Songar til fingerspissane
X
KONSERT
Tony Bennett
Oslo Jazzfestival
Operaen
På vel ein time og 25 songar skapte Tony Bennett historie i Operaen.
Åttiseks år gamal har han framleis ei stemmeprakt som han kan syngje alle årsklassar av banen med, høgt eller lågt, sterkt eller mildt, med eineståande presisjon og timing, og klokkereint som ingen annan på planeten. Men viktigast er bodskapen til Bennett, å vise kunsten og stordomen i heile den katalogen vi kallar den store amerikanske songboka, gjennom ei formidling av både tekst og musikk som gjer at du opplever songar du har høyrt eit utal gonger på ein ny måte, med tekstar som blir levande. Det er denne kunstarten han sjølv kallar klassisk som Bennett har levd for. Heilt sidan han song for pengar tretten år gamal og fekk den første kontrakten med Universal i 1950 med «Boulevard of Broken Dreams», som vi fekk halvvegs i den fantastiske konserten.
Til konsertprogrammet høyrer ei kort avdeling med dottera Antonia Bennett, med songar framført utan særpreg, før Tony Bennett med «Watch What Happens» gir beskjed kva det dreier seg om. I ryggen har han ein rutinert kvartett med fire musikarar han også brukar einskildvis, alt innstudert til fingerspissane mens «They All Laughed», «I Got Rhythm», «It Had To Be You» kjem som perler på snor. Skiftande i tempo, frå songar med full hals til lågstemt lyrikk i vakre balladar, alt mens kroppsspråk, dynamikk, stemme og framføring elles blir til eit stykke eineståande forteljekunst. Ikkje frå ein aldrande mann, men ein vital herre med ei utstråling og ei inderlegheit i alt han gjer som er heilt overdådig.
Slik får du gjennom Bennetts formidling greie på kva «The Good Life» handlar om, kva som hender i «The Shadow Of Your Smile», ein snøggversjon av barsongen «One For My Baby» som Sinatra har gjort til sin, og «The Best Is Yet To Come» før «I Left My Heart in San Francisco», signaturlåten han vann sin første av 17 grammyprisar for. Og så song han «I’m Old Fashioned». Å vere «gamaldags» er Bennett stolt av, etter å ha oppheva generasjonsskiljet gjennom kunsten sin. Like stolt som då han fekk takk frå Charlie Chaplin for framføringa av filmmeisterens «Smile», som var det første ekstranummeret denne kvelden. Etter «When Your Smiling» song han så «Fly Me To The Moon» utan mikrofon, berre med Gray Sargents gitarkomp til, i ein konserthall han meinte var den beste han hadde sunge i. Ein fantastisk kveld var det, og ein draumetjuvstart for jazzfestivalen i Oslo.
«Du opplever songar du har høyrt eit utal gonger på ein ny måte.»










