Fredag hadde Wasilewskis trio konsert på Nasjonal Jazzscene i Oslo, i dag sit han på den same scena som pianist i den europeiske kvintetten til Arild Andersen.

- Eg tok over pianokrakken etter Carsten Dahl for eit år sidan, og no har vi nett spelt konsert Sardinia, seier Wasilewski. Han spelar i ein trio som for alvor vart kjend då nestor i polsk jazz, trompetisten Tomasz Stanko gjorde dei til ein del av sin nye kvartett og dei i 2001 spelte inn sitt første ECM-album saman, «Soul Of Things». To album til følgde med Stanko, før trioen som før hadde spelt inn fem plater på andre merke, kom på ECM med fire kritikarroste album frå «Trio» i 2004 til fjorårets strålande «Faithful».

Dagsavisen møtte dei første gong etter ein konsert i Molde i 2008, det året dei gav ut albumet «January», og dei skrytte hemningslaust av Stanko. Legg til at Wasilewski også spelar i bandet til Manu Katche, der han har møtt både Trygve Seim, Mathias Eick og Tore Brunborg. Etter mange ECM-turar elles til Norge og studioet til Jan Erik Kongshaug, er Wasilewski lokalkjend nok til å finne vegen frå Frogner til Kaffistova på sykkel.

 

Møtet med Andersen

- Det første møtet med Arild Andersen var i ein kvintett med to polske og tre norske musikarar som heldt ti konsertar i begge land. Seinare ringde Arild ein dag og bad meg ta første fly. Eg måtte ta over på piano etter Carsten Dahl i kvintetten hans. Etter det har vi spelt konsertar i Kongsberg, Haugesund, Lugano og Sardinia, og eg kjem til å halde fram i bandet.

Dei andre er Tommy Smith (saksofon) Markus Stockhausen (trompet), og Patrice Héral på trommer, og Stockhausen vekslar av og til med Paolo Fresu som trompetist.

 

Trioen

I trioen spelar Wasilewski, fødd i 1975 i Slawno, saman med bassisten Slawomir Kurkiewics og trommeslagaren Michal Miskiewicz, og samarbeidet dei imellom starta i skuledagane, først med Wasilewski og Kurkiewicz som voks opp saman.

- Vi spelar framleis av og til med Stanko, som no har ein amerikansk kvartett og spelar med ein finsk trio, men han vil for alltid vere vår store mentor. Det var han som lærde oss å dyrke fridomen i jazzen og å vere ærlege i musikken, seier Wasilewski. Trioen debuterte i 1995 med albumet «Komeda» og gav ut fire til før ECM-debuten «Trio» i 2004.

- Når vart de oppdaga av Stanko?

- Gjetordet gjekk då vi debuterte som festivalband i Warszawa i 1994. Eg og bassisten var atten år gamle, trommeslagaren seksten, og vi og Stanko har kjent kvarandre sidan.

 

Filmjazz

- Tomasz Stanko er kjend for samarbeidet med filmkomponisten Krzysztof Komeda i filmane til Roman Polanski. Det dukkar også opp filmtitlar på albuma dykkar. Kvifor?

- Dette handlar om viktige hendingar før vi kom til verda. Ein av songane våre heiter «Cinema Paradiso», og vi kalla det første albumet «Komeda» fordi vi likar musikken hans. Etterpå har eg også sett Polanskis store film «Kniven i vannet», og det er ein av mine favorittar.

- Der medverka det også ein skandinavisk musikar i filmbandet?

- Du tenkjer på den svenske saksofonisten Bernt Rosengren. Eg har møtt han i Sverige og vi spelte sjølvsagt musikk frå filmen.

At trioen ber namnet til Wasilevski er mest av praktiske grunnar, for sjølv om han skriv det meste av musikken fungerer dei som eit kollektiv av likeverdige.

- Kva er så spesielt med Tomasz Stanko?

- Han har inspirert oss både åndeleg og musikalsk, han er framleis like vital, og er ei oppleving i seg sjølv å ha med på scena.

 

Opplevinga

- Kvifor vart du jazzpianist?

- Eg har ein onkel og ein far som er musikarar, og alt som liten gut byrja eg å høyre på kassettane til far min. Eg var berre seks sju år gamal då eg hadde det eg hugsar som mi første musikalske oppleving, etter å ha fått på meg eit hovudsett og høyrde musikk eg seinare lærde var frå Keith Jarrett, og det var meir der det kom frå av andre store namn. Musikken var så vakker og så varm, tykte eg. 13-14 år gamal var eg første gong på festival og høyrde Michael Brecker og andre.

- Kva var den første spelejobben?

- Det var når eg og Kurkiewics byrja på musikkskulen i heimbyen Koszalin, det var konsertar kvar fredag, og vi var femten år gamle.

I 1993 vart dei trio med trommeslagaren Miskiewicz som tredjemann, dei har spelt saman sidan. Snart tjue år etter er Wasilewski enno ein ung mann med ein jamaldrande trio i verdsklassen.

 

Tre på topp

- Dersom du skal velje dei tre pianistane som har influert deg mest, kva seier du då?

- Den første er Keith Jarrett. «Standards live»-plata frå Tokio høyrer eg på kvar dag. Den andre er McCoy Tyner frå tida han spelte med John Coltrane, så følgjer Herbie Hancock og Chick Corea på delt plass, og når vi først er i ECM-stallen kjem du ikkje utanom Paul Bley.

- Når ein høyrer trioen er det balladane som gjer det sterkaste uttrykket, som er vakre og skil seg ut frå andre sin måte å spele på. Kommentar?

- Det har vel noko å gjere med kva det vil seie å vere ærleg mot seg sjølv, at det ikkje er likegyldig kva du spelar. Du må vere tru mot det som er inne i deg. Er du ærleg mot deg sjølv, blir også musikken best. For meg er det den viktigaste lærdomen.