Han var fødd Michael men Mikkel Flagstad er namnet han blir hugsa for ijazzhistoria den eminente tenorsaksofonisten som no er død 75 år gammal.Sjølv den unge bebop-saksofonisten stod sentralt i det vesle norskejazzmiljøet etter krigen finst han på fleire svenske plateinnspelingar ennnorske då han tidleg vart med i bandet til Simon Brehm og gjorde si førsteplateinnspeling med svenske trompetisten Roffe Ericsson. I Norge leia hansin eigen kvintett med Atle Hammer Kjell Karlsen Erik Amundsen og OleJacob Hansen. Han vart råka av tuberkulose på femtitalet og vart borte fråden norske jazzscena på byrjinga av sekstitalet.

Namnet hans finst på fleire norske plateinnspelingar men ikkje som leiar.Saman med Arvid Graham Paulsen og Kristian Bergheim vart han i 2001presentert på eit dobbeltalbum i serien «Portrait of a Norwegian JazzArtist».

Braxton til Molde

Måndag startar den 45. jazzfestivalen i Molde med opningskonsert av ArildAndersen den residerande artisten som skal halde fire konsertar i ulikekonstellasjonar. Men stor spenning knyter seg også til Anthony Braxton denamerikanske avantgarde-saksofonisten som måtte melde avbod til ein konsert iMolde for 31 år sidan og som enno ikkje har stått på ei norsk jazzscene.Diskografien er enorm men få album har funne vegen til platebutikkane påvåre kantar. Fødd i 1945 er han still going strong på den amerikanskejazzscena han har skrive musikk for alle slags konstellasjonar og i Moldestiller han onsdag med sekstett.

Eit spennande gjenhøyr blir det også med den koreanske pianisten Aki Takasesom vi sist møtte i samspel med Maria Joao og Dagsavisen er på plass fråførste dag.