Dagsavisen.no / Kultur / Musikk /
Musikken som berre er Skriv en kommentar
Multisaksofonist og klarinettist Torben Snekkestad med fantastisk spennande CD-debut. Foto: Bertil Hansson
Når den norsk-danske saksofonisten og klarinettisten Torben Snekkestad endeleg
kjem med sitt eige jazzalbum, er resultatet ei utgjeving av verkeleg
sjeldant format.
Roald Helgheim journalist
Sissel Vera Pettersen og Nikolaj Hess
«A WORD»
Calibrated (VME)
Torben Snekkestad
«Conic Folded»
ILK Records (VME)
Lord Kelvin
«Dances In The Smoke»
Jazzland
«Conic Folded» er noko av det mest spennande i sjangeren eg ville ha kalla «ny musikk» om merkelappen ikkje var brukt opp. Saman med pianisten Jon Balke og den danske bassisten Jonas Westergaard framfører Snekkestad 11 komposisjonar som skal utgjere eit firedelt suiteforløp. Det treng du ikkje henge deg opp i, syt heller for at sansane er vidopne når trioen spelar musikk Snekkestad sjølv kallar ei helsing til Jimmy Giuffre og trioen han hadde med Paul Bley og Steve Swallow. Det er akustisk musikk i eit ope landskap, der Snekkestad spelar på heile på sitt register i samklang med Balke og Westergaard, eit glimrande val av medspelarar.
Begge delar
I all sin mangslungne tonalitet er stykka så vakre, på «Seated Man» tek han speleteknikken sin til uante høgder, og eg nikkar ja takk begge delar når bandet går over i det lyriske stykket «Noodles or Icecream, Sir?», deretter til «Zobob» som er det næraste vi kjem rein jazz, men ikkje slik du trur. Frå basen sin i København har Snekkestad med jamne mellomrom spele i norske band som Tri’O Trang og andre. Brått høyrer eg han i ein slags «humlens flukt» på plata, og du ventar heile tida spent på kva som er rundt neste sving. I verda av jazz og impro lyder «Conic Folded» annleis. Omsett til «kjegleforma» eller «bretta som ei kjegle» er det også namnet på eitt av stykka på plata. Tonar som faldar seg inn i kvarandre? Klarinettstarten på «Icon» er ein vakker inngang til eit stykke der musikken sildrar. Etter den sagande pianostrenglyden i «Undercurrents» er det slutt med «Løvetann», Snekkestad åleine heilt ned med saksofonen. Å vere eller ei er spørsmålet, sa Hamlet. Denne musikken er.
Ord, mest tonar
Til Danmark drog også multikunstnaren Sissel Vera Pettersen, til København der ho sidan 2003 har samarbeida med pianisten Nokolaj Hess i ein duo, med «A Word» som andre album. Ord i streng forstand er det berre på tre av låtane, signert Pettersen sjølv, Carl Martin Faurby og Rainer Maria Rilke. Stemma er i høg grad til stades heile vegen gjennom dette mangefasetterte albumet, der ho rett som det er følgjer pianotonen til Hess i lange instrumentale løp, han er ein pianist som minner om Misha Alperin. Multikunstnaren Pettersen er også saksofonist og kunstmålar, men her er det Sissel Veras mange variantar av stemmebruk som rår, frå kviskring til dramatisk «opera»-fistel, vakre songar med eller utan ord, med «Lullabyeblue» som ei perle. Alt i samverknad med pianoet og andre store og små lydeffektar som gjer albumet til ei lydaroppleving. Har du headsettet på, blir nærværet av røysta til Pettersen på alle kantar rundt deg endå sterkare. Vi har tidlegare møtt henne i samarbeid med David Thor Jonsson på «Disappearhear», ho har medverka i «Trondheim Voices» og tallause vokale og instrumentale konstellasjonar elles, og målarkunsten hennar kan dukke opp før du anar det. Men no, i ord og glitrande tonar med Nikolaj Hess.
Kelvin-skalaen
Gjer klar for Lord Kelvin, ein aggressiv og pågåande trio som også CD-debuterer med «Dances In The Smoke». Godt vaksne er dei også med trommeslagar Gard Nilssen som yngstemann fødd i 1983, trombonist Erik Johannessen og saksofonist Eirik Hegdal frå tiåret før, og vi snakkar om ein trio med to blåsarar og ein trommis. Av og til lyder det som det Arne Nordheim kalla «bare marsjer» når han uttalte seg om rock, men desse tre kan fleire takter, dessutan er det direkte vakkert når dei spelar «Heavier-Than-Air Flying Machines Are Impossible», signert Johannessen. Dessutan likar eg den Mao-liknande tittelen «To Measure Is To Know», og sylkorte «Deep-Sea Sounding Apparatus» lyder som akkurat det. «Four Hundred And Seventy-Six Thousand Million Million Million Horse-Power» er som ein titusenmeter full av Bøkko-rykk. Om du stadig lurer, gir sluttspurten «The Kelvin Scale» deg svaret på under halvminuttet. Korleis musikken er laga, ser du på ei skisse av laboratoriet på coveret. Ein eksplosiv CD-debut.





