Jan Garbarek, Bobo Stenson, Palle Danielsson, Jon Christensen, Terje Rypdal, Aridl Andersen

«Dansere»

ECM (Musikkoperatørene)

 

Chuck Israels

«It’s Nice To Be With You»

Stunt Records (Musikklosen)

 

Halie Loren

«Heart First»

Justin Time (Musikklosen)

Dei tre albuma samla i boksen «Dansere» er ei gåvepakke til gamle og nye Garbarek-fans, med skilsetjande innspelingar frå syttitalet.

Samlinga kjem samstundes med ei komplett utgjeving av Terje Rypdals «Odyssey» (omtalt på dei neste sidene). Rypdal er også med på det første Garbarek-albumet «Sart», og dei framleis ganske pur unge musikarane Garbarek, Rypdal, Arild Andersen og verdstrommeslagaren Jon Christensen var gjennom George Russell, Don Cherry og andre allereie sentrale namn internasjonalt i den moderne jazzen. I ein tradisjon som ikkje hadde røter i bebop og som difor, med Palle Mikkelborgs ord, med sitt moderne, ikkje «avantgarde» men likevel frie uttrykk var avgjerande for den retninga norsk og nordisk jazz tok frå syttitalet av. Og som gjennom Garbarek-platene som kom etterpå tok musikken inn i eit også folkemusikkinspirert nordisk felt som skulle prege mange legendariske Garbarek-innspelingar etterpå. Takk vere samarbeidet også med først Bobo Stenson og Arild Andersen på «Sart», så med Stenson og Palle Danielsson på dei fantastiske og etterlengta albuma «Witchi Tai-To» og «Dansere». Det er den komplette utgjevinga frå den Garbarek-kvartetten som for meg framleis står som noko av det ypperste som vart gjort, med klassikarar som også skulle dukke opp på seinare Garbarek-album. Det var ein kvartett som turnerte og la Skandinavia og resten av Europa for sin føter i mange år.

 

Ein pluss to er tre

Dei to norsk-svenske kvartettplatene har ikkje vore å få tak i på lenge, så her gjeld å kjenne si besøkstid. Eit glimrande essay frå den britiske jazzskribenten og Garbarekbiografen Michael Tucker set musikken inn i sin historiske og musikalske kontekst, om albumet «Sart» der Rypdal er med som det mest «moderne» i samtidsmusikalsk forstand, mens den fyrrige musikken med den norsk-svenske kvartetten er grensesprengjande på sin måte, også med inntog av tangorytmer i Carlos Poeblas’ «Hasta Siempre», før det tar av med den udøyelege songen til indianaren og saksofonisten Jim Pepper. Første album er med eigenkomponerte songar av Garbarek, Andersen, Rypdal, «indianar-albumet» startar med Carla Bleys «A.I.R.» frå «Escalator Over The Hill», her er Don Cherrys «Desireless» og Palle Danielsson «Kukka», før den same kvartetten spelar musikk berre av Jan Garbarek på «Dansere», med ein «Lokk» etter Thorvald Tronsgård som bonus og bodberar om kvar veg det bar. Eit sitrande gjenhøyr er det alt saman, med musikk innspelt for opptil vel førti år sidan, men som lyder like frisk ny som var det frå i går.

 

Chuck Israels!

Dette er jazzhistorie: Chuck Israels (75), bassisten på den legendariske plata med Bill Evans og Monica Zetterlund, og verkeleg ein institusjon i amerikansk jazzhistorie, gir ut plate med den danske pianisten Thomas Clausen. Dei har spelt saman før, så også Israels og gitarist Steve Brown, og Israels fortel på omslaget korleis den svenske, ofte folkemusikkprega jazzen inspirerte han til sjølv å lage arrangement av amerikansk tradisjonsmusikk. «Ack Värmeland du sköna» som i den internasjonale verda blir spelt med tittelen «Dear Old Stockholm» er sjølvsagt med, på dette tvers gjennom stilige albumet.

 

Smooth er ordet

Ei «smooth» utgåve av ei blanding av Melody Gardot og Diana Krall, kva med det? Det er ingenting, for tenk både Peggy Lee, Billie Holiday, Joni Mitchell og Diana Krall, pluss Norah Jones! Det svarar plateutgjevaren med når dei slår på stortromma (!) for Halie Loren og albumet «Heart First», men likevel, eit talent av solid format er det uansett, her i samsong med eit propert band som tydeleg også veit kva ein blues er. Utanom standardlåtar har ho skrive nokre av songane sjølv, om det skulle kvalifisere til kategorien singer/songwriter. Tida vil vise, så det gjeld å bruke tida godt!