Dagsavisen.no / Meninger /
Mobiliser mot overvakingssamfunnet! 8 kommentarer
Senterpartiet er imot EUs datalagringsdirektiv fordi vi meiner at kvar og ein
av oss skal ha rett til å leva frie liv under ansvar. Vi vil verne om
ytringsfridomen og personvernet.
Datalagringsdirektivet heimlar at all trafikkdata på kontakt mellom oss kan lagrast opp mot to år. Argumentet er at dette skal vere eit verktøy mot kriminelle. Problemet med direktivet er at det lagrar informasjon om oss alle. Det er ubehageleg, ikkje naudsynt og reiser alvorlege spørsmål i høve til personvernet.
Direktivet inneber massiv og langvarig lagring av trafikkdata – informasjon om kven vi har kontakt med, når og kor. I Senterpartiet vil me ikkje godta at vi blir overvaka på den måten. Det er informasjon som høyrer privatlivet til.
Vi er sjølvsagt oppteken av at politiet skal ha best mogleg verkty i kampen mot alvorleg kriminalitet. Men datalagringsdirektivet er ikkje svaret. Det meiner heller ikkje Personvernkommisjonen, der òg Kripos var representert. Dei meiner politiets rett til innsyn skal ha ei klarare grunngjeving enn som så. Dessutan er det slik at politiet i dag har tilgang til registra i teleselskapa.
Det rår no ei «kjekt å ha»-haldning til direktivet. Politiet og justissida har ikkje ein gong greia ut kva ein vil med det og kva nytte ein vil ha av direktivet. Og på ei anna side kan somme menneske eller grupper bruke den lagra informasjonen til å andre kriminelle handlingar. I så måte kan vi få meir – og ikkje mindre kriminalitet i den andre enden.
Historia har vist at innsamla informasjon har vorte misbrukt. Det er ikkje lenge sidan Lund-kommisjonen ga oss ei grundig innføring i det. Ei slik samling av informasjon som datalagringsdirektivet vil føre med seg kan – og vil – bli misbrukt.
Soria Moria 2 slår fast at Senterpartiet og SV sine representantar står fritt når saka skal handsamast i Stortinget. Mange av Høgre sine representantar har så store kvalar med direktivet at dei meiner reservasjonsretten skal brukast. Dette opnar for ein interessant situasjon i Stortinget. Høgre sit med nøkkelen til om datalagringsdirektivet skal bli ein del av norsk lov eller ikkje. Høgre kan stoppe direktivet i Stortinget. Dette blir syretesten på om Høgre er eit liberalt parti eller ikkje.
I for mange år har reservasjonsretten vore ei heilag ku i norsk politikk. Mellom anna har Fredrik Sejersted og Finn Arnesen avdramatisert bruk av reservasjonsretten på datalagringsdirektivet. Viss ein ikkje skal kunne bruke reservasjonsretten no – når skal det då vere aktuelt?
Datalagringsdirektivet er fjernt frå sentrumsverdiar og liberale verdiar. Vi skal bruke teknologien til samfunnets beste, men ikkje truge ytringsfridomen og personvernet. Senterpartiet vil, saman med resten av den breie alliansen som vil forsvare personvernet, kjempe mot overvakingssamfunnet og mobilisere for at vetoretten skal nyttast mot datalagringsdirektivet.


