Dagsavisen.no / Kultur / Musikk /
Som støypt i vakker klang Skriv en kommentar
I nærare ti år har idéen om «Reise gjennom tre daler» krinsa i Lasse Thoresens medvit. Resultatet er eit skimrande vakkert symfonisk forløp.
KONSERT
«Reise gjennom tre daler»
Verk av Lasse Thoresen og Joseph Haydn
Med: Truls Mørk, Oslo-filharmonien, Jukka-Pekka Saraste
Oslo Konserthus
Med eit stort instrumentarium som utgangspunkt – ofte i sparsam bruk – fann ei heil rekkje tiltalande dialogar stad mellom cellist og enkeltinstrument då Thoresen sitt nye verk vart urframført torsdag. Oslo-filharmonien og maestro Jukka-Pekka Saraste står som endelege tingarar etter at prosjektet dels har vore på vandring, dels har ligge på vent etter at solisten Truls Mørk initierte det i 1999.
I 2008 har Thoresen snudd orkesteroppsettet på hovudet. Han har flytta strykarar bak, henta blåsarar fram. I seg ein visuelt forfriskande variasjon, som òg – saman med instrumenteringa – hadde den praktiske konsekvens at cellisten alltid fekk stå framst i lydbiletet.
Med ein slik prioritering var premissane lagt for eit fargerikt verk. Komponisten kunne ta utgangspunkt i celloen sine ulike registre, som han forsterka og besvarte elegant gjennom dei øvrige utøvande. I møte med stadig nye instrument vart ulike karakterar henta fram; det tenorale og vaksne i eine augneblikket, det unge, skinande i neste. Slik framsto verket som ein studie i sjatteringar; som støypt i klang.
Som tittelen så konkret seier, skildrar verket ei ferd gjennom tre dalar. Metaforiske slike, hevdar komponisten, som meiner landskapa er sinnstilstandar. Denne tanken kunne lett sporast frå den innleiiande «Ricercare» (å søkja), med famlande triller, glissandi og nølande melodisk material – ei nærast systematisk uro rastlaust gjennom satsen. I «Serenata» (her kjærleikssong) fanst større hugnad, avbroten av den trugande oppbyggjing mot «Fuga» (flukt). Der fekk den elles slanke orkestersats breia seg ut i fulle monn og i finalen fann det stad ei tilsvarande utblåsning i stort orkester. Den etterfulgte cellistens kadens som hadde avslutta i vart og utstrakt overtoneskimmer. På eit vis med blikk til innleiinga, men no med høve for ein annan fred.
Samstundes baud tittelen til assosiasjonar mot dei ytre landskap. Komponisten har arbeidd mykje med tradisjonsmusikk i austlege land så vel som heimlege – og om det var lite av det konkret folkelege i dette verket, var assosiasjonen kort til naturlege bilete av fjellvidder og ope hav. Det skimra og blenkte i verket, som solstråler på krusande bølgjer, eller nådelaus vind over open vidde. Og heilt til slutt eit bad av lys, som var det heile ei hildring.
Korleis ein enn tolkar dei mange opne høve, vart verket godt lagt fram. Oslo-filharmonien synte seg frå si beste side, og tilsvarande Truls Mørk, som nok ein gong tilkjennegav sin beundringsverdige og mangefasetterte klang.
Ei mindre gruppering var ikkje like heldige i Haydn sin staselege Paukevirvelsymfoni (nr 103). Etter pause gjekk noko av konsentrasjonen tapt, og der tok tid å etablera både felles intonasjon og puls. Elegansen vart noko haltande i det elles grasiøse verket, og frå konserten vil nok hugsast best den første halvdelen.




