Pianist McCoy Tyner spela aldri inn plater med gitaristar. På «Guitars» spelar han med fire av dei store, pluss banjoist Bela Fleck på «My Favourite Things».

Coltrane-kjennarar i alle land vil vite at denne musikallåten frå «Sound of Music» var eit av Coltranes glansnummer på sopransaksofonen, så då Bela Fleck kom med ønsket sitt, var det nokre augnebryn som heva seg. Men OK, sa McCoy, han hadde spela han før! Stemninga i studio kan du lese om i den framifrå innsideteksten til John Snyder, om det sjeldne møtet der Tyner spelar først med Marc Ribot, så John Scofield, Bela Fleck, Derek Trucks og Bill Frisell. Rytmeseksjonen er i dei beste hender med bassist Ron Carter og trommeslagaren Jack DeJohnette, faktoren som får det til å svinge sterkt under denne studiosesjonen i september 2006. Og mens vi er inne på melodi-ønskje, bad Dereck Truck om «Greensleeves», ein klassikar også i tre fjerdedels takt som Coltrane var med på gjere udøyeleg, og som Trucks med bein i både jazz og rock avleverer propert.

Etter Coltrane

Før året er omme blir McCoy Tyner sytti år, og vil for all tid bli forbunden med John Coltrane, pianist og yngstemann som han var i den klassiske sekstitalskvartetten, som han er einaste gjenlevande av.

– Eg møtte Coltrane då eg var 17 og han vart ein storebror for meg, sa Tyner til Dagsavisen då han spela på Molde-festivalen i 2006. I over førti år har han gjort sin eigen karriere, og om han ikkje lenger er like glitrande på tangentane, gnistrar det til tider på denne plata som opnar sterkt med Marc Ribot, gitaristen som fekk det glatte lag av bassist Carter då han ville leggje på ein ekstra gitartone. «Slikt gjer vi ikkje», sa Carter, men Ribot fekk spele ein improvisert duosession med McCoy i staden.

John Scofield trivst som plomma i egget på Coltranes «Mr PC» og Tyners «Blues On The Corner» i samspel med kjende, og etter Bela Fleck og Dereck Truck kjem tre spor med Bill Frisell. Det er det fascinerande møtet på dette albumet, ein gitarist som musikalsk er i ei ganske anna løype enn Scofield spelar McCoys eigen «Contemplations» og to nummer til. Med ein pianist som er alt anna enn musikalsk einspora, og som gjer sitt beste album dette tiåret.

Som bonus får du ein interaktiv DVD frå studiopptaka, der du kan følgje med frå fleire vinklar. Lukke til!

Oddjob på jobb

Oddjob er eit svensk jazzband med namn etter den japanske kraftkaren som er livvakta til Goldfinger i Bond-filmen og knekkjer nakken på folk med bremmen, når han kastar hatten etter dei. Då er det også naturleg å kalle siste album «Sumo», det fjerde til det som i starten mest var eit akustisk kraftjazzband med Per «Ruskträsk» Johansson på saksofon. Eg har dei to første også, og møtte bandet på spelejobb på Blå. Men som dei sjølve skriv, har dei tatt steget inn i den meir elektrisk lydverda, noko som pregar både trompettonen til Goran Kajfes og andre. Tangentmann er Daniel Karlsson, bassist Peter Forss, trommeslagar Janne Robertson, med synth-mannen Stoffe Wallum som gjest. Ein ikkje ueffen CD, men sjå opp for hattebremmen.

«Berre jazz»

«Just jazz» – kall det ganske enkelt jazz, eller kall det «berre jazz». I den engelske tittelen på albumet til Aldo Romano ligg det ein lengt, ikkje etter å vere eksklusiv, men kan vi ikkje berre spele jazz? Tanken er ikkje min, men eg nikkar attkjennande til covertekst-skrivar på «Just Jazz», med den italienske «trommeslagaren i fri jazz» som det står i Wikipedia, vinnaren av den danske Par-prisen og mannen som fekk pianisten Michel Petrucciani fram i lyset. Merittlista til den no 67 år gamle Aldo Romano er lang både i Europa og USA, for trommeslagaren som på dette albumet spelar med den franske nestor Henri Texier på bass, Geraldine Laurent på saksofon og Mauri Negri på klarinett. For eit band! Her kjenner du deg heime frå starten med folk som med «Just Jazz» alt anna enn snevrar inn musikken, men lar jazzen utfalde seg i all den fridommen han er og har.

McCoy Tyner
«Guitars»
McCoy Tyner Music (Amigo)

Oddjob
«Sumo»
Act (Musikklosen)

Aldo Romano
«Just Jazz»
Dreyfus (Musikklosen)


– Barnearbeid bak
all norsk sjokolade

Norske sjokoladeprodusenter innrømmer at barnearbeid er en forutsetning for all norsk sjokoladeproduksjon. Diskuter: Norske Sjokoladefabrikkers Forening mener norske sjokoladeprodusenter gir viktige bidrag til arbeidet mot de verste typene barnearbeid i Vest-Afrika. Kommentarer 6

Kan redde USAs fagforeninger

Elpidio Sanchez (46) og millioner av andre immigranter fra Latin-Amerika kan være redningen for svake amerikanske fagforeninger. – Vi redder dem, og de redder oss, sier Sanchez. Kommentarer

Norge spiller bronsekamp

Skuffede norske spillere etter at  finaledrømmen i paralympics røk. Norge var uten sjanser mot USA i semifinalen i kjelkehockey i paralympics og møter Canada i kamp om bronsen. Kommentarer

Northug hjelper Sverige

Petter Northug skal hjelpe svenskene med å få ski-VM til Falun. Kommentarer

Fulham snudde og vant

Fulham snudde 1-3 til avansement i Europaligaen og marerittsesongen vil ingen ende ta for Juventus. Kommentarer

Baardsen og Drillo inngikk forlik

Fotballagent Einar Baardsen dropper det varslede søksmålet mot Egil «Drillo» Olsen. Kommentarer

Flere kommuner blir gjeldsslaver

Kommunene får stadig mer gjeld. Flere kan bli svartelistet fordi de ikke har kontroll over økonomien. Kommentarer 7

Tjener på kullkraftverk

Norge er gjennom oljefondet tungt inne i selskaper som bygger eller skal levere deler til et omstridt kullkraftverk i Sør-Afrika. Kommentarer

Rødgrønt i Rådhuset

Mandag samles rødgrønne Oslo-politikere i Rådhuset for å la Gerd-Liv Valla lære dem hvordan de skal ta makta i byen i 2011. Kommentarer 4

Delt i synet på gatekunst

Tagging og graffiti har absolutt nulltoleranse i Oslo, mens Street Art er OK. Bare den er avtalt med gårdeier. – Ingen skal spraye ned andres eiendommer, sier Jøran Kallmyr (Frp), byråd for miljø og samferdsel. Kommentarer 1

Krever handlingsplan
mot antisemittisme

KrF ber myndighetene ta trakassering og trusler mot norske jøder i skolen på alvor. Les og diskuter: Frp beskylder SV for å bidra til mobbing av jødiske barn. Kommentarer 28

Kjemper fortsatt for verdenscupen

Emil Hegle Svendsen kjemper fortsatt for verdenscupseieren i skiskyting, tross torsdagens 15. plass i Kollen. Kommentarer

Størst siden Obama

At Tiger Woods gjør comeback i april, har sendt «Tigergate» inn i en ny fase. Nå skal karrieren starte på nytt. Kommentarer 2

Eventyrlig dans på veiene

Frister det med et visuelt og smellvakkert dypdykk inn i eventyrets verden? Da bør du vurdere Riksteatrets «Eventyrdans», som har premiere denne uken. Kommentarer

Solheim i kullkraftskvis

Bygging av verdens fjerde største kullkraftverk skaper hodebry for miljø- og utviklingsminister Erik Solheim. Om kort tid må han avgjøre om Norge støtter kraftverket som vil slippe ut nesten halvparten så mye CO2 som Norges samlede utslipp. Kommentarer 17

Slår et slag for hull i muren

Det er mange aktører i Bjørvika. Og sikten er dårlig. Det er riksantikvar Jørn Holme og venstrepolitiker Odd Einar Dørum enige om. Begge vil ha bedre sikt. Til Akershus festning fra Middelalderparken. Kommentarer 2

– Burde ikke få operere

Ingen vet nøyaktig hvor mange kosmetiske operasjoner som utføres ved private klinikker i Norge. Assisterende direktør i Folkehelseinstituttet, Camilla Stoltenberg, mener de private klinikkene ikke burde få operere uten kontroll. Kommentarer 2

Amnesti for krigsforbrytelser

Afghanistan har i all stillhet vedtatt et generelt amnesti for krigsforbrytelser og brudd på menneskerettighetene. Diskuter: – USA må bestemme seg for om de vil stå på ofrenes eller overgripernes side, og de må gå offentlig ut og si hvor de står. Kommentarer 3


Unge Andersens jazz

Sjølv var Arild Andersen ein merittert musikar på 29, men Jon Balke og Pål Thowsen var berre 19. Dei spela på eit av tre sterke syttitalsalbum, som endeleg kjem på CD. Kommentarer


Manu Katchés tredje runde

Tredje skøyterunde er den vanskelegaste på 1500-meteren. Med nytt band står Manu Katché løpet ut med «Third Round». Kommentarer


Vårens sterke debutantar

Gruppa Amherst dyrkar Emily Dickinson, Flux eurojazz av klasse, og pianist Espen Eriksen toppar med vakkert trioalbum. Kommentarer 1


Dei nordiske jazzkometane

I fjor vann dei tevlinga Young Nordic Jazz Comets, i år sette dei publikumsrekord på by:Larm, og no er dei på vegen med ny plate. Kommentarer


Orkesteret der alt er lov

Erik Nylander er grossist i trommejobbar. I kveld debuterer han med sitt eige orkester, og tittelen seier at alt er lov. Kommentarer