ein serie album med Pocket Corner fekk karakteren kanonalbum for det siste her i avisa. Med eit utvida hjørne som også omfattar den glitrande vokalisten Elisabeth Nygård, får musikken offisiell premiere under årets MaiJazz, men han ligg alt føre som det åttande albumet på Didrik Ingvaldsen eige Dada Records. Om Elisabeth Nygård frå Trondheim veit vi at ho med London som base gjer strålande karriere på hi sida av Nordsjøen, og frå første spor «Carnival» står ho fram med autoritet i eit krevjande format med stort band, klokkereint syngjande tekstar av Julie Marie-Sandal eller like klokkereint berre instrumentalt, i alle slags tempi. I selskap med eit band med kvar for seg glitrande solistar gjer ho ein lysande prestasjon heile albumet gjennom, med musikk komponert og arrangert av ein låtskrivar frå byen som også har makelause Kitchen Orchestra som permanent verkstad.

«Dog & Moon» heitte siste album med Pocket Corner, «Extended Corner» er både platetittel og namn på bandet, med Øyvind G. Dale på piano, Arild Hoem, Inge Breistein og Glenn Brun Henriksen på saksofonar, Dominique Brackeva på trombone. Med Vidar Schanche, Mikaell Olsson og Ståle Birkeland på gitar, bass og trommer, alt toppa av sjefen sjølv på trompet, og av Elisabeth Nygård som vokalist, på eit album som med sluttsporet «Da-Tia-Tiaa» er utan dødpunkt.

Extended Corner med Elisabeth Nygård har sleppkonsert 11. mai under MaiJazz i Stavanger.

 

Sterkt og søtt

Det andre store platesleppet etter påske har også same namn som bandet, «Chilli Vanilla», eit fyrverkeri av ein debut frå ein trio som alt har gledd oss på mange scener, med Synne Sanden som tekstforfattar og vokalist i særklasse, med tubaist Steffen Granly og med trommeslagaren Siv Øyunn Kjenstad som har gjort seg merkt i fleire samanhengar, som i bandet Batagraf. Frå ulike kantar kom dei til Sund Folkehøgskule og fann kvarandre musikalsk. Synne Sanden, sterk og inderleg som ei forsterka utgåve av Björk, syng om kjærleik, svik og andre sterke kjensler, av og til med Kjenstad som medvokalist, men først og fremst som trommeslagar av klasse, med eit spel som attåt tubaen til Steffen Granly har smidd dei tre saman til eit heilskapleg, sterkt og personleg musikalsk uttrykk. Det er like intenst same kva det måler i desibel, med opningslåten «Get Me» som hit. «Groovebasert avantgarde» er ein karakteristikk dei sjølve har gitt musikken, som gjer lukke på alle slags scener i inn og utland.

Chili Vanilla har konsert på Mir i Oslo i kveld.

 

Eriksens song

«We don’t want another hero» er den eine av to songar Espen Eriksen ikkje har komponert sjølv på det nye albumet «What Took You So Long». Og det er ei stilfull, enkel framføring av låten Tina Turner gjorde til ein klassikar. Like stilfullt, enkelt og vakkert som då Espen Eriksen i 2010, saman med trommeslager Andreas Bye og bassist Lars Tormod Jenset, overraska meir enn ein av oss med cd-debuten «You Had Me At Goodbye», mannen vi då kjende best som programleiar i radio. Om uttrykket «melodisk» ikkje er utslite, er det til bruk i positiv forstand om musikken til denne trioen, rett på sak og med korte soli i eit samspelt ensemble som har funne tonen. «Could It Be Magic» er den andre låten utanfrå, denne gongen for oss som enno ikkje har gløymt mjukpopens Barry Manilow. Med på eit nytt fint album, som først og sist er signert Espen Eriksen og hans framifrå medmusikantar, med ein tributt til filmkomponisten Krzysztof Komeda, før Oslo får den siste songen.

 

 

Wendelboe spesial

Frå sitt amerikanske eksil slepper trombonist, komponist og konsertmeister for dei store høve, Jens Wendelboe – no aktuell med musikken til TV-serien «Erobreren» – plate med storbandalbumet «Fresh Heat» (Rosa/Musikklosen). Sidan storbanddebuten «Lone Attic» i 1983 har Wendelboe levert storbandvarene jamt både i Norge og USA, sist med sitt Big Crazy Energy New York Band med «Inspiration» i 2010.

På årets «Fresh Heat» er Deb Lyon vokalisten på opningslåten, Clifford Browns «Joy Spring». Utanom Wendelboes eigne er også låtar av Joe Henderson, Richard R Rodgers og Steve Swallow med, på eit kraftfullt storbandalbum av beste Wendelboe-merke. «Nix Fogel» er dedisert til den avdøde trommeslagaren Ole Jacob Hansen, «Suite to Bjorn» til Wendelboes læremeister Bjørn Kruse, og alt er i dei beste hender med eit sterkt band av amerikanske musikarar som kan sitt storband-metier i jazzens heimland.

 

Svensk prisjazz

Goran Kajfes er den svenske trompetisten som overraskande fekk årets Nordic Music Prize. Han er med i bandet Oddjob og spelte på Nasjonal jazzscene i vår i sekstett med Jonas Kullhammar m. fl. Dei er begge med i kvartetten Nacka Forum, plateferske med det kvikke albumet «Fee Fi Fo Rum» (Moserobie/Musikklosen), med trommeslagar Kjell Nordeson og bassist Johan Berthling