Den mangslungne saksofonisten og jazzmusikaren Kåre Kolve platedebuterer endeleg sjølv, med eit strålande album. Foto: Lasse Berre

Det opnar med ein så iøyrefallande, vakker og innsmigrande låt at eg blir nesten mistenksam. Men det er ein veteran som debuterer, med eit album som er den store og gledelege overraskinga denne jazzvåren.

Snart 45 år har han blitt, han spelar saksofon og heiter Kåre Kolve, og han har ei musikalsk merittliste lengre enn dei fleste. Frå dei tidlege åra hugsar eg han frå First Set, eit band som den gongen var å rekne med på den yngre jazzscena. Han har spela med Lava, Randy Crawford og Sissel Kyrkjebø, har stått på scene i tallause TV-sendingar med musikalsk innslag, han er ein dugande arrangør, har site i alle slags orkestergraver, og han var med å starte Mambo Companeros, eit garantert festband på alle slags festivalar. Men jazzfoten har alltid vore intakt, og om øving gjer meister, må det gjelde vossingen som godt vaksen finn det for godt å platedebutere i eige namn, med eit tvers gjennom strålande resultat. Songane har han skrive sjølv, etter den mjuke velkomstlåten «Elke’s Song» slår bandet an ein ny tone på «Long Distance», fasettane skifter, og det er berre å gje seg musikken i vald, med eit album og eit ensemble i perfekt samklang heile vegen. Det er eit lag musikarar frå den framstormande jazzungdommen som er med på å gjere «My Directions» til ei lydaroppleving av dei sjeldne.

LUKKETREFF

Vi snakkar om pianist Espen Berg, trommeslagaren Magnus Forsberg, som så lik andre svenskar har studert jazz i Trondheim, og bassisten Jo Fougner Skaansar – alle med ein allsidig bakgrunn og ei sjølvkjensle som er typisk for denne generasjonen. Og sjefen sjølv, som glitrar på tenor og sopransaksfon. Han veit kva han gjer, «veteranen» som etter den smeikjande innleiinga serverer eit knippe låtar med stor spennvidd, i fine arrangement for eit band med like dugande solistar.

Fanden spare tenkjer eg, og ber om at dette ikkje berre blir eit eingongsband som ein hende gong blir å høyre der ute. Dette er Kolves musikalske lukketreff. Han er vossing, og om det finst ein eigen Voss «sound», opplever eg ein slektskap i saksofonspelet med sambygdingen Tore Brunborg. Pianospelet til Espen Berg er utsøkt, som trommespelet til Forsberg og basspelet til Skaansar. Det ligg musikalsk meisterskap i å setje saman eit ensemble som dette.

ANDY’S JAZZ

Den engelske saksofonisten Andy Sheppard (52) har vore ein favoritt sidan eg møtte han på norske jazzfestivalar på åtti eller tidleg nittital, og høyrde på plater som «Soft On The Inside» (1990), tileigna Gil Evans, Carla Bley og George Russell. Det er pionerar han sjølv har spela med, i tilfelle Carla Bley gjer han det framleis, etter det strålande CD-møtet med Bley og Steve Swallow på «Songs With Legs» i 1995. Det skulle bli fleire ECM-utgåver med Bley, men «Movements in Colour» er hans eigen ECM-debut, med norske Eivind Aarset og Arild Andersen i bandet. Slik har vi også møtt han, i ulike europeiske konstellasjonar, ein musikar, storbandleiar og arrangør som med sitt kraftfulle, ekspressive saksofonspel alltid markerer seg. Her er også gitaristen John Parricelli og Kuljit Bhamra på tabla og perkusjon, to musikarar han har samarbeida med einskildvis, og som også er med i den faste kvartetten hans. Musikken står til namnet, «Movements in Colours», fargerik, fabulerande, innimellom melankolsk.

MED GARBAREK

Ein norsk musikar gjer seg også sterkt gjeldande på neste album, perkusjonisten Trilok Gurtus «Massical», der hans gamle medspelar Jan Garbarek er mektig saksofonsolist på sporet «Bridges». Garbarek og Gurtu møttest i mange samanhengar, på eigne plater og i samspel med ein annan indiske musikar, Shankar. Gurtu frå Bombay flytta til Tyskland på slutten av syttitalet, og hans europeiske bassist Kay Eckhardt er også med, i eit mangslunge galleri musikarar på eit album som opnar med «Seven Notes to Heaven». Vi har sju tonar til rådvelde, valet er vårt, og vi kan nå Gud med det, står det i ein kommentar til låttittelen mange vil assosiere med «Seven Steps to Heaven», signert Miles Davis og Victor Feldman. Til himmels.

Trilok Gurtu
«Massical»
BHM (Musikklosen)

Kåre Kolve Quartet
«My Direction»
Curling Legs (Musikkoperatørene)

Andy Sheppard
«Movements In Colour»
ECM (Musikkoperatørene)

Skriv en kommentar

Dagsavisen.no/meninger er et redigert debattforum

Du må gjerne være anonym, men hvis du undertegner med fullt navn øker sjansene for å bli hørt.

Hvis du ønsker å skrive et lengre innlegg eller kronikk til papiravisen kan du sende epost til debatt@dagsavisen.no.


(Vil ikke bli publisert)




Spam-filter: For å hindre søppelpost fra roboter, må du oppgi koden i bildet. Vær oppmerksom på at det kun skal benyttes STORE bokstaver. Er det vanskelig å se hva som står i bildet så kan du klikke på bildet for å generere et nytt.



Årets europeer

– Den første av nei-toppene fra 1994 som har begynt å snakke positivt om EU. Diskuter: Ja til EU? Kommentarer 2

– Stolt over å være norsk

En jublende glad Marit Bjørgen etter triumfen i neste års VM-løyper i Holmenkollen. – Det er ikke hverdagskost at vi er tre norske på pallen. Jeg er stolt over å være norsk, sa Marit Bjørgen (29) etter sin verdenscupseier nummer 35. Kommentarer

Klasseforskjell på SFO-tilbud

Foreldrene betaler like mye for SFO over alt i Oslo. Men barna på Ullevål skole får likevel et langt bredere tilbud enn barna på Grünerløkka skole. Kommentarer 2

– De boikotter kritiske journalister

Israel stupte i 2009 på Reportere Uten Grensers indeks over pressefrihet. Nå anklager den norske Midtøsten-journalisten Yngvil Mortensen Israel for å boikotte kritiske journalister. Kommentarer 25

Bjørgen fikk Holmenkollmedaljen

Marit Bjørgen fikk Holmenkollmedaljen av kong Harald etter seiern på 30-kilometeren i Kollen lørdag. OL-dronningen Marit Bjørgen ble lørdag tidelt Holmenkollmedaljen etter seieren på tremila i Kollen. Kommentarer

Hamréns siste Rosenborg-drøm

Mange tror Jan Jönsson (t.v.) overtar for Erik Hamrén i Rosenborg. – Min drøm er å forlate Rosenborg med at vi er i Champions League, eller Europaligaen, og med at vi har stø kurs mot et nytt seriegull, sier Erik Hamrén. Vi tror RBK tar gull. Gjør du? Kommentarer

Hæren må kutte kraftig

Hæren må belage seg på et budsjettkutt på over en milliard kroner neste år. Kommentarer 6

Kritisk til fotballstarten

Vålerenga må i aksjon på nylagt Ullevaal-gressteppe, mens Stabæks hall står ubrukt i seriestarten. Det irriterer Martin Andresen. Kommentarer

– Må spre tiltakene

Lederen i SVs bystyregruppe i Oslo krever i et nytt forslag at bystyret må legge flere sosiale tiltak som rusmottak og kommunale boliger til vestkanten. Kommentarer 1

– Fører en antisosial boligpolitikk

Helga Pedersen og Håkon Haugli (Ap) mener Oslo kommunes boligpolitikk gjør fattigdomsproblemene i byen verre og frykter en gettotilværelse i Oslo øst. Kommentarer 19

Nesten 7 prosent utenlandske statsborgere

Polske statsborgere er den største gruppen, foran svensker og tyskere. Kommentarer 20

Vil ha kjønnsnøytrale titler

Rådmann, lensmann, helsesøster og jordmor er yrkestitler som fremdeles brukes i Norge. Likestillingsombudet oppfordrer til kjønnsnøytrale titler. Kommentarer 23

Bourne again!

Som forrykende actionthriller er dette helt ypperlig underholdning, men som en utforskning av hva som gikk galt i Irak har filmen fint lite nytt å bidra med. Kommentarer

Vålerenga 21,5 mill i minus

Vålerenga Fotball har tapt 58,7 millioner siden 2006 og må hente inn penger fra Tor Olav Trøim og de andre eierne. Kommentarer

Kan opera være ubehagelig?

Operaen Julius Cæsar i Stefan Herheims regi markerte avslutningen av et kapittel i norsk operahistorie på Youngstorget. Nå er Herheim og hans team tilbake med Wagners Tannhäuser i Bjørvika. Kommentarer 3

Tenk negativt!

Ona fyr sett fra kullkjelleren. Kommentarer 1

Mørkemannen

Førsteboka utspilte seg i en grå dødsleir, andreboka skildrer menneskenes dyriske kamp for å overleve på en søppelfylling etter en stor, ukjent katastrofe. Jan Roar Leikvolls brutale historier skiller seg klart ut i det norske litterære landskapet. Kommentarer

Hvem er forfatteren?

Når man lytter til sin mors historie, for så å skrive hennes selvbiografi, hvem er det da egentlig som skriver? Kommentarer


Manu Katchés tredje runde

Tredje skøyterunde er den vanskelegaste på 1500-meteren. Med nytt band står Manu Katché løpet ut med «Third Round». Kommentarer


Vårens sterke debutantar

Gruppa Amherst dyrkar Emily Dickinson, Flux eurojazz av klasse, og pianist Espen Eriksen toppar med vakkert trioalbum. Kommentarer 1


Dei nordiske jazzkometane

I fjor vann dei tevlinga Young Nordic Jazz Comets, i år sette dei publikumsrekord på by:Larm, og no er dei på vegen med ny plate. Kommentarer


Orkesteret der alt er lov

Erik Nylander er grossist i trommejobbar. I kveld debuterer han med sitt eige orkester, og tittelen seier at alt er lov. Kommentarer


Jens Wendelboes New York-energi

Med sine tallause musikkjarn i elden er Jens Wendelboe også ein av dei meste drevne i storbandfaget. Kommentarer