Nye takter

Miles Davis i fri jazzdans

På trippelplata «Freedom Jazz Dance», den femte i Miles Davis’ «Bootlegs Series», høyrer vi alt som blir sagt og gjort i studio på ei eineståande utgjeving.

Bilde 1 av 4

JAZZ

Miles Davis

«Freedom Jazz Dance – The Bootleg Series Vol 1»

Columbia Legacy/Sony Music

I bandet høyrer vi Miles Davis med tidenes kvintett på sekstitalet, med Wayne Shorter på saksofon, Herbie Hancock piano, Ron Carter bass og unge Tony Williams trommer, som arbeider seg gjennom musikken låt for låt, med stor entusiasme. Ikkje med ein diktator som leiar, men som ein entusiastisk medmusikant, Miles Davis, som på hogget heile tida får alle til å yte det beste, før dei opptak for opptak endar opp med eit Master Take på kvar låt. Der opnings og tittellåten er «Freedom Jazz Dance» (Columbia/Legacy Sony Music).

Det er ingen Miles Davis-låt, men ein låt saksofonisten Eddie Harris gav ut 1965. Ein radiohit og «popjazzlåt», som The Quintet over alle Miles-kvintettar likevel gjorde til den nye platas første prøveklut! Og vi følgjer dei første slengkommentarane i bandet, der unge Tony Williams på tjue år meinte at same kva folk ventar av oss, gjer vi det motsette. Miles Davis er i toppform, og ein stad på plata likar han låten så godt at han ropar «eg vil ikkje spele han, eg vil høyre han!»

Musikken vart spela inn i perioden 1965 til 1968, med kvintetten som etter «Kind of Blue» var den beste. Av songane på plata har Wayne Shorter og Miles Davis signert flest, på ei innspeling der alt lagt ut på ein måte vi aldri har opplevd før. 23 låtar til eit eineståande studium, med musikarane i ord og tonar som i store og små «takes» er medskapande. Når det gjeld den siste versjonen av Shorters «Masqualero» som blir spelt inn ukommentert, har han ikkje vore gitt ut på plate før no.

Den akustiske sekstitalskvintetten til Miles Davis var toneangjevande, slik alle i bandet også var det kvar for seg. I jula 1965 spelte dei på klubben Plugged Nickel i New York, i sju sett etter kvarandre over to kveldar, seinare gitt ut ein boks på åtte CD-ar i «The Complete Live at The Plugged Nickel 1965.»

Men no heiter det «Freedom Jazz Dance», «bootleg»-boksen som også blir gitt ut som femtiårsjubileum for den tida Miles Davis var på høgda musikalsk, som femti år etter dei fantastiske innspelingane også gjev lyttaren ei ekstraordinær oppleving av prosessen. Alle detaljane, alt som blir sagt og spela, i ein musikalsk verkstad med musikk i same tradisjon som i band som «Miles Smiles», «Scorcerer», «Nefertiti», «Miles In The Sky» og «Water Babies.»

«Kind of Blue»-biografen Ashley Kahn følgjer det heile gjennom fyldige liner notes. Bassisten Ron Carter seier at Miles var medviten om kva han gjorde når han sette saman bandet. Som yngstemann Tony Williams på tjue, overlevd av Wayne Shorter og Herbie Hancock som saman med Carter framleis pregar si samtid. Ingen musikk er for enkel. Vi følgjer tankegangen steg for steg, der utspela er korte, kommentarane ivrige, når musikken tek oss med til låtane «Circle», «Orbits» og «Dolores», «Footprints», og kva med «Gingerbread Boy»?

Ein låt saksofonisten Jimmy Heath frå eit anna band hadde skrive til sonen sin. «Blues In F» låg nedstøva heime hos Miles. Musikken er lik måten han vart til på, der meisteren ber om ein tone frå Hancock, og nest siste fase er Session Reel før Master Take. Eit musikalsk skaparverk.

«Play Your Eight» er Davis’ siste ord, opphavleg sagt til trommeslagaren Tony Williams i studio. Lengde seks sekund. Det har fått ein eigen kommentar. «Kind of Blue»-kronikør Ashley Kahns «liner notes» som følgjer prosessen heile vegen, er ein nyttig vegvisar.

Mer fra Dagsavisen