Annonse

Musikk i fri flyt

Jan Gunnar Hoff er ein mann for store verk. Musikk frå to av dei har han spela inn på ny, til det sterke og mektige albumet «Magma».

Annonse
Nye takter

Med base i Bodø er pianisten, komponisten, bandleiaren og pedagogen også ein landsdelens musikar, noko han ein periode hadde som betalt jobb, og ein verdsmusikar med både Pat Metheny og Chick Corea på merittlista, saman med portugisiske Maria Joao, det portugisiske songfenomenet som har medverka på eitt av verka hans, og som er med på albumet.

Vi treng ikkje rekne opp heile merittlista med musikk for både kammerorkester, kor og anna, men musikken her er altså frå «Magma» som Hoff skreiv Nordland Musikkfestuke i 2006, og «Free Flow Songs», som var tingingsverket på Voss i 2005. I eige namn har han gitt ut fire album, og Bjørn Kjellemyr og Audun Kleive har vore med i hans faste band sidan nittitalet.

TROMPETTONEN

I Molde i 2001 hadde han ein forrykande konsert med den residerande artisten Pat Metheny, sentrert rundt musikken til Pat Metheny Group. På «Magma» har han med gitaristen Mike Stern, saman med Kjellemyr, Kleive og Joao.

På songane med Joao medverkar også Eivind Aarset (gitar), Helge Norbakken (perkusjon), og over det heile svevar trompettonen til Mathias Eick, som verkeleg er «a man for all seasons», som det heiter på det språket. Det gjeld både i det fine samarbeidet med Maria, og som kraftfull solist elles. Kraftfullt er eit ord ein også assosierer med det fargerike pianospelet til Jan Gunnar Hoff, som er like godt heime i det akustiske som det elektriske.

Tenk ikkje på dette som eit «verk», men nyt musikken til ein stor melodiar i spissen for eit makelaust band, som tar deg med gjennom eit storfelt landskap. Magma er også den flytande massen frå ein vulkan. Her er det musikk i fri flyt.

DOBBEL HADEN

Charlie Haden runda 70 i fjor, og no gir han ut musikk han jubilerte med som femtiåring. «The Private Collection» er ein dobbel cd, den første frå feiringa femtiårsdagen 16. august 1987, med lyden av mat og drikke i bakgrunnen, den andre frå ein konsert i St. Louis i april 1988. Det er ei gåve til alle Haden-elskarar, prega av tida med Quartet West, vestkystbandet hans med Ernie Watts, saksofon, Alan Broadbent, piano og Larance Marable, trommer. Han brukte dei på åtti og nittitalet på ein serie framifrå utgjevingar av både nostalgisk og romantisk type, delvis med musikk frå 30 og 40-talet.

Watts og Broadbent er med på 87-feiringa saman med Billy Higgins, trommeslagaren Haden spela saman med då dei i bandet til Ornette Coleman var med på å revolusjonere jazzen. På den andre er den livslange venen Paul Motian, og «The Private Collection» er ei stilig helsing frå ein kunstnar som aldri grodde fast i ein sjanger.

Her går det først i musikk av Pat Metheny, Charlie Parker, Miles Davis og Bach, ein 22 minutts versjon av Ornette Colemans klassikar «Lonely Woman», Hadens vakraste song «Silence«, og «Body and Soul». Det er berre å forsyne seg av rettane.

TRU PÅ VÅREN!

«Believe In Spring» heiter albumet som berre må opne med Michel Legrands vakre stykke med det fulle namnet «You Must Believe In Spring», udøyeleggjort av musikarar round bout.

Bak albumet står The Hans Ulrik Steve Swallow Jonas Johansen Trio, ein dansk-amerikansk allianse der saksofonist Ulrik og trommis Johansen saman med Steve Swallow først gav ut «Trio», dinest «Tin Pan Aliens», med skrått blikk på populærmusikken frå det såkalla Tin Pan Alley-området i New York. Musikk også jazzmusikarar av alle slag har sugd av, og spor nr 2 er like godt «Carolina Moon», ein song i alle fall min generasjon for alltid vil forbinde med Connie Francis. Slik spelar dei seg nyinspirert, friskt og godt gjennom «Soul Eyes», «Get Happy», «I'll Remember April», Steve Swallows «Falling Grace» og anna, og når dei på tre (ulike) spor kvar har fått med seg gitarist Ulf Wakenius og pianist Bobo Stenson, svekkjer det ikkje trua på våren. Dette er eit album du berre kjem til å like.

Jan Gunnar Hoff
«Magma»
Grappa (Musikkoperatørene)

Charlie Haden
«The Private Collection»
NAIM (Musikklosen)

The Hans Ulrik Steve Swallow Jonas Johansen Trio
«Believe In Spring»
Stunt Records (Musikklosen)

Annonse