Jupiter

«Atlantis»

Bolage 
(Musikkoperatørene)

 

Arild Andersen med Scottish National Jazz Orchestra

«Celebration»

ECM 
(Musikk-operatørene)

 

Sidsel Endresen & Stian Westerhus

«Didymoi Dreams»

Rune Grammofon (Musikk
operatørene)

 

Plata heiter «Celebration», og hendinga har ei norsk tilleggssoge då konserten også stod på programmet i Molde dagen etter 22. juli i fjor. Mitt Andersen-intervju med tittel over kom difor aldri på trykk då Dagsavisen måtte røme dei raserte kontora sine. Ein spesiell konsert vart det, men «Celebration» er frå urframføringa i Glasgow i oktober 2010, med Andersens bass i sentrum heile vegen. Den korte soga er at Andersens skotske triomedspelar på saksofon, Tommy Smith, også er leiar for Scottish National Orchestra. ECM var førti år, og Smith meinte det var ein god ide å lage ein konsert med Andersen som solist. Bandet opnar med ein forrykande versjon av Dave Hollands ECM-låt «May Dance», arrangert av Christian Jacob, held fram med Jan Garbareks «Molde Canticle». Chick Coreas «Crystle Silence» er arrangert av den japanske pianisten Makoto Ozono, Trygve Seims «Ulrikas dans» arrangert av han og Øyvind Brække, ein del av Arild Andersens «Indepency» er arrangert av storbandmagnaten Mike Gibbs, og krona på verket er Keiths Jarretts vakraste låt «My Song», på eit strålande album.

Minnet om Molde-konserten er vagt. Dess større er opplevinga av Glasgow-konserten, der Andersen ikkje er åleine som solist, men han hadde aldri opplevd før å vere konsertmeister på bass i eit storband med sin eigen bass i tillegg.

– Eg har spelt på den same bassen sidan 1968, og no er han betre enn nokosinne, sa han i intervjuet. Han har ikkje tapt seg, bassisten heller.

 

Difymoi draumar

Språket hennar er ofte eit «lyd-engelsk», men Sidsel Endresen har utvikla ein måte å uttrykkje seg lydmessig på som har gjort henne til eit ikon mellom vokale improvisatorar, for det musikalske motet til å gå nye vegar, for det ein trur på. Eg var ikkje på konserten med Endresen og gitarist Stian Westerhus under Nattjazzen i fjor som dette albumet er opptak frå, men har opplevd henne mange gonger også i duo, som her med Stian Westerhus, ein generasjon yngre men det er berre av årgang, eller Håkon Kornstad og andre som Endresen også samarbeider med. Det er den grensesprengjande utforskinga av det musikalske og lydmessig sanselege det handlar om, og med albumet «Didymoi Dreams» er det berre å ha sansane vidopne for Endresen og Westerhus, gitaristen også Nils Petter Molvær har med i sitt beste band på lenge. Titlane på dei elleve spora har fått namn på Kim Hiorthøys CD-omslag, hans faste jobb å lage for Rune Grammofon. Dei kan også lesast som eit vakkert dikt, med liner som «hedgehumming», «wooing the oracle», og den talande siste lina «the law of oh», sporet der eg høyrer Endresens mektige stemme og orda «hold your breath». Eit lite kunstverk av ein pakke er det med ein raring inni. Rar, ikkje sjeldan, men til å dyrke Didymoi-draumar med. Ordet har eit poetisk opphav, og same kva det betyr, må det vere spennande draumar. Eit strålande album er det uansett.

 

Orgeldriven

Det starta som Jupiter, så vart det Jupiter featuring Jonas Kullhammar, og no er også han ein Jupiter saman med gitarist Håvard Stubø, organist Steinar Sønck Nilsen, trommeslagar Magnus Forsberg, og dei lanserer seg som ein svensk-norsk «Hammond-drevet» kvartett. Det viser orgelets rolle i dette klassiske formatet som på sitt beste kan vere det mest hardtsvingande i jazzheimen. Med «Atlantis» har bandet vakna til nytt liv etter år med laber verksemd. Med Kullhammar kom «Live at Glenn Miller» i 2006, i 2007 kom «III2», no «Atlantis», innspelt i svensk studio av same namn. Frå opningssporet «We Drive the Northern Highways» er grooven på plass, med Steinar Sønck Nilsen som på få år har vorte ein nasjonens Jimmy Smith. Kullhammar har i røynda gjort nordmann av seg, gitarist Stubø har ikkje laga ein Wes Montgomery-cd for ingenting, svenske Magnus Forsberg gjekk i lære i Trondheim, og etter fem låtar er det først på tittelsporet «Atlantis» bandet roar han ned, og gir seg ein vakker ballade i vald. Også det høyrer til Jupiter-faget, før dei landar med Kullhammars «Älvsalavals». Ein verkeleg orgeljazzvals.

 

Reeds Monk

Amerikansk pianist i særklasse er også Eric Reed, som på «The Baddest Monk» (Savant/MusikkLosen) utforskar musikken til ikonet Thelonius Monk. Sidan han kom med i bandet til Wynton Marsalis har Reed sjølv eit titals plater på samvitet, her med ein glimrande kvintett med Seamus Blake på tenorsaksofon, på eit album som med rette alt har fått mykje åtgaum.

 

Favoritt går solo

Lynne Arriale frå Milwaukee har vore ein pianofavoritt sidan ho debuterte med albumet «The Eyes Have It» etter å ha vunne den store amerikanske jazzpianotevlinga i 1993. Sidan har nye album kome som perler på ei snor, med den faste trioen med Jay Anderson på bass og Steve Davis på trommer. Og ho fyller no dusinet med «Solo» (In and Out/MusikkLosen), det første åleine med pianoet. Å gå solo er eit dristig steg for alle pianistar, men Arriale som vi også har møtt på norske jazzscener, sist den nasjonale i Oslo, meistrar det med glans. Frå sin eigen opningslåt «La Noche» tek ho oss med gjennom eit knippe songar mest av henne sjølv, men også klassikarar som Monks «Evidence», musikallåten «Wouldn‘t It Be Loverly» og ein original versjon av Cole Porters «What Is This Thing Called Love». Lynne Arriale er ein jazzpianist til å like med sitt fargerike uttrykk, og med ei fin tolking av Billy Joels «And So It Goes» avsluttar ho den framifrå solodebuten.