Ingebrigt Håker Flaten, som bur i Texas, går like godt dobbelt solo på eige plateselskap.

«Birds» heiter det elektriske soloalbumet som var spelt inn så tidleg som i 2007. «Steel» heiter det akustiske, live frå Bucuresti i 2010, og til saman fyller dei tida til ei «normal» CD-utgjeving. I 2002 debuterte Flaten som plateutgjevar solo med «Double Bass». Det er i sanning eit krevjande format, og ofte har vi sett den tettvaksne manen i intens konsentrasjon med store akustiske bassen, men på «Birds» får vi ein tretti minutts leksjon frå hans elektriske univers. «Chicago» er siste låt, etter jazzbyen han først slo seg ned i for nokre år sidan før han via heimlandet har landa med familie i Austin, Texas, men turnerer som før med mange band mest i Europa. Om platene i eige namn er få, har han medverka på eit hundretal elles. Han er frå generasjonen som kom for fullt på nittitalet og har ei internasjonal merittliste på line med den norske.

På sitt nye platemerke Tektite Records, er han også sin eigen distributør og seljar gjennom internett. Ei plate med Chicago-
sekstetten hans (med Ola Kvernberg) er på utgjevingsplanen, ein kvartett der Ola Kvernberg også er med. «The Young Mothers» er ei lokal gruppe frå Texas, og med The Thing og Joe McPhee kjem live-innspelingar frå Texas.

Etter «Double Bass» gav Flaten sjølv ut «Quintet» i 2005 og «The Year Of The Boar» i 2008. Gruppa Close Erase var eit tidleg høgdepunkt, The Trio med Petter Wettre og Jarle Vespestad hadde reunion i fjor, Atomic, The Thing, Free Fall, Element, School Days, New Conception of Jazz, Scorch Trio, duo med Evan Parker – det er namn og plater frå ei lang liste. Og når han spelte bestemors salmar saman med Håkon Kornstad kalla New York Times det ein juvel av ei plate.

No handlar det om «Birds» og «Steel», den elektriske og akustiske bassen reindyrka av ein oppdaling.

 

Ny galakse

Eit uvanleg sterkt og originalt debutalbum, skreiv eg då Norchestra i februar 2008 landa eit album med same namn. Fire år etter kjem oppfølgjaren «Galaxy» og eg blir gjerne med på ein tur med denne musikken der komponist og kunstnarisk leiar Alf Wilhelm Lundberg har fått seg ein åttestrengs Brahmsgitar. Han spelar også piano, Kjetil Olai Lundø er bassist, Tor Jamne er trommeslagar, og atter er det ein spennande miks mellom det komponerte og det improviserte som på ein naturleg måte vert til ein heilskap. I ei pressemelding fortel Lundberg om korleis han etter debutplata kasta plekteret og studerte klassiske gitarteknikkar. Bruken av den klassisk gitaren gjorde det mogleg å gå nye vegar, og om det lyder opplagt, er det resultatet som tel. Det vert ikkje mindre jazz av det, på albumet der dei tre musketerane frå Haugesund fungerer i perfekt samklang. Inspirasjonskjeldene er mange, ein visitt til Edvard Grieg vert det også plass til mellom stykka til Lundberg. Eit bestillingsverk til filmfestivalen i 2008 som eigentleg er ein hyllest til progrockbandet hans Ars Nova er også med, og «Seven Midgets» er ein mektig utgang i denne galaksen som det er godt å vere i.

Trommeslagaren Tore Jamne har med det same bandet laga plata «Homage to Papa Jones», ein tributt til Jo Jones.

 

Hipp Hanran

Hugsar du Kip Hanrahan? Komponisten og bandleiaren frå Bronx i New York som samla musikarar frå alle leirar til innspelingar og konsertar der han mest likna ein filmregissør på settet, vandrande mellom musikarar han instruerte på staden. Med folk som Don Pullen og Steve Swallow i selskap med mange av latinamerikansk oppgav skapte han liv og røre og kombinerte det frie med det streite i variert samklang.

Førre album heitte «Beautiful Scars», og grunnen til å opplyse om dette er det ferske nye albumet «At Home In Anger» med tillegget «which could also be called Imperfect, happily» i tittelen. Lista over dei som er med i løpet av dei atten spora femner om Steve Swallow, Milton Cardona, Anthony Cox, Don Byron, Graig Handy, Brandon Ross og tjue til, på eit tverrmusikalsk karneval av eit album. Kip Hanrahan leverer framleis.

 

Ingebrigt Håker Flaten
«Birds – solo electric»
«Steel – Live in 
Bucharest»
Tektite Records
(music.ingebrigtflaten.com)

Norchestra
«New Galaxy»
Acoustic 
Landscapes
(Musikk-
operatørene)

Kip Hanrahan
«At Home In Anger»
Yellowbird (Musikklosen)