Fire! With 
Oren Ambarci

«In The Mouth 
- A Hand»

Rune Grammofon (Musikk-operatørene)

 

Pixel

«Reminder»

Coneiform (Sound Pollution)

Ballrogg

«Cabin Music»

Hubro (Musikkoperatørene)

 

Med Harald Lassen på saksofonar, Jonas Kilmork Vemøy på trompet og Jon Audun Baar på trommer blir Pixel verkeleg eit band å rekne med på den internasjonale jazz og improscena, og i ei tid då musikkverda ovundrar Esperanza Spaulding, melder Ellen Andrea Wang seg på også i den klassen. Måten ho kombinerer vokal og bass på, om ho følgjer ein bassolo med stemma som er ein tradisjon attende til legendariske Slam Stewarts dagar, eller ho er ein del av rytmeseksjonen enten ho syng sjølv eller ikkje - alt gjer ho og heile bandet med ein sans for kva uttrykket skal vere, som er overlegen. Tonen slår Wang an i preludiet, med ein fleirstemmig bass til eit vakkert, ordlaust songtema, før ho med resten av bandet fyrer av med stykket «Home» og vi er i gang. Indie-jazz er namnet dei set på seg sjølv, og namnet skjenner ingen. Mange vil kjenne Ellen Andrea Wang som den stilige nye bassisten i Dag Arnesens «Norwegian Song»-trio, eg høyrde henne først på bass og vokal på ein eksamenskonsert til Musikkhøgskolen, der ho er masterstudent. Ho spelar med to rockeband, og med den framstormande songarskrivaren Thea Hjelmeland. Resten av bandet frå same høgskule er alt meritterte musikarar, glitrande solistar, og på «Call Me» følgjer dei simultant Wangs militante utbrot «Why don’t You Call Me». «Wake Up» er ein fint arrangert instrumental, lynnet skifter, og balansen mellom instrument og vokal er eit studium verdt. «Waltz» er ei lita perle med bass og saksofon, og trompeten kling vakkert på «Hvor ble den av» der trommene til slutt får fullt utløp med bandet. Fullt kor er med på neste låt, før «An Apple In The Country Hill» avsluttar. Det er noko med både stemmebruken og stemningsskiftet heile vegen på «Reminder», som gjer det til ei oppleving. Dei fire i bandet Pixel har levert ein stor platedebut.

 

Ballrogg III

Ein annan dåm er det over musikken når bandet Ballrogg med sitt tredje album «Cabin Music» også er utvida frå duo til trio med Ivar Grydeland på gitar og banjo og pedal-gitar. Attåt saksofonist Klaus Ellerhausen Horn og bassist Roger Arntzen frå In The Country får musikken dermed ein ekstra dimensjon, etter dei kritikarroste albuma «Ballrogg» i 2009 og «Insomnia». Duoen vart starta for utforske musikken til Eric Dolphy, Paul Bley, Ornette Coleman og Jimmy Giuffre, Morton Feldman vart framheva som ny inspirasjonskjelde for det andre albumet, men musikken til «Cabin Music» er i sin heilskap signert Klaus Ellerhusen Holm. Pulsen frå eit strengekomp pregar opningsnummeret «Swedish Country», Bill Frisell og Chicagobandet Town & Country blir nemnt som inspirasjonskjelder til «Cabin Music», men tenk heller på stemninga rundt bålet når Ivar Grydeland tek fram banjoen og eitt av stykka heiter «Fireplace». Titlar skal låtar ha, og best er det å nyte den spennande nye Ballroggsounden i hus og hytte utan tanke på kva det skal førestelle.

 

Fire! III

Det ber sitt namn med rette, bandet som heiter Fire! og kan setje kva forsamling som helst i brann med den rå krafta i musikken. Mats Gustafsson vann i fjor Nordisk Råds Musikkpris og er både saksofonist, råkøyrar med live elektronika, og spelar fender rhodes, John Bertlinger er handfast bassist, Andreas Werlin på trommer, og på det tredje albumet etter «Unreleased» og «You Liked Me Five Minutes Ago» har dei gitaristen Oren Ambarchi med på «In The Mouth - A Hand». Han er av australsk opphav med ei sterk merittliste. Titlane på dei fire spora kan du også lese som vers, «A Man Who Might Have Been Screaming/ And The Stories Will Flood Your Satisfaction/ He Wants To Sleep A Dream/ A Am Sucking For A Bruise». Det er dei fire linene på cd-versjonen, «Possibly She Was One, Or Had Been Before» er nytt fjerde spor på vinylen, og det er full gass heile vegen. Fire!

 

Stort band, stor mann!

Kenny Wheeler, lever han? I høgste grad, og sjølv om 82-åringen for lengst har skrive namnet sitt med gullskrift i jazzhistoria, spelte han i fjor inn det grandiose storbandalbumet «The Long Waiting» (Camjazz/Musikklosen), med all musikk komponert og arrangert for Kenny Wheeler Big Band av meisteren, sjølv på plass også som flügelhornist. Wheeler er utan tvil den britiske jazzens grand old man, hyppig gjest og medspelar også med norske musikarar, og mange brukar også Wheelers musikk. Venen og den tidlege medspelaren Evan Parker gjev han fortent hyllest i CD-heftet, og eit tjue mann og kvinner stort og mektig band, med Diana Torto som den kvinnelege stemma, er ein sann svir å lytte til. I ei tid då storband er dyre å drive og ikkje lenger har så høg prioritet som dei fortener, ikkje minst med tanke på den oppveksande jazzslekt, står Kenny Wheeler fram som ein vegvisar. Med ei haldning til musikken og eit album som må vere ein inspirator for alle.

 

Også Trio Gordon

Det svenske bandet Glara hausta skamros frå oss med «jazz på svenska»-albumet «Til min syster». Sjekk også første album på same merke, «Trio Gordon & Andreas W. Andersson» (Havtorn Records), der Andersson er saksofonist, og Joel Fabiansson (gitar), Donovan von Martens (bass) og Måns Wikenmo (trommer) er Trio Gordon, på eit stilfullt album som er til å like.