Pat Metheny
«Unity Band»
Nonesuch (Warner Music)
John Abercrombie
«Within A Song»
ECM (Musikkoperatørene)
Bugge Wesseltoft & Henning Kraggerud
«Last Spring»
ACT (Musikkoperatørene)
Saksofonisten er Chris Potter, og det er over tretti år etter at Pat Metheny spelte med saksofonistane Michael Brecker og Dewey Redman på det skjelsetjande albumet «80/81», med Charlie Haden på bass og Jack DeJohnette på trommer. Eg hugsar dei vel frå ein konsert på gamle Club 7, men gløym heller ikkje det historiske albumet «Song X» som han spelte inn med Ornette Coleman. Gitaristen som berre nitten år gamal hadde sin første festivaljobb i Norge i bandet til Gary Burton, sette mange år seinare sin djupe spor på den same Moldefestvalen, som Artist In Residence. På «Unity Band» har han henta saksofonisten på øvste hylle, saman med trommeslagaren Antonio Sanchez og bassistnykommaren Ben Williams som frå første spor tar rolla som bassist med største sjølvfølgje. Og med Pat Methenys innleiande gitar på det latin-inspirerte opningssporet «New Year» er vi i gang med eit album han har skrive ni nye songar til. Det er prega av stor musikalsk spennvidd, eit glitrande samspel der Chris Potter med bravur pregar kvartettsamarbeidet, og der Ben Williams demonstrerer bassens avgjerande rolle når god jazz skal vere.
Om «Unity Band» er å gå attende til røtene, er det mange røter å velje mellom, frå då Metheny i 1974 for første gong spelte på plate med Paul Bley og Jaco Pastorius, av alle, til storverket «Orchestration» i 2008. Duo har han spelt med Charlie Haden (Missouri Sky), med Brad Mehldau og Jim Hall, han meistrar alle gitarformat like bra. Han har alltid vore på veg, og han er berre 57. Meir er i vente frå Pat Metheny, som med «Break Dealer» avsluttar dette albumet.
Inne i songen
Når eg høyrer gitarist John Abercrombie spele «Where Are You», går tankane til «The Bridge», albumet til Sonny Rollins og Jim Hall der dei også speler standardlåten «Without A Song», som Abercrombie på albumet heidrar sin eigen tittelsong «Within The Song». Vi er i det nostalgiske hjørnet til den 67 år gamle gitaristen, som fekk sine store inspirasjonar i unge år på sekstitalet, no på plate Joe Lovano på tenorsaksofon, Dave Gress på bass, Joey Baron på trommer. Referansane utanom Rollins er Miles Davis («Flamenco Sketches»), Ornette Coleman («Blues Connotation») John Coltrane («Wise One»), Bill Evans («Interplay»). I tillegg til songar han har skrive sjølv. Alt i regi av ein gitarist eg alltid har likt, ikkje minst i samarbeid med Charles Lloyd og den no avdøde Billy Higgins, og med tallause eigne ECM-utgjevingar på samvitet frå 1974 av. Å sjå til er han ein traust bonde, som musikar ein personleg favoritt som på «Within A Song» stadig er ei fryd å høyre på.
Bugge + Henning= sant
I hendene har eg fått ei sommargåve som heiter «Last Spring» og er spelt inn av Bugge Wesseltoft og fiolinisten Henning Kraggerud, og eg takkar. Om musikken høyrer til mitt gebet, blir til eit underordna spørsmål når ein høyrer flygeljazzens største norske lyrikar saman med Henning Kraggerud framføre songar som er allemannseige, frå «Blåmann», «Om kvelden», «Margit Hjukse», til «Hei hu» som songen om reven som låg under bjørkerot heiter. Fire perler av i alt seksten, framført av pianisten som med soloinnspelinga «Songs» stod for fjorårets album uansett klasse, i møte med ein klassisk fiolinist på eit album som fyller ein med både andakt og indre jubel. Tittelsporet «Last Spring» er basert på Griegs vårsong, komponisten som sjølv tolka folketonane i sitt eige bilete. På merket ACT er dette også Bugges oppfølgjar til juleplata «It’s snowing on my Piano», stadig den mestseljande plata til selskapet til gründer og produsent Siggi Loch.
Dermed er det berre å gje seg musikken i vald gjennom fleire vakre tolkingar av songar som «Byssan Lull», «Den fyrste song», ein fantastisk versjon av «Til ungdommen», og andre. Alt på eit album der det tradisjonelle også blir det tidlause, og grenseskilja meiningslause.
Vindens løyndom
«Secret Of The Wind» (Out Note/Musikklosen) er eit spennande samarbeid mellom den amerikanske jazzpianisten Geri Allen og den fransk-svenske jazzsongaren Elisabeth Kontomanou, som med eit spiritualprega repertoar syng til Geri Allens tonefølgje. Kontomanou, dotter til svensk legemor og til ein jazzsaksofonist frå Guinea, voks opp Lyon, har budd i Paris og i ti år i New York, der ho song med fleire kjende jazzmusikarar, og ho har også gjort jazzkarriere i Sverige. «Secret Of The Wind» er hennar åttande album, etter at ho og Geri Allen møttest på ein jazzfestival og i juli gjekk i fjor gjekk i studio i Frankrike.
Elisabeth Kontomanous kraftfulle stemme står godt til det gospelliknande repertoaret, Geri Allen frå fremste rekkje blant amerikanske jazzpianistar spelte også med Betty Carter på det sterke «Feed The Fire», og med «Secret Of The Wind» er Kontomanou verkeleg eit namn å merke seg.
Odoricis sjanse
Namnet er Piero Odorici, og på albumet «Cedar Walton Presents Piero Odorici» (Savant/Musikklosen), får han sjansen takk vere ein nestor blant amerikanske jazzpianistar. Til Waltons trio høyrer David Williams på bass, Willie Jones III på trommer. Odorici er eit kjent namn på europeiske jazzscener, og står seg godt i dette selskapet, der repertoaret er mainstream amerikansk jazz.










