Jon Balke

«Magnetic Works 1993-2001»

ECM (Musikk
operatørene)

 

Ravi Coltrane

«Spirit Fiction»

Blue Note (EMI)

 

John Surman

«Saltash Bells»

ECM (Musikk­operatørene)

 

Om omgrepet institusjon er pompøst, tenkjer eg heller på han som jazzens aldri kvilande utforskar, ein komponist, bandleiar og musikar alltid på veg. På hogget for å prøve ut nye musikalsk idear og utforske måten å uttrykkje dei på, sidan han som tenåring starta sitt eige jazzband og like pur ung var med i Arild Andersens kvartett, og vegen var kort til legendariske Masqualero. Men for ikkje å fortape oss i heile Balkes livshistorie går vi laus på dobbeltutgjevinga «Magnetic Works 1993-2001», der Balke også gjer tilhøyraren den tenesta å fortelje om ideen bak i CD-heftet, ein praksis til etterfølging for fleire.

Han fortel om korleis han etter mange år med bandet «Oslo 13» ville ta med storband-sounden inn i eit stort improviserande ensemble, inspirert av Gil Evans, Claus Ogerman og mannen med det orientalske namn Oum Kalsom. Med den same kjernen av musikarar, brukt i ulike konstellasjonar også med strykarar. Musikken er frå dei tre albuma «Further», «Solarized» og «Kyanos» i perioden, og vi kjenner snøgt att tema Balke har brukt i fleire samanhengar. Som «Horizontal Song» og «Taraf» frå det første albumet, der Tore Brunborgs saksofon syng like sterkt som Per Jørgensens stemme, og felespelar Gjertrud Økland verkeleg dreg bogen.

Formatet vert eit anna med musikken frå «Solarized» med Cikada-kvartetten, og vidare til «Kyanos». Og det var alltid like spennande å oppleve eit så arbeidande band på scena under Balkes formyndarskap og sterke innkast på piano og keyboard, med han sjølv, Arve Henriksen, Morten Halle, Anders Jormin og Audun Kleive som kjernen. Mellom dei finn vi også trioen Jøkleba, som skulle bli ein annan formidabel suksess.

Gjennom bandet og albumet «Siwan» har Balke seinare spelt med musikarar i ein arabisk tradisjon, «Batagraf» er eit perkusjonbasert prosjekt som det vart plate av i fjor. Dei er begge med på Balkes «Molde-tour» i juli, men no nyt vi først musikken på det formidable dobbeltalbumet med Balkes «magnetic works».

 

Fin Coltrane-debut

Å vere sonen til John Coltrane og oppkalla etter Ravi Shankar er ingen spøk, men for saksofonisten Ravi Coltrane, som vart fødd to år før far døydde, var mor og musikar Alice Coltrane (1937-2007) det åndelege haldepunktet. Musikaren Ravi bestemte seg seint for å satse på jazz, Dagsavisen møtte han under Oslo jazzfestival i 2008, og med mange solide plateinnspelingar bak seg debuterer han no på merket Blue Note med «Spirit Fiction». Med to besetningar han har spelt med, i ein kvartett med pianist Luis Perdomo, bassist Drew Gress og trommeslager E. J. Strickland, og ein kvintett med mangeårig medspelar Ralph Alessi på trompet, Geri Allen på piano, James Genus på trommer og Eric Harland på bass. I amerikansk målestokk er det to kanonlag, og med Joe Lovano som gjest og produsent, har Blue Note-debuten vorte ei minneverdig musikalsk oppleving.

 

Klokkene ringer

Når multiinstrumentalisten John Surman tar med seg bagasjen av ymse horn som saksofonar, klarinettar, keyboard og munnspel pluss elektronisk bohave i studio, veit vi at mykje godlyd vil kome ut på hi sida. Så også på albumet «Saltash Bells», som er den første soloinnspelinga sidan «A Biography of the Rev. Absalon Bawe» i 1994, i ein syklus om starta i 1972 med «Westerning Home». Altså er det ei slags musikalsk heimstaddikting inspirert av Surmans eigne trakter både på sjø og land, tenkjer vi då. Bjøller ringer også, Surman var ofte på segltur med far, «Sailing Westwards» er det lange sluttnummeret, og ofte ligg lyden av det djupaste hornet i botnen, også som eit rytmisk fundament mens det lysare landskapet vidar seg ut over. Og den melodiske og lyriske meister lar vakre hymner til naturen utspele seg i dette tonespråket han beherskar som ingen annan. Så lat klokkene ringe for deg også.

 

Udøyelege Toots T!

Toots Thielemans er nitti år, og på lista over dei største musikarane uansett sjanger rangerer eg den belgiske munnspelaren, gitaristen og jazzmusikaren bak plystrelåten «Bluesette» blant dei ti på topp. På sjangerlistene toppa han klassen «miscellaneous» (open, blanda) i Down Beat utan konkurranse så lenge eg kan hugse. Men musikaren som må ha spelt med alle dei andre sjangervinnarane også, er dessutan i klassen til ein Victor Borge med sitt enorme musikalske oversyn. På jubileumsalbumet «90 yrs» (Challenge/Musikklosen) med ein dvd som bonus, auser han av ein serie konsertopptak frå 2006 til og med i fjor, med mangeårig bassist Hein van de Geyn, Karel Boehlee på piano, Hans van Oosterhout på trommer. Han demonstrerer sin melodiøse virtuositet som improvasjonens skulemeister i kva låt det skal vere. Han er ein lyttande og tenkjande musikar, og om nokon skulle gjere Miles Davis’ klassiske trompetkor på Kind of Blue-låten «So What» etter ... Eg seier ikkje meir.

 

Jarreau og Mendoza

Dei som har den alltid intenst utagerande vokalisten Al Jarreau som favoritt er mange, og i selskap med fullt storband/orkester på «Al Jarreau and The Metropole Orkest Live» (Concord/Universal), med sjølvaste Vince Mendoza som leiar, leverer han sjølvsagt varene. Det skjer i konsertopptak frå i fjor i Nederland til publikums ekte glede.