Annonse
75 år i dag, Roald Helgheim, jazzskribent i Dagsavisen.

Sjølvaste Helgheim er 75

Legendarisk kritikar. Beste jazz-skribenten i Noreg. Det er blant karakteristikkane i norsk presse av Roald Helgheim, 75 år i dag.

Annonse
Kultur

 

Roald Helgheim sit på betongsofaen i bakgården til Dattera til Hagen. Sekken er open. Der ligg ei t-skjorte med eit portrett av Miles Davis. På bordet legg Helgheim ein kopie av ein artikkel i Klassekampen datert 1980: «Jazz er en måte å leve på». Det er er Helgheims første intervju gjort med ein amerikansk jazzmusikar: Kenny Clarke, trommeslagar i Modern Jazz Quartet.

Helgheim fortel at han viser artikkelen fordi den betydde mykje for at han fortsette å skrive om jazz. Og fordi far hans ringte og skrøyt av artikkelen, og sidan passa på å alltid ha Klassekampen i hus.

– Han såg at sonen som hadde reist heimefrå og blitt kommunist fekk til noko der borte i Oslo.

Tusen artiklar

Sidan seint 90-tal har Roald Helgheim skrive tusen artiklar om jazz berre for Dagsavisen. Når andre skribentar nemner Helgheim, er det gjerne som «legendarisk jazzskribent» eller «sjølvaste Helgheim». Det er no 75 år sidan kritikaren, essayisten og tidlegare «all round journalist», som han kallar seg sjølv, var fødd i Jølster i Sunnfjord. Han er fødd på same side av jølstervatnet som Nikolai Astrup. Helgheim spring rundt i det eventyrleg vakre sunnfjordslandskapet, og bur mellom veggar fulle av Astrups målerier av det same landskapet. Det er ein kristen heim, med trøorgel i stova der faren speler «Ave Maria», og Roald, etter å ha høyrt den på radioen, speler «Blue Monk». Radioen gjer han til ein jazzelskar.

Når han, med tanke på å bli realskulelektor, kjem til Blindern for å studere matte og fysikk, er det konsertar med Thelonius Monk, Herbie Hancock og Charles Mingus som stakar ut kursen for bondestudenten. Kveldar og netter går til konsertar, å sitje på studentheimen og synge med andre jazzinteresserte, eller å lage Klassekampen på dugnad med kameratar frå AKP. Helgheim blir redaksjonssekretær i Klassekampen i 1974 - «de facto redaktør», skriv ein kollega om Helgheims rolle i avisas hovudredaksjon på 1970- og 80-talet.

Følg Dagsavisen på Facebook og Twitter!

Til Dagsavisen

I 1997 avsett AKP redaktøren i Klassekampen. Helgheim forlet Klassekampen utan annan jobb å gå til. Han spør Dagsavisen om dei vil ha jazzstoff frå han. Korleis var det, politisk sett, å gå frå Klassekampen til Dagsavisen, som på den tida var meir knytt til Arbeiderpartiet?

– Partitilhøyrigheita hadde ikkje noko å seie for meg. Eg har vore uavhengig uansett kor eg har skrive. Klassekampen og Dagsavisen har den beste musikkdekninga.

Helgheim fekk æresmerknaden Molderosa under jazzfestivalen i 1987, og i 1990 Oslo Jazzhus’ ærespris og Vinjeprisen. Den siste får han for bruken sin av nynorsk. Sidan seint på 1970-tallet jobbar Helgheim og for den nynorske vekeavisa Dag og Tid, der han framleis er fast tilknytta.

– Eg ville vere journalist og tok kontakt med Dag og Tid. Klassekampen, Dagsavisen og Dag og tid, det er vel ein bra record, som det heiter på engelsk.

I 2003 fekk Roald Helgheim Oslo Jazzfestivals pris.

Linje i livet

Når eg spør kva han har gjort som musikkjournalist og -kritikar som han hugsar best eller er mest nøgd med, drar han fram eit intervju som han gjorde med Anita Skorgan. Men kor var det trykt, det intervjuet? Helgheim hugsar ikkje. Han har ikkje tatt vare på alle artiklane sine, og ikkje har han leita dei opp på mikrofilmar hos Nasjonalbiblioteket eller i digitale arkiv. Dei er mange Helgheim-fans som ønskjer at artiklane hans var samla og tilgjengelege ein stad. Så eg spør kva som elles sit att etter eit 75-årig liv?

– Eg tenkjer av og til på at då eg var fødd, så hadde det norske holocaust vara i to månadar. Ein gjer seg visse tankar. Elles kan eg ikkje seie at eg har nokon linje i livet mitt. Men det går an å hevde at noko byrja med den opptredenen på orgel 17. mai då eg var fem. Sidan har eg tatt det som låg framfor meg først, om det var politisk eller ikkje.

Helgheim tar på seg sykkelhjelmen og skal vidare. Finne seg ein kafé og sitje litt, som han seier, og vil vite korleis vi skal få til den vidare prosessen.

– Eg er ikkje vant til å bli intervjua, innrømmer Helgheim.

Han lurer på om eg har ein tittel enno?

Nei, eg tykte eg måtte møte mannen først. Men har han ein tittel til meg, kanskje?

– Næi, det er jo første gongen eg har evaluert livet mitt… 75 år. Det er noko med at når du runder 60 og så kjem 70 så tenkjer du å faen... 75 har fått ein eigen status. Kva heiter det i salma? «Nu er det for sent å tenke seg om».

Annonse