Nye takter

Prisvinnarens kongsbergdag

Det er for lite dans i jazzen, seier Arve Henriksen før han held prisvinnarkonsert på Kongsberg Jazzfestival i dag.

KONGSBERG (Dagsavisen): Festivalen vart opna i går, det er den 48. i rekkja, konserten til Henriksen er resultat av at han i fjor vann den store musikarprisen til DnB, og på scena er trompetisten, komponisten og multiinstrumentalisten saman med dansaren Therese Skauge, videokunstnaren Anastasia Isachsen, gitarist Helge Sten, som han spelar med i Supersilent, og dei to perkusjonistane Terje Isungset og Ingar Zach.

- Å få denne prisen var ei stor ære for meg, seier Henriksen som i morgon også har ein annan konsert på festivalen. 44 år gammal er stryningen ein av dei mest meritterte jazzmusikarane i Norge, for tida mest kjend som medlem av Supersilent. Han var Artist in residence i Molde i 2009, og som både trompetist og vokalkunstar kan han vere eit band åleine på scena.

Dansaren

- Kva tenkte du då du fekk prisen?

- At det var ein stimulans til å gjennomføre prosjekt eg ofte har hatt i tankane. Eg gjorde eit prøveprosjekt med dette i vinter, men til denne konserten stiller vi med nye idear. Eg ønskjer å bruke det visuelle meir, og den største nyvinninga for meg no er å samarbeide med dansaren Therese Skauge. Dans og improvisasjon er ein konstellasjon som er ny for meg, men eg veit at Skauge har gjort mykje saman med perkusjonisten Terje Isungset. Difor ville eg ha med han også, i tillegg til Ingar Zach.

- Helge Sten har du teke med deg frå Supersilent. Kvifor det?

- Gitaristen har utvikla eit dataelektronisk program med lydbehandling og sampling, litt slik eg og mange andre har gjort med Jan Bang før. Når det gjeld den perkussive delen er Isungset og Zach to motsetningar som tiltrekkjer kvarandre. Isungset spelar heilt akustisk, Zach tek også elektronikken til hjelp. Men det viktigaste nye element for meg no er dansen, eller det eg kallar den improvisatoriske paletten. Det er ein dimensjon som burde brukast oftare, og eg har sett Jon Balke bruke det.

Touch

- Men kva blir då den musikalske rolla di, trompetist og sjef?

- Eg vil heile tida vere ein musikalsk kommentator til det som skjer. Det kunne like gjerne vore dansaren, som like mykje vil vere ei leiestjerne.

- Du har sett namnet «Touch» på prosjektet. Kva legg du i det?

- At det heile tida er røringspunkt mellom oss, mellom musikarar og mellom oss og dansen.

Fredag skal Arve Henriksen ha ein triokonsert med to andre trommeslagarar, Audun Kleive og Helge Norbakken.

- Det er ein del av konsertserien All About Jazz som den britiske redaktøren for nettstaden står for. Her er Helge Norbakken den akustiske musikaren, Kleive brukar også elektroniske verkemiddel.

- Du likar trommeslagarar?

- Eg er ein slags trommeslagar sjølv i Supersilent, etter at Jarle Vespestad slutta. Trommer er gode å ha når du skal orkestrere, seier Henriksen, som stadig er på vegen med det bandet som aldri øver, men legg verda for sine føter.

- Kva er den store musikarprisen for deg?

- Han er på 300.000 kroner, 50.000 må eg bruke til konsertar, og til prisen høyrer også oppdrag for DnB, etter at eg først har betalt skatt for heile beløpet. Men det er ei stor ære å få han. Det er det viktigaste.

Krogvold opna festivalen

Den 48. jazzfestivalen på Kongsberg vart i går opna under står ståhei, av fotografen Morten Krogvold. Opningskonsertane på utescena Tubaloon var med den norske jazzrocktentetten The Turns Tentet og soulvokalisten Sharon Jones & The Dap-Kings. Populære Solveig Slettahjell og Morten Qvenild var kveldens trekkplaster i kinoen. På Arve Henriksens dag i dag er Dee Dee Bridgewater som har vore på Kongsberg før, det store trekkplasteret på same scene som verdensmusikkbandet Tinariwen, pianisten Vijay Iyer er det spennande nye namnet i internasjonal jazz, og på det rikhaldige programmet elles er Mats Eilertsen, Karl Seglem, Joe PcPhee og Evan Parker, Jon Balke Magnetic Book, Atomic, Lizz Wright. Og festivalens satsing på den frie jazz er intakt, med konserten i Avanthagen som høgdepunkt på siste dag laurdag.

Mer fra Dagsavisen