Dagsavisen.no / Kultur / Musikk /
Dansar med duer! Skriv en kommentar
Nytt sterkt album frå In The Country med f.v. Roger Arntzen, Pål Hausken og Morten Qvenild. Foto: Guri Dahl
Namnet er In The Country, men dei spelar ikkje som andre countryband. Har du
ikkje høyrt ein duedans, så har du no sjansen på ein i det heile tatt sterk
norsk jazzlaurdag.
«Doves Dance» er det tredje sporet på det tredje albumet til det prisvinnande bandet som i 2005 debuterte med «This Was The Pace Of My Heartbeat». Om det ikkje akkurat er ein countrylåt, har han det enkle, vakre og djupt melodiske i seg som den mangslungne pianist og bandleiar Morten Qvenild så ofte dyrkar, når han ikkje gir seg heavy metal-musikken i vald i bandet Shining. Det andre albumet var «Losing Stones. Collecting Bones», no kjem «Whiteout» med musikken han skreiv til den obligatoriske takkekonserten etter å ha vunne heimbyen Kongsbergs prestisjetunge jazzpris, anno 2007. Om det første albumet skreiv eg at det kunne ha gått inn eit bergmansk epos, og romantikaren Qvenild dyrkar den lyriske åra like sterkt når bandet opnar med «From The Shore». Qvenild dyrkar også sterke klangar, og styrken i dei aukar monaleg på «Kungen», før bassist Roger Arntzen slår an den enkle bassgangen som gjer at du voggar med duene på den fascinerande «Doves Dance». Trommene til Andreas Hausken kjem sterkare på «Ursa Major», og det er noko mektig og inderleg heile vegen når dette bandet spelar. Ambisiøst, episk og i stor skala heiter det også i marknadsføringa av bandet, der Andreas Mjøs er ekstramannskap på gitar, vibrafon og med andre effektar. Superlativa har site laust i publikasjonar frå New York Times via The Independant til Down Beat, i møtet med eitt av dei mest særeigne banda vi har i den norske jazzheimen, som Jaga Jazzist, som Qvenild også var med i, i tillegg til at han spelar Suzanna Wallumrøds Magical Orchestra og Slow Motion-orkesteret til Solveig Slettahjell. Med «Dead Water», «W.A.R.M» og «Mother» avsluttar gutane på landet med dei tre lengste låtane. Ta den tida du treng til å lytte. Har du duer, så lat dei få danse med.
Forventa
«Forvent vakker musikk, ofte meditativ, men med stygge elementer», er beskjeden frå bandet Xtet Project, eit band leidd av saksofonist og komponist Lars Holmen Kurverud, som med «Phase First» på nye Bushbaby Records verkeleg leverer eit debutalbum av klasse.
På plata er det Andreas S. Løwe, piano, Håvard Skaset, gitar/banjo, Glenn pH. Nilsen, bass, og Gunnar Sæter som saman med Kurverud kastar seg ut i materiale dei har stor fridom til å utvikle undervegs, sjølv om det er Kurveruds signatur. Bandet som med varierande besetning like godt kallar seg Xtet, er musikarar med allsidig bakgrunn musikalsk og sjangermessig, og på denne innspelinga tar oss med ut eit musikalsk landskap der det skifter frå lyriske perler til møte av det meir buldrande slaget, med vakre båsearrangement, glitrande strengleik som når ein banjo slår seg laus med tungt rytmisk komp på «Banjari», og mykje meir. Då er det endå ein mektig «Svitte» frå part II til IV å gå på, på eit album som verkeleg tar av. Sjanger? Det står deg fritt og kalle det kva du vil, artig er det i alle fall.
Lorena
Spennande norsk jazz står i kø denne laurdagen, her forsterka av ein svenske når også kvartetten IPA melder seg på seg, med eit akustisk album det svingar infernalsk av. Tittelen er «Lorena» og det er trioen som i fjor haust gav ut «Play Complete Union» som har fått med seg den svenske trompetisten Magnus Broo, ein musikar som sidan starten på Atomic ofte har kryssa grensa for å spele med andre norske musikarar. «Play Complete Communion» er ein suite av Don Cherry som Atle Nymo (saksofon), Ingebrigt Håker Flaten (bass) og Håkon Mjåset Johansen (trommer) i fjor spela inn på eit forrykande album av same namn. Til «Lorena» har dei fire skrive all musikk sjølv, og det pianolause kvartettformatet, som vart eit omgrep på femti- og sekstitalet då Don Cherry og Ornette Coleman også huserte på jazzscenene, viser atter sin styrke.
In The Country
«Whiteout»
Rune Grammofon (Musikkoperatørene)
Xtet Project
«Phase First»
Bushbaby Records (Musikklosen)
IPA
«Lorena»
Bolage (Musikkoperatørene)



