Kultur

Superjazz med Vossajazz

Med tingingsverket til Susanna og kvinneensemblet hennar som høgdepunkt, gjekk den 44. Vossajazz-festivalen av stabelen som den beste.

VOSS (Dagsavisen): På det nivået han har nådd no, toler han å bli samanlikna med dei beste, ikkje minst etter ei lyrisk pangopning av diktaren Erlend O. Nordtvedt, som gjekk inst i sjela på oss alle. Det var eit stort sprang når det gjeld å lage festivalopningar med innhald, i staden for velviljug politikartale fulle av fraser. Og scena til opningskonserten vart erobra av eit stort kvinneensemble frå Zimbabwe, leia av Busi Ncube som bur i Oslo, og som med framføringa av verket Usiko fekk det til koke i festivalens store festsal, berre overgått av supergruppa Highasakite seinare i veka.

Det var starten på ein festival som søndag vart avslutta med Solveig Slettahjell, Knut Reiersrud, og In The Country.

Epos

Tingingsverket «Garden of Earthly Delights» var eit mektig musikalsk epos, med Susanna som leiar, pianist, komponist, vokalist og tekstforfattar, med Ida Løvlid Hidle på akkordeon, Natali A. Garner på elektronika og vokal, Ina Sagstuen det same, med Stina Moltu Marklund på gitar. Alle er medverkande som instrumentalistar og vokalistar, i bandet kalla Susanna & the Brother of our Lady. Med kampen mellom lyset og mørkret, mennesket på leit etter sanninga fekk vi vite, med den nederlandske målaren Hieronymus Bosch (1450-1516) for auget. Slik var utgangspunktet for eit lagnadstungt musikkdrama, der tekstane ikkje alltid var like lette å gripe. Men vi var alle var seglarar på livets hav, oppsummert med ei setning som «There is a flood coming, be there». Og det var eit andaktsfullt publikum som levde med.

Følg Dagsavisen på Facebook og Twitter!

Fest

Godt då å kunne kome i feststemning takk vere eit program smekkfullt av konsertar, der snart åtti år gamle Karin Krog stråla saman med saksofonist John Surman, og der Osa-salen befesta sin intimkonsert-status. Til lysløypa for denne medarbeidar høyrde ein ny kanonkonsert med superbandet Highasakite, eit gjenmøte med gamle Sheila Jordan og bassist Cameron Brown, eit fantastisk møte med den danske saksofonisten Mette Rasmussens norsk-dansk-svenske band.

Fantastiske var også Ingrid Olava i duo med pianist Andreas Ulvo, Torun Eriksen i toppslag på ein kafé Stasjonen som slår ut Park-scenene som konsertlokale, der plateferske Tomasz Stanko stod på programmets siste dag.

Gamlekinoen er også festival-arena både for musikk og film, denne gongen for prosjektet Solaris med Sjur Miljeteig og Ane Dahl Torp. Møster, Ståle Storløkken og Helge Norbakken lanserte sitt nye band.

Med eit stort mangfald med band og artistar frå både inn og utland, er Vossa Jazz no i tetsjiktet blant landets jazzfestivalar. Dette referatet byggjer mest på dei to første dagane, toppa av eit tingingsverk som blant jazzfestivalane i Norge har ein einestande tradisjon.

Mer fra Dagsavisen