Dagsavisen.no / Meninger /
Forutsigbare rammer 3 kommentarer
I sommar opna miljøminister Erik Solheim landets einaste biodieselfabrikk i Fredrikstad med orda «en gledens dag». No er dei ansatte trua av permitteringar, fabrikken av nedlegging. Me har dessutan høyrt at nye, flotte bio-stasjonar over heile Austlandet stenger alle kranar første januar, dersom regjeringa innfører avgifta. Ekspertar og politikarar diskuterer enkeltsaken biodieselavgift, men konsekvensane bør ses i eit større perspektiv. Dette handlar om sårbare miljøtiltak og politikarane som uforutsigbare premissleverandørar.
Mitt inntrykk er at dei siste åra har vore prega av større bevissthet rundt hensyn til miljøet. Kanskje kan me seie at ideen om at kvar enkelt kan bidra har fått større plass. Men så krappe vendingar i rammevilkåra som me no ser, trur eg vil gjere folk usikre. Og med ustabile rammer for sårbar verksemd forsvinn viljen til både investering hos innovatørar, og til satsing hos den enkelte forbrukar. Dersom me skal tore å gå for nye ting, må betingelsane vere stabile.
Debatten om biodieselavgift handlar nemleg om langt meir enn skjebnen til ein fabrikk i Østfold. Konsekvensane av saken kan bli at rammene for miljøtiltak generelt blir uforutsigbare. Kan me stole på at det som gjeld i dag også skal gjelde i morgon? Få vil truleg satse på noko med svært uklare utsikter. Eg kunne tenkt meg ein el-bil, men er usikker på om eg tør. Det krever guts å velge miljøvenleg.


