Dagsavisen.no / Kultur / Musikk /
Lyttande, rart og vakkert Skriv en kommentar
Susanna Wallumrød presenterte stort sett nyskrive materiale i konserten med Ensemble neoN. Foto: Erik Norrud
På sitt beste utgjorde konserten eit nyskapande møte mellom to ofte åtskilde
musikalske verder.
- Sted: Fabrikken
Noko av det som fascinerer meg ved Susanna Wallumrød sitt arbeid er korleis det potensielt sentimentale så fint balanserer mot ein lysare kreativitet. I den stadige nyfikna mot uvanlege lydar, vert Wallumrød sitt melankolske uttrykk sjeldan svart, men heller inderleg og ope.
Så òg i samarbeidet med ensemble neoN, som med besetninga av lys treblås, eit par strykarar, theorbe og perkusjon, i utgangspunktet har noko «ulogisk» og skeivt ved seg, som godt kan kle Wallumrød. Musikarane i det høvevis nystarta ensemblet har røtene sine i kunstmusikalsk tradisjon, men har som ambisjon å spela «aktuell» musikk der nedbrytinga av sjangergrenser er vesentleg. Slik kan dei sjåast som naturleg partnar for ein som i arbeidet med både eige og andre sine stykke gjerne leitar etter uventa klangar.
Initiativtakarane til neoN, Jan Martin Smørdal og Julian Skar, sto bak arrangementa til konserten – over stort sett nyskrive materiale frå Wallumrød. Og sjølv om Wallumrød og neoN truleg kan trengja ytterleg eit par konserterfaringar i lag før uttrykket heilt solid finn feste, fanst mykje lovande ved konserten.
Aller best virka ensemblet utnytta gjennom Smørdal sine arrangement. Frå den instrumentale introduksjonen, og gjennom låtane «Hangout» og «Oh, I am stuck», fekk mykje ansvar falla på utøvarane, som nytta fragment av Wallumrød sin melodi og grunnstemning som utgangspunkt og bygde vidare på desse. Dei musikalske referansane peika både fram og attende i tid, med verkemiddel frå partiturbasert samtidsmusikk så vel som romantikken og jazzen sine undertonar.
Som ein motvekt var enkelte av Skar sine arrangement meir akkompagnerande tenkte. Også desse utgjorde fine fargeleggingar, men musikarane fekk sjeldnare leggja til noko særeige. Snarare – som i «Imagine» og «Intruder» – arbeidde dei meir systematisk med å forsterka akkordar, melodi og farge – element som alt fanst frå Wallumrød si side, og i augneblikk kunne dei minna om ordinære arrangement som ofte tilfell klassiske instrumentalistar i studio.
I siste avdelinga løfte det seg imidlertid, gjennom tre variantar av «The Forester». Mot det dystre og stadig tilbakevendande utsegnet, «I am lost», fanst ei meiningsfull motvekt i vare, leikne og underfundige formuleringar. I desse var det som om nok ei mogleg uttrykksverd opna seg, oppbygd av heilt små, skjøre instrumentale innsmett mot Wallumrød si innåtvende men inderlege stemme.
Ikkje minst lika eg bruken av theorbe, som òg var sentral tidleg i konserten. Assosiasjonane mot eldre tider og det trubaduriske den har ved seg, fungerte som ei påminning om korleis songarar har formidla sine forteljingar om vandring og einsemd gjennom alle tider – om enn i ulike former.


