STAVANGER (Dagsavisen): At Trondheim Jazzfest, Balejazz i Balestrand og Anjazz-festivalen på Hamar gjekk av stabelen den same veka, viser at jazzen i Norge lever og har det bra. Som lokale festivalar konkurrerer dei ikkje om det same publikummet, men kan ha felles nytte av norske og utanlandske band på turne. I går avslutta Kyle Eastwood MaiJazz med bandet sitt i festivalens storstove Stavangeren. På den same scena stod byens eige band Extended Corner med Didrik Ingvaldsen som leiar og Elisabeth Nygård som vokalist, ikkje uventa for ein av dei beste konsertane på festivalen, mens Farmers Market og Marcus Miller, heller ikkje uventa, drog det største publikummet, farmarane bak årets album «Slav To The Rythm» i storform i sjøhuset Toll Hall, Miller på ustanseleg elbass i høgoktanmusikkens hall Folken. Mens Mats Eilertsen for eit mindre, men oppglødd publikum heldt laurdagens finaste konsert med bandet oppkalla etter siste album «Sky Dive», med Trygve Seim som stand in for Tore Brunborg på saksofonar, Thomas T. Dahl på gitar og dei finske musikarane Olavi Liuhivouri og Alexi Tuomorila på trommer og piano.

Same dag fylte trompetist Roy Hargrove Stavangeren med ein dugande amerikansk kvintett, men var trass lytefritt trompetspel ei matt utgåve av den framstormande nittitalskometen.

 

Unge møte

Når Dagsavisen kom til festivalens tredje dag, hadde Al DiMeola og Gonzalo Rubalcaba halde opningskonsert, Stian Carstensen ein spontan opningstale, og byens store son Per Zanussi hadde vist resultatet av eit prosjekt med unge europeiske jazzmusikarar. Spennande møte prega i høg grad ein serie konsertar på intimscena Sting, der tre unge band i serien blå:trå heldt konsert med ein favorittmusikar. Eitt band med saksofonisten Gisle Johansen, eit anna med Håvard Wiik, mens bandet Ben Reddik med saksofonist Marius Neset som gjest stod for ein forrykande avslutningskveld, med Marte Therese Jakobsen som vokalist med norske tekstar.

 

Vokalt talent

Eit stort vokalt talent såg dagens lys med Anh Vu. Med lokale jazzstudentar på gitar, bass og trommer attåt Anh Vus nydeleg stemme, så naturleg og bramfri i uttrykket, med ei blanding av kjende songar og eige materiale. Bandet var også med då opptak vart gjort til Studio Socrates, så lytt på radio!

 

Cosa Brava

Saksofonist Hanna Paulsberg gjekk fortent vidare i jazzintro-tevlinga med bandet sitt. Av dei 45 konsertane frå Stavanger sentrum til Tungenes og Obrestad Fyr i havgapet, er konsertane omtalt her berre ein brøkdel. Men i Toll Hall var Cosa Brava med den engelske avantgardistveteran Fred Frith i spissen for rocka impro og folkemusikk, ei betydeleg sterkare oppleving enn Allan Holdsworths ustanselege fartsrekordforsøk på gitar, no med Jimmy Haslip frå Yellow Jackets på bass. Stavanger er ein sjøfartsby og viser seg fram som det, ein open by også når vestaveret står på. Og ein jazzby det er godt å vere i. Neste år er det jubileum.

kultur@dagsavisen.no